Bibliotektenester for studentar ved Politihøgskolen

Nord universitet er ditt lokale bibliotek når du er student ved Politihøgskolen i Bodø.
  • Her finn du ei eiga samling bøker for deg som studerer ved Politihøgskolen Bodø.
  • Du kan reservere grupperom.
  • Det er lurt å sjekke den lokale samlinga før du bestiller bøker frå Oslo.

Lån av fysisk materia​le

Du kan låne og bestille bøker og artiklar via Nord universitet.

Viktig! Før du kan låne eller bestille noko må du registrere deg som bruker, helst ved å kome til biblioteket. Dersom biblioteket er stengt, eller du av annan grunn ikkje kan møte opp fysisk på biblioteket, kan du kontakte oss på e-post for å registrere deg som brukar ved biblioteket.

E-post til universitetsbiblioteket i Bodø: ubbodo@nord.no
Husk å oppgi at du er student ved Politihøgskolen.

Bruk av digitalt materiale

Viktig! For å bruke den digitale samlinga ved Nord universitet må du vere påkopla trådløsnettet eduroam.

Då kan du lese og laste ned:

Tips: prøv å avgrense til fagområdet "politi" i databaseoversikta. Då ser du kva for databasar som er relevante for deg.

Digital rettleiing

Dersom du treng meir inngåande rettleiing med ein bibliotekar kan du nytte deg av rettleiingstenesta ved Politihøgskolen og Nord universitet.

Bestill ein bibliotekar (Politihøgskolen)

Bestill ein bibliotekar (Nord universitet)​

Tilgang til digitalt materiale frå Politihøgskolen

Du kan få tilgang til alt Politihøgskolen har av digitalt materiale når du er i Politihøgskolens bygg eller brukar Politihøgskolens VPN-løysing.​

Sjå kva databasar Politihøgskolen abonnerer på​.

Kan eg låne bøker frå Politihøgskolen i Oslo?

Dersom du ikkje finn boka du treng i Bodø, kan du bestille den frå Politihøgskolen i Oslo. Slik gjer du det:

  1. Logg deg inn på Nord universitets Oria med brukaren du har fått på Nord universitet
  2. Søk opp boka i "Norske fagbibliotek"
  3. Bestill boka. Du får beskjed frå UB Bodø​ når boka er klar for henting.

Du kan sjølvsagt be om hjelp til å bestille inn bøker i skranken på Nord universitet.

Biblioteksøkjetenesta Oria ved Nord universitet

Biblioteksøketjenesten Oria ved Politihøgskolen​​