Alumni
Alumni-ordninga ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap (FSH) er eit nettverk for studentar som har studert eller er i ferd med å avslutta utdanninga ved Nord universitet.
Ved å delta blir det lettare for medlemmene å halda oppe kontakten med studiestadene og ikkje minst med tidlegare studentar. Har du eit årsstudium, bachelorgrad, mastergrad eller ph.d. frå Nord universitet, Høgskolen i Nesna, Universitetet i Nordland eller Høgskolen i Nord-Trøndelag, så er du velkommen inn i nettverket.
Alumni på LinkedIn
Bli med i FSH-alumni sin gruppe på LinkedIn. Gruppa er for å dela kunnskap og erfaringar med kvarandre.
Sykepleier i Nord
Eit samarbeid mellom Nord universitet, kommunar, fylke, sjukehus, og fagorganisasjonar.
Senter for omsorgsforskning
Skal vera ein nasjonal, regional og lokal ressurs innan forskings- og utviklingsarbeid.