Ta eksamen på nytt

I dei fleste tilfellene kan du ta eksamen på nytt. Sjekk reglane for kva som gjeld for deg.

Det blir arrangert ny eksamen for kandidatar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen, eller har fått registrert gyldig fråvær ved siste ordinære eksamen.​

Som hovedregel blir ny eksamen avvikla i påfølgjande semester.​ Det kan vere nokre unntak. Dato for ny eksamen blir kunngjort i Studentweb tidlig i semesteret, eller seinast to veker før eksamen.​ Det blir normalt arrangert kun éin ny eksamen i perioden mellom to ordinære eksamenar.​ Ved ny og utsatt eksamen gjeld same pensumlitteratur og vurderingsform som ved siste ordinære eksamen.​​​​

Kven kan ta eksamen på nytt?

Tilgang til ny og utsett eksamen blir regulert av forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet § 7-3.

Oppmel​ding til ny eksamen (konte)

Vi gjer merksam på at nokre konteeksamenar blir avvikla før den ordinære eksamensperioden. Det er derfor viktig at du jamleg sjekkar Studentweb for aktuelle eksamensdatoar.​

Du melder deg opp til ny eksamen i Studentweb etter at semesteravgifta er betalt og innan fristen for oppmelding. Merk at det kan ta 1-3 dagar før betalinga er registrert i våre system.


Slik gjer du:

  • ​Søk opp emnet under Aktive emner og meld deg til ny eksamen ved å trykke på knappen "Velg"​.

    ​​eller:
  • ​Finn​ emnet i din utdanningsplan det semesteret du tok eksamen,  og vel "Ta emne på nytt". ​

    NB! Status "Ikkje møtt" på ordinær eksamen kan medføre at du ikkje sjølv får meldt deg til ny eksamen. Send då e-post til eksamen@nord.no for hjelp med oppmelding.

Antall eksamensforsøk​

Antall eks​amensforsøk (forskriftens §7-5).

Studenten kan fremstille seg til same eksamen opp til tre gonger. Ordinær og ny eksamen tel likt som forsøk. Det gjeld eigne reglar for antal forsøk på kandidat-, bachelor- og masteroppgåver jfr. §7-8.

Fjerde forsøk: Dersom studenten har brukt tre forsøk må hen søke om eit fjerde forsøk. Merk at enkelte emne kan avvike med antal forsøk. Dette er nærare beskrive i emnebeskrivinga. For eksempel har studentane som deltek i praksisemne to forsøk. 

Søk om fjerde eksamensforsøk

​​​
Femte forsøk: Seksjon for eksamen og vitnemål kan etter søknad på e-post til postmottak@nord.no innvilge eit femte forsøk. Femte forsøk kan berre innvilges dersom kandidaten ved å bestå eksamen i emnet vil fullføre ein grad eller yrkesutdanning ved universitetet. 

Har du ikkje studierett?
Du må ha studierett for å kunne ta eksamen. Tildelt studierett ved opptak til studier hos oss gjeld som utgangspunkt for den normerte tida som følgjer av studieplanen. Dersom studieretten din har gått ut, kan du søke om utvida studierett.

Søk om utvida studierett

Forbetre karakter etter avslutta studium
Det er mogleg å forbetre karakterar etter avslutta studium. Dette kan du gjere ved å søke om opptak til enkeltemne. Søknadsfrist for haustsemesteret er 1. juli og for vårsemesteret er 15. november.​ Du vil ikkje få nytt vitnemål.

Les mer om enkeltemne og opptak.