Eining for utdanningskvalitet

Eininga har ansvaret for sjølve kvalitetssystemet for utdanning og systematisk kvalitetsarbeid.

Dette inneber mellom anna: akkreditering av nye studietilbod både ved Nord og Nord sine internasjonale samarbeid om studietilbod, periodisk evaluering av eksisterande studietilbod og rapportering om utdanningskvalitet.

Andre viktige område er skikka-arbeid, arbeid med læringsmiljø, studentnære tiltak, studentdemokrati, universell utforming, tilrettelegging for studentar og studieporteføljearbeid.

Eininga er sekretariat for Læringsmiljøutvalet og Utdanningsutvalet, og i tillegg kjem saker til styret og rektor som gjeld utdanningskvalitet.
Intern informasjon, formidling, rådgjeving, kurs og den årlege Utdanningskonferansen er og viktige ansvarsområde for eininga.

Kontaktperson