Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag utdannar lærarar frå barnehage til vidaregåande skule, og innan idrett og estetiske fag. Forskinga vår er profesjonsretta og praksisnær, og vi tilbyr doktorgrad (ph.d.) i profesjonsvitskap.
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag (FLU) er det største av fakulteta ved Nord universitet, og har ein utdanningsprofil med lærarutdanningar og kunst- og kulturfag i sentrum.
Den faglege aktiviteten er organisert i seks faggrupper, kvar leia av ein faggruppeleiar. Faggruppene har ansvar for forsking og utdanning på sine område og studieprogram.
Studentane våre spelar ei sentral rolle i den kunnskapsbaserte utviklinga av samfunnet, både regionalt og nasjonalt. Vi skal bidra til å utvikla praksisfeltet vi utdannar for, og difor er forskingstilnærminga vår profesjonsretta og praksisnær. Fakultetet tilbyr Ph.d. i profesjonsvitskap.
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag har 3350 studentar og om lag 315 årsverk fordelt på fleire studiestader. Her kan du lese fakultetets strategiske plan for 2024-2030, "Utdanning, kunst og kultur for en verden i bevegelse".
Studietilbod
Gå til studietilbodet ved fakultetet.
Forsking
Sjå faggrupper og forskingsfelt.
Alumni
Bli med i nettverket for tidlegare studentar.