Praksis i lærarutdanningane

Her finn du retningslinjer og informasjon om praksis ved fakultetet.

  • Det er Nord universitet som tildeler praksisplassar, og studentane har ikkje høve til å skaffe eigne praksisplassar. For PPU og yrkesfaglærarutdanninga gjeld eigne reglar, sjå nettsidene for desse utdanningane.

    Praksis i skule blir gjennomført fortrinnsvis i gruppe på to til fire studentar. For studentar i barnehage, PPU og yrkesfaglærarutdanninga blir praksis gjennomført individuelt eller i gruppe på to studentar.

    Praksisplassar blir fordelte ut frå faglege og pedagogiske krav. Studentane skal i god tid før praksis svare på eit spørjeskjema der dei kan leggje inn informasjon som er relevant for praksisplasseringa.

    Praksisplasslistene blir publiserte i Canvas. Eventuelt byte av praksisplass skjer berre i heilt spesielle tilfelle og berre i samråd med praksisadministrasjonen.

    Følgjande forhold spelar inn ved tildeling av praksisplass:

    Geografi: For studentar ved nett- og samlingsbaserte studium vil semesterregistrert adresse bli teken omsyn til ved tildeling av praksisplass, så langt det let seg gjere. Studenten må rekne med ein reiseavstand frå semesterregistrert adresse til praksisstad på inntil 100 km éin veg. Reise til praksisstad kan gi rett til reise- og butilskot. Sjå vedtekne retningslinjer for nærare informasjon.

    Objektivitet: Praksis skal som hovudregel gjennomførast på ein praksisplass der studenten ikkje har nære relasjonar. Studenten er sjølv pliktig til å gi opplysningar om nære relasjonar og/eller tilsetjingsforhold til praksiskoordinator. Studentar som ikkje overheld reglane, kan bli tekne ut av praksis og tildelt ny praksisplass.

    Praksis på eigen arbeidsplass: Det er særbestemmingar om praksis på eigen arbeidsplass for nett- og samlingsbaserte utdanningar. Sjå praksissidene for kvar enkelt utdanning for meir informasjon.

    Variasjon: Studentane skal få erfaring frå ulike praksisstader og bli rettleidde og vurderte av ulike praksislærarar gjennom studiet.

    Forsørgaransvar: Studentar som har forsørgaransvar for barn under tolv år blir prioriterte i tildeling av praksisplass. Eineforsørgarar har høgast prioritet.

  • Nord universitet kan, etter søknad, tilretteleggje praksis for studentar med særlege behov, så langt det er mogleg, rimeleg og fagleg forsvarleg, jf. § 10-5 i lov om universitet og høgskolar. Tilrettelegging kan givast på følgjande grunnlag:

    • Eigen sjukdom, eigne barns og ektefelle/sambuar sin sjukdom. All sjukdom må dokumenterast med legeattest eller attest frå annan sakkunnig. Attest kan ikkje vere eldre enn tre månader.

    • Ved tildelt toppidrettsstatus ved Nord universitet, og dokumentert behov for tilrettelegging. Les meir om toppidrettsstatus ved Nord.

    For studentar som er i utdanningsløp er fristen for å søkje om tilrettelegging for kommande studieår 1. april. For førsteårsstudentar er fristen 1. september. Etter desse fristene vil berre søknader som følgje av uforutsette/akutte omstende bli behandla. Tilrettelegging blir innvilga for eitt studieår av gongen. Grunngjevne søknader dokumenterast og sendast til postmottak@nord.no. Søknader som inneheld sensitive opplysningar skal sendast via eDialog på nord.no.

    Ved endringar undervegs i studieåret er studenten sjølv ansvarleg for å informere praksisadministrasjonen om dette.

  • Når praksisplass er tildelt, er det ansvaret til studenten å ta kontakt med praksisstaden og avtale tid for oppmøte første dag i praksis. Dersom det i forkant av praksisperioden blir gjennomført eit obligatorisk møte på Campus for studentar og praksislærarar, blir oppmøtetidspunkt avtalt her.

  • Praksis er obligatorisk for alle studentar. Det blir vist til praksishandbok/emneplan for praksis for den enkelte utdanning. Det krevst 100 % deltaking i praksis, inkl. deltaking på møter knytt til praksis (praksisførebuande møter, refleksjonsseminar, adopsjonsdagar osv.).

    Studentar må melde eventuelt fråvær i praksisperioden direkte til rektor/styrar eller praksislærar ved praksisstaden. Alt fråvær må takast igjen som restpraksis. Restpraksis blir berre tilbydd til studentar med gyldig fråvær. Gyldig fråvær er sjukdom, sterke velferdsgrunnar, amming og verv i studentpolitiske eller folkevalde organ.

    Gyldig fråvær over tre dagar skal bekreftast med legeattest eller attest frå annan sakkunnig. Studenten lastar opp dokumentasjonen i eDialog på nord.no innan 14 dagar etter første fråværsdag.

    Praksislærarar/praksiskoordinator kan i særskilte tilfelle innvilge gyldig fråvær delar av ein enkelt dag i praksis utan at studenten må ta igjen dette fråværet (til dømes i samband med legebesøk, gravferd, o.l.). Dersom enkeltfråværet eller samla fråvær i ein praksisperiode utgjer ein praksisdag eller meir, skal det leggjast til rette for at restpraksis blir teken igjen.

    Tidspunkt for eventuell restpraksis blir avtalt direkte mellom student og praksislærar. Regelen er at restpraksis skal gjennomførast i ein periode utan undervisningsaktivitetar eller eksamensgjennomføring i same semester, slik at vanleg studieprogresjon er mogleg. Ved særleg stort fråvær vurderer fagleg leiar for praksis eller studieprogramansvarleg, saman med praksislærar, om heile praksisperioden skal takast på nytt. Studenten må då som hovudregel stille til ny praksis ved neste ordinære gjennomføring.

    Studentar med ugyldig fråvær vil få Ikkje bestått i praksis. Dette vil medføre forseinkingar i vidare studieløp.

  • Studenten kan sjølv trekkje seg frå praksis innan to veker før oppstart av praksisperioden. Studenten pliktar å gi beskjed til praksiskoordinator. Forsøk vil då ikkje bli registrert. Dersom studenten er oppmeld til praksis, men unnlèt å møte utan gyldig grunn, blir dette rekna som eit forsøk.

  • Kvart praksisemne/periode blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Grunnlaget for vurdering er nærare beskrive i praksishandbok og kompetanseguide for praksis, eller i den enkelte utdanninga sin emneplan for praksis.

    For å sikre studentens progresjon i praksis skal ny praksislærar lese den førre praksislærarens sluttvurdering.

  • Ved tvil om praksis kan vurderast til bestått, blir det vist til rutinar beskrive på nettsida eller i praksishandboka for den enkelte utdanninga. Praksislærar gir skriftleg tilbakemelding til studenten om kva som må forbetrast i løpet av praksisperioden.

  • Bestemmingar knytt til ikkje bestått praksis blir regulerte av forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet.

    Det blir ikkje gitt tilgang til meir enn to teljande forsøk til same praksis. Dersom ein student har nytta to forsøk til same praksis utan å bestå, jf. forskrift om studium og eksamen ved Nord universitet § 7-5 (8), skal studieretten inndragast.

    Ved andre gongs forsøk kan universitetet gi praksislærar ved ny praksisstad opplysningar om at studenten tidlegare har fått Ikkje bestått i praksis og årsaka til dette, jf. forvaltningslova §13b (2) og §13b (5). Ny praksislærar kan også få tilgang til vurderingsskjema frå alle tidlegare praksisperiodar. Studenten skal ha informasjon om opplysningar som blir gitt.

  • All praksis skal vere rettleidd og vurdert. Dette inneber at dersom praksislærar er fråverande, må det setjast inn kvalifisert vikar for praksislærar. Studentar i praksis skal ikkje vere vikarar ved sin praksisskule.

  • Ein student som i studiesamanheng får kjennskap til nokon sine personlege forhold, har teieplikt etter reglane som gjeld for yrkesutøvarar på det aktuelle området, jf. § 12-7 i Lov om universitet og høgskolar.

    Skjema for teieplikt blir lese og signert som del av semesterregistreringa og oppmelding i Studentweb ved oppstart av studiet.

    Dersom den enkelte praksisstaden vil innhenta særskilt skjema gjeldande for dei, er studenten forplikta til å skrive under på dette.

  • Studentar må ha godkjend politiattest for å kunna delta i praksisopplæring. Politiattesten skal vere levert ved studiestart, og denne skal ikkje vere eldre enn tre månader.

    Les meir om politiattest her.

  • Skikkethet skal vurderast gjennom heile studiet, og skal avdekkje om studenten har dei nødvendige føresetnadene for å kunne utøva yrket.

    Her kan du lese meir om skikkethet.


Informasjon om Canvas for praksislærarar

  • Pålogging
    Logg inn på Canvas her: nord.instructure.com

    Brukernamn og passord.
    Som praksislærar får du ein e-post frå IT helpdesk, med brukarnamn/tilsett-nummer og ei lenkje til sjølvbeteningsportalen. Her må du aktivera Feide-kontoen din og laga ditt eige passord. Passordet varar i 200 dagar, og du må sjølv gå inn og endre dette i sjølvbeteningsportalen. Du får inga påminning om at passordet går ut.

    Innlogging
    Innlogging Alle må ha ein Feide-konto for å logga inn på Canvas. Etter at Feide-kontoen er oppretta/aktivert, kan ein og logga på med ID-porten. ​​

    Gløymt brukarnamn eller passord
    Om du har gløymt brukarnamn eller passord, kan du ordne dette i sjølvbeteningsportalen. Du får då tilsendt nytt på SMS eller e-post.

    Problem med pålogging:
    Når du får tildelt og aktivert tilsettkonto i Nord, skal denne kontoen (brukarnamn og passord) brukast ved pålogging til Canvas. Dersom du allereie har ein Feide-konto på eigen arbeidsplass og skal logge inn som Nord-tilsett, kan du oppleve at det ikkje går:

    • Du må logga deg på med ein annan nettlesar enn den du vanlegvis brukar for å logga på Feide på din arbeidsplass (f.eks. Chrome, Firefox eller Edge).

    • Dersom dette ikkje går, kan du bruke privatmodus (inkognitovindauge) når du skal logge på med ein annan brukar (høgreklikk på nettlesarsymbolet i oppgåvelinja og vel Nytt inkognitovindauge / Nytt InPrivate-vindauge).

    • Er du praksislærar og samtidig student ved Nord universitet? Då er det tilsettkontoen som du får tildelt som praksislærar som skal brukast ved pålogging til Canvas, både som student og som praksislærar. Du må framleis bruke studentbrukaren din ved pålogging til andre system (f.eks. Studentweb).

    • Har du framleis problem? Ta kontakt med IT helpdesk, tlf 75 51 74 00 ithelpdesk@nord.no

    App for Canvas teacher
    Gjennom Canvas sin app på iOS og Android får du tilgang til innhaldet i emna på same måte som du får via datamaskina di.

Oppdatert
30.01.2025
Oppdatert av
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag