Informasjon til andre bibliotek

Universitetsbiblioteket (UB) Nord yter fjernlånstenester til bibliotek i og utanfor Noreg.

Studentar ved Nord universitet skal reservere og bestille direkte frå UB Nord, via Oria. Dette gjeld òg studentar på nett- og samlingsbaserte studium.

Lånetida er fire veker. Lånetida kan forlengast inntil 120 dagar dersom boka ikkje er reservert. 

UB Nord kan prioritere eigne primærbrukarar (studentar og tilsette ved Nord universitet) dersom det er nødvendig.

UB Nord sender ikkje desse materialtypane på fjernlån:

  • DVD, CD, lydbøker
  • læremiddel

UB Nord sender ikkje materiale med kort lånetid på fjernlån. Slikt materiale er merka i Oria med:

  • Dagslån
  • Korttid
  • Ikkje til utlån

UB Nord sender ikkje bøker nyare enn tre månader på fjernlån.

UB Nord sine samlingar i Vesterålen, Mo i Rana og Stjørdal er ikkje tilgjengelege for fjernlån.

  • Ved bestilling sender UB Nord kopi av enkeltkapittel frå e-bøker vi har kjøpt eller har i abonnement om lisensen tillèt det.

    UB Nord har ein DDA-samling (Demand Driven Aquisistion). Titlar i denne samlinga er merka «Nord ebøker DDA» i Oria. UB Nord sender ikkje kopiar frå denne samlinga. 

  • Bestill fjernlån via eigne biblioteksystem eller direkte i Oria.

    Rettleiing dersom du brukar NCIP

    Rettleiing dersom du brukar eit anna biblioteksystem

  • UB Nord sine bibliotek i Trøndelag har avtale med Norsk bibliotektransport (NBT). NBT skal levere til andre bibliotek i Trøndelag innan tre arbeidsdagar. Til bibliotek utanfor Trøndelag skal levering skje innan fem arbeidsdagar. Dersom NBT ikkje overheld desse fristane, kan du sende melding om dette til ub@nord.no​,som vil leggje inn melding om avvik til NBT. 

    UB Nord sine bibliotek i Nordland bruker Posten for å levere fjernlån. 

  • Bodø: 118 0401
    Levanger: 117 1801
    Mo i Rana: 118 3301
    Namsos: 117 0301
    Nesna: 118 2801
    Steinkjer: 117 0201
    Stjørdal: 117 1400
    Vesterålen: 118 6601

  • Manglande innlevering, tap eller skade på materiale utløyser erstatningskrav. Erstatningskrav blir skrive ut 35 dagar etter forfall, utsending av krav skjer i samsvar med  universitetet sine økonomirutinar. Erstatningskrav er på minimum 750 kroner per dokument/materiale. I tillegg kjem administrasjonsgebyr på 250 kroner per faktura.​