Vitnemål og karakterutskrift

Informasjon om vitnemål og karakterutskrifter til studentar som fullfører ein grad eller ei yrkesutdanning ved Nord universitet

Snarveier: Vitnemål, Karakterutskrift

Vitnemål

Vitnemål blir utstedt til studentar som fullfører ein grad eller ei yrkesutdanning, mellom anna praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), eller anna studieprogram av minimum to års fulltidsstudium.​

Ditt vitnemål er digitalt, og du finn det som et pdf-dokument i Vitnemålsportalen

Vitnemålet inneheld karakterane dine og ei beskriving av studiet. ​I tillegg får du eit vitnemålstillegg (Diploma Supplement) på engelsk.

  • Vitnemålsportalen er ei digital teneste der tidligare og nåverande studentar sjølv kan hente ut resultata frå all høgare norsk utdanning (med nokre få unntak) og dele dei med studiestader, potensielle arbeidsgivarar og andre relevante partar. ​Frå portalen kan du skrive ut og/eller dele vitnemålet​ eller karakterutskrifta di. Tenesta er gratis å benytte.

    Tilgang til Vitnemålsportalen
    For å få tilgang til Vitnemålsportalen må tidlegere studentar ha norsk fødselsnummer eller D-nummer. Personar med D-nummer bør skaffe seg elektronisk ID, for eksempel MinID. ​

    Kor langt tilbake i tid kan du hente resultat i Vitnemålsportalen?
    I Vitnemålsportalen finn du beståtte emne som er digitalt lagra ved institusjonane. Resultater tilbake i tid som ikkje er registrert digitalt, vil derfor ikkje visast i Vitnemålsportalen. Ta kontakt via e-post til eksamen@nord.no​ for spørsmål om manglande resultat.

  •  Unntaksvis kan ein søke om papirvitnemål på grunnlag av følgjande kriterium: 

    • viss du manglar norsk fødselsnummer eller D-nummer
    • viss du får behov for å vise fram eit vitnemål på papir til utdanningsinstitusjonar eller arbeidsgivarar i utlandet
    • andre særskilte behov for papirvitnemål må presiseres i søknad

    Søknadsskjema om papirvitnemål

    Studentar på utenlandsopptak treng ikkje å søke, desse vil automatisk få utstedt papirvitnemål. 

    Saman med vitnemålet får du eit Diploma Supplement (DS), som er eit vitnemålstillegg på engelsk. Her kjem informasjon om utdanninga, dine resultat og landets utdanningssystem fram. Dersom du likevel har behov for å oversette vitnemålet må du ta kontakt med eit oversettingsbyrå. 

  • Diploma Supplement (DS) er eit vitnemålstillegg på engelsk som blir utstedt saman med vitnemålet. Her kjem informasjon om studentens utdanning og landets utdanningssystem fram. Diploma Supplement er berre gyldig saman med vitnemålet. Diploma Supplement er tilgjengeleg på Vitnemålsportalen. 

    DS-eksempel fra Nord universitet (pdf)

    Les mer om Diploma Supplement på NOKUT sine nettsider.

  • Ved tap av tidlegare utstedte papirvitnemål kan studentar i særskilde tilfelle søke om å få utstedt duplikatvitnemål, jf. forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet § 12-1, (6). Dette blir merka som duplikat. Det krevst dokumentasjon på tapet, f.eks. kopi av politianmeldelse hvis det er stole, eller stadfesting frå forsikringsselskap ved brann eller vasskade. Studenten vil bli avkrevd ei avgift på 1000 kroner for utstedelse av duplikat. 

    I tilfelle der duplikat ikkje kan innvilgast, kan studentar få ei stadfesting på oppnådd grad sammen med en karakterutskrift. Elles viser vi til Vitnemålsportalen, der oppnådd grad blir stadfesta elektronisk.

  • Viss du oppfyller krava i Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet § 2-3 (1b og c), kan du søke om å få innvilga sjølvvald bachelor frå Nord universitet. Søknad blir innvilga på bakgrunn av allereie avlagde emner. 

    For rettleiing om kva program og/eller emne som kan vere aktuelle i en sjølvvald bachelorgrad, må du kontakte studierettleiar på det aktuelle studieprogrammet.

    Søknadsskjema om sjøvvald bachelor

  • Nord universitet utdannar fleire yrkesgrupper som må ha autorisasjon etter helsepersonellova §48. Autorisasjon gir rett til å benytte den yrkesbetegnelsen eller tittelen som kjenneteiknar vedkommande helsepersonellgruppe. Det er Helsedirektoratet som behandlar søknad om autorisasjon. 

    Autorisasjon for sykepleiere 

    Etter at du har fullført grad som sjukepleiar og fått ditt vitnemål i Vitnemålsportalen, må du sjølv søke om autorisasjon. Du søker ved å logge deg på Helseaktørportalen (helsedirektoratet.no) 

    For informasjon og fremgangsmåte sjå Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet 

    Autorisasjon for øvrig helsepersonell 

    For yrkesgruppane vernepleie, farmasøyt og paramedisin melder universitetet inn autorisasjon direkte til Helsedirektoratet. Det betyr at du ikkje treng å søke til Helsedirektoratet om autorisasjon sjølv. 

    Etter at universitetet har sendt innmelding, vil du motta en e-post på den adressen du har registrert i Altinn. Når du har betalt, vil du få din autorisasjon i løpet av kort tid og kan sjølv sjekke autorisasjonen i Helsepersonellregisteret.  

    Les meir om autorisasjon her Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet 

Karakterutskrift

  • Dersom du treng å vise til resultat undervegs i utdanninga, eller etter fullført kortere studium, kan du anten bestille karakterutskrift i Studentweb eller dele resultata fra Vitnemålsportalen. 

    Vitnemål utstedes ikkje etter årsstudi​ar og liknande, men etter avslutta grad, yrkesutdanning, herunder praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), eller anna studieprogram av minimum to års fulltidsstudium.

    Vitnemålsportalen
    Du kan dele resultata dine fra Vitnemålsportalen.

    Studentweb​
    Du kan sjølv bestille ei karakterutskrift på Studentweb under «Bestillinger» i toppmenyen​. Når bestilling er foretatt vil det gå nokre minutt før karakterutskrifta dukker opp under «Dokumenter». Karakterutskrifta er elektronisk signert.

    Bestilling er mulig for både noverende og tidlegare studentar. Tidlegare studentar kan logge seg på Studentweb via ID-Porten. 

  • Viss du forbetrer eit resultat i eit emne som inngår i grunnlaget for vitnemålet, blir det dokumentert med separat karakterutskrift, jf. forskrift om studier og eksamen ved Nord u​niversitet § 12-1, (4).​