Kvifor bør du velje samfunnsvitskapleg master?
Vi trur du finn svaret blant seks mastertilbod ved Fakultet for samfunnsvitskap!

Å velje samfunnsvitskapleg master gir deg høvet til å spesialisere deg innanfor eit gitt felt. Utdanninga gir deg høvet til å få spennande jobbar, og til fleksibilitet og sjølvstende i arbeidslivet. I tillegg er samfunnsvitarar gode til å analysere og forstå utviklingstrekk, gode til å diskutere og flinke til analytisk skriving. Dette er eigenskapar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden og verdifulle i samfunnsdebattar.
Samfunnsvitarar bidreg til å løyse utfordringar som handlar om:
- Klimaendringar – Korleis påverkar dette menneske og samfunn?
- Korleis skal velferdsstaten overleve?
- Utnyttinga av menneskelege ressursar i arbeidslivet (organisasjon og leiing)
- Truslar mot norsk tryggleik
- Fremmedfiendtlighet og konflikt
- Endringar i maktbalansar mellom stormaktene og framveksten av ein ny verdsorden
- Korleis blir demokratiet påverka og demokratiske system av at politiske diskusjonar blir meir rå og kyniske?
- Aktuelle utanriks- og tryggingspolitiske problemstillingar i nord
- Sosiale forskjellar og forventningspress blant unge
- Integreringsutfordringer
- Selvstendig journalistikk vs. fake news og sosiale medium
Mastertilbud ved Fakultet for samfunnsvitenskap:
Master i HRM gir deg eit unikt utgangspunkt for å jobbe med strategisk organisasjonsutvikling, rekruttering og utvikling av medarbeidarar.
- Erfaringsbasert mastergrad som er samlingsbasert og tilpassa personar i full jobb
- 90 studiepoeng. Varigheit: 3 år
No kan du ta ei praktisk master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid, uansett kva bachelorgrad du har frå før. Her vil du lære om dei ulike yrkesrollene, etiske standardar og formidling gjennom tekst, bilete, lyd og video. I studiet vel du fordjuping anten i journalistikk eller kommunikasjonsarbeid.
- Erfaringsbasert mastergrad som er samlings- og nettbasert og tilpassa personar i full jobb
- Praksis: Studiet inneheld ein praksisperiode i 5. semester
- 120 studiepoeng. Varigheit: 3 år
Master i kunnskapsleiing utviklar reflekterte praktikarar med teoretisk forståing og praktiske ferdigheiter til å leie kunnskapsutvikling og endringsarbeid.
- Erfaringsbasert mastergrad som er samlingsbasert og tilpassa personar i full jobb
- 90 studiepoeng. Varigheit: 3 år
- Kostnader: Studieavgift på totalt kr 40 000 NOK pr. student. I tillegg til utgifter til litteratur, materiell, semesteravgift, kopinoravgift, reiser til samlingar i Levanger og eventuell overnatting, må det bereknast utgifter til ei samling i København og ei samling i Europa eller i Noreg.
Lektorutdanning i samfunnsfag er eit femåring masterstudium som gir fagspesifikk kompetanse innanfor samfunnsfag. Utdanninga gir undervisningskompetanse på trinn 8-13. Det blir lagt stor vekt på breie kunnskapar og fagleg fordjuping innanfor norsk og internasjonal historie. I tillegg kan du velje å fordjupe deg i engelsk og statsvitskap.
- Praksis: Dei fire førstudie studieårene vil studentane gjennomføre 100 dagar rettleidd praksis
- 300 studiepoeng. Varigheit: 5 år
Master i samfunnsanalyse gir deg den faglege ballasta og dei analytiske verktøya du og samfunnet treng for å møte morgondagens utfordringar.
Studietilbodet finst som heiltidsstudium og deltidsstudium:
- Heiltid: 120 studiepoeng. Varigheit: 2 år
- Deltid: 120 studiepoeng. Varigheit: 4 år. Studietilbodet er samlingsbasert og tilpassa personar i full jobb
Les meir om master i samfunnsanalyse
Les meir om master i samfunnsanalyse (deltid)I dette studiet vel du mellom fordjuping i barnevernsarbeid eller sosialt arbeid. Mastertilbodet er utvikla for deg som vil auke den analytiske kompetansen din og kunnskapen din innan barnevernsarbeid eller sosialt arbeid.
Studietilbodet finst som heiltidsstudium og deltidsstudium:
- Heiltid: 120 studiepoeng. Varigheit: 2 år. Studietilbodet er samlingsbasert.
- Praksis: I fordjuping barnevern er det fire veker praksis.
- Deltid: 120 studiepoeng. Varigheit: 4 år. Studietilbodet er samlingsbasert og tilpassa personar i full jobb.
- Praksis: Sjå emneskildringar
Les meir om master i sosialvitskap
Les meir om master i sosialvitskap (deltid)