Miljøvennleg drift

Nord universitet ønsker å vere ein føregangsinstitusjon og ein sterk bidragsytar for grøn omstilling.

Nord universitet-bokstaver med blomster i forgrunnen

Slik jobbar vi mot ei meir miljøvennleg drift

  • Sentraladministrasjonen til universitetet ble sertifisert som eit virtuelt hovudkontor i juli 2024, og arbeidet er i gang med å sertifisere studiestadene som underenheter.

    Kva er Miljøfyrtårn?

    Miljøfyrtårn er ei anerkjend norsk ordning for miljøleiing, retta mot både offentlege og private verksemder. Ordninga stiller krav til systematisk forbetringsarbeid innan mellom anna energi, avfall, transport, innkjøp og arbeidsmiljø.

    Gjennom ei Miljøfyrtårnsertifisering skal verksemda:

    • dokumentere si miljøpåverknad
    • setje i verk målretta tiltak for å redusere påverknaden
    • rapportere årleg på resultat og utvikling

    Miljøfyrtårn gir ein tydeleg struktur for kontinuerleg miljøforbetring, og støttar opp under universitetet si plikt til å følgje nasjonale krav til miljøleiing i statlege verksemder.

    Sertifikat: Miljøfyrtårn

    Les meir: Miljøledelse | Stiftelsen Miljøfyrtårn

  • Nord universitet utarbeider årleg eit klimaregnskap som viser dei samla utsleppa av klimagassar frå verksemda. Rekneskapen omfattar mellom anna energibruk, avfall, innkjøp og reiseverksemd, og gir eit viktig grunnlag for å forstå miljøpåverknaden vår.

    Les meir: Klimaregnskap

  • Klimapartnere Trøndelag

    Nord universitet er medlem av Klimapartnere Trøndelag, eit regionalt nettverk som samlar verksemder som ønskjer å redusere klimagassutslepp og styrkje grønn omstilling. Nettverket blir drive av Trøndelag fylkeskommune og tilbyr verktøy som klimarekneskap, rådgiving og faglege møteplassar.

    Kraft Nord

    Nord universitet er partner i Kraft Nord, eit senter for berekraftig samfunnsutvikling og ei regional møteplass for samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv, akademia og frivillig sektor. Kraft fungerer som eit nøytralt knutepunkt og bidreg til kunnskapsdeling, innovasjon og utvikling av berekraftige løysingar i nordområda. Som partner får universitetet tilgang til eit breitt tverrsektorielt nettverk, faglege samlingar og verktøy som støttar arbeidet vårt med forsking, kompetanseutvikling og samfunnsoppdraget innan berekraft.

    UHmiljørådgivarforum

    Nord universitet har teke initiativ til å etablere eit nasjonalt nettverksforum i universitets og høgskulesektoren for tilsette som arbeider med miljøvenleg drift. Forumet har i dag om lag 50 medlemmer frå ulike universitet og høgskular, med deltakarar frå fagmiljø som eigedom, innkjøp og verksemdsstyring.

    UHmiljørådgivarforum gjennomfører jamlege digitale «morgonkaffi»-møte der medlemmene deler erfaringar og drøftar aktuelle problemstillingar innan miljø og berekraftig drift.

    Ønskjer du meir informasjon om UHmiljørådgivarforum?
    Send ein e-post til mathilde.m.strand@nord.no.

  • Nord universitet legg til rette for kildesortering ved alle studiestader. Avfallet blir sortert i hovudkategoriane matavfall, plastemballasje, papp/papir/kartong og restavfall, slik mange kjenner frå eigen hushaldning.

    Miljøstasjon til sortering av matavfall, papiravfall, plastavfall og restavfall, tydelig merket med illustrasjoner og navn.

    Alle miljøstasjonane våre er merkte med nasjonale avfallssymbol og med tekst på både norsk og engelsk, slik at det skal vere enkelt for alle å sortere riktig. Stasjonane er òg utstyrte med QRkodar som leier direkte til sorteringsrettleiaren på sortere.no.

    En illustrasjon med teksten sortere.no over en qr-kode

    Dersom du er usikker på korleis eit produkt skal sorterast, kan du søkje direkte på sortere.no.

    For større mengder kontorpapir eller papp, finst det eigne dunkar i dei fleste kontorfløyene og ved printersoner.

    Har du spørsmål om avfallshandtering? Kontakt oss på: campusservice@nord.no

De ti bud for en mer bærekraftig campus:     Bruk det du har før du kjøper nytt Se om du kan gjenbruke utstyr eller låne av en kollega før du bestiller noe nytt. Reduser ditt digitale fotavtrykk Rydd i filer og e‑post, lagre smart og slå av kamera når det ikke trengs. Spar strøm Slå av lys, skjermer og utstyr. Lukk vinduer i oppvarmede rom. Velg grønn mobilitet Gå, sykle, ta buss eller ha digitale møter når det er like bra. Tenk sirkulært Kildesorter, velg gjenbrukbare alternativer og reparer det du kan

Føresetnader og rammar for miljøarbeidet

  • FNs berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydde fattigdom, nedkjempa forskjellar og stoppe klimaendringane innan 2030.

    FNs berekraftsmål består av 17 mål med 169 underliggande delmål. 

    FNs berekraftsmål på FN.no

    FNs berekraftsmål på regjeringen.no

  • Parisavtalen er ein internasjonal klimaavtale som skal sørgje for at landa i verda klarer å avgrense klimaendringane. 

    Les om Parisavtalen (fn.no)​

  • Statlege verksemder skal integrere miljøleiing i styringssystema sine, identifisere vesentlege miljøpåverkingar og rapportere årleg. Dette er beskrive i rettleiaren Miljøleiing i staten (T1426).

  • Klimalova fastset Noregs lovpålagde klimamål:
    – minst 55 % utsleppsreduksjon innan 2030
    – 70–75 % utsleppsreduksjon innan 2035
    – 90–95 % utsleppsreduksjon innan 2050

  • Universitets- og høgskulelova regulerer verksemda i statlege og private universitet og høgskular i Noreg.

    I lova står det under § 1-1, bokstav d), at universitet og høgskular i Noreg har som mål å bidra til ei miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig utvikling.

    Sjå universitets- og høgskulelova

  • I tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartmentet (KD) ligg det føre fleire føresetnader og krav som det er forventa at universitetet leverer på innanfor miljø og klima. Punkt 4.1.1. er spesielt relevant:

    4.1.1 Systematisk og helhetlig arbeid for å redusere klimagassutslipp, naturfotavtrykk og energibruk

    Det er eit mål med systematisk og heilskapleg arbeid for å redusere klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk. Nord universitet skal følge opp dette målet. I dette arbeidet skal det takast omsyn til ivaretaking av verksemda sine kjerneoppgåver og kostnadseffektivitet.

    Nord universitet skal òg vurdere korleis klimaendringane vil påverke verksemda. Nord universitet skal gjere systematiske vurderingar av eigen energibruk og ta i bruk lønsame energieffektive løysingar, samt auke energifleksibiliteten der dette er relevant.

    Tildelingsbrev 2026 til Nord universitet

  • Strategi 2030 sett føringar for kva Nord universitet skal jobbe mot i åra som kjem fram mot 2030. Måla som gjeld for arbeidet med drifta av universitetet seier at:

    Nord som organisasjon skal styrkast gjennom å:

    • syte for berekraftig ressursutnytting som skaper handlingsrom for strategisk satsing og fornying
    • auke internasjonaliseringa gjennom utveksling av studentar og tilsette
    • ha attraktive og levande studiestadar med internasjonalt orienterte, inkluderande og mangfaldig arbeids- og læringsmiljø
    • utvikle ein digital infrastruktur som hevar kvaliteten i forsking, utdanning og administrative tenester
    • ha eit godt system for kontinuerleg kvalitetsarbeid

    Les meir om strategi 2030