Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Cellebiologi
BIO1009
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Cellebiologi

BIO1009
I dette emnet lærer du om cellene si oppbygging og funksjon, og òg korleis genetisk informasjon blir overført frå foreldre til avkom. Du får òg ei kort innføring i mikrobiologi.
Emnet gir ei innføring i cellene si oppbygging og verknadsmåte. Dette inkluderer cellene sine kjemiske byggjesteinar, funksjonen til ulike celleorganellar, transport over membranar og biokjemiske prosessar for energiomsetning i cellene. Det blir særleg lagt vekt på å skape forståing for korleis genetisk informasjon blir overført frå foreldre til avkom, og kvifor DNA inneheld all lagra informasjon som er naudsynt for oppbygginga av celler. Emnet gir òg grunnleggjande kunnskapar om bakteriar, virus og prionar. Studentar må ha gjennomført eit tryggleikskurs før dei kan bruke spesialrom, spesialutstyr eller utføre prosedyrar som medfører auka risiko. For studentar blir dette gitt i emnet KJE1001 Laboratoriesikkerheit.

Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram: 

  • Naturforvaltning. årsstudium og bachelorgradsstudium
  • Husdyrvelferd, årsstudium
  • Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium
  • Havbruksdrift og leiing, bachelorgradsstudium
  • Dyrepleie, bachelorgradsstudium

Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.

Studentane må oppfylle gjeldande opptakskrav ved tilhøyrande studieprogram.

Ein student som har fullført utdanninga, er venta å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • kan beskrive oppbygginga av celler og funksjonen til ulike celleorganellar
  • har grunnleggjande kunnskap om biologiske makromolekyl og biokjemiske reaksjonar i ei celle
  • forstår oppbygginga av DNA-molekylet, arvegangen mellom generasjonar og samanhengen mellom gen og protein
  • har grunnleggjande innsikt i mikrobiologi, inkludert bakteriar, virus og prionar

Ferdigheiter:

  • har grunnleggjande ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid, tryggleik i laboratoriet og rapportskriving

Generell kompetanse:

  • kan bruke eigne ord for å diskutere sentrale omgrep og prinsipp innanfor fagområdet
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei berbar datamaskin og skaffar seg ein laboratoriefrakk.
Obligatorisk
Førelesingar, laboratorieøvingar og oppgåveløysing.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering, karakterregel Bokstavkarakterar

  • Arbeidskrav - 3 rapportar, tel 0/100 av karakteren, karakterregel Godkjent / Ikkje godkjent. Må vere godkjent før framstilling til skriftleg skuleeksamen.
  • Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, tel 100/100 av karakteren, karakterregel Bokstavkarakterar A-E, F er stryk.

Penn, linjal, og inntil 2 stk. tospråklege ordbøker.

Å generera svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

BIO140 - Genetikk, atferd og evolusjon - 7.5 Studiepoeng

HUS1001 - Genetikk og evolusjon - 7.5 Studiepoeng

BIO1005 - Celle- og mikrobiologi - 4 Studiepoeng

BIO1002 - Cellebiologi - 5 Studiepoeng

BIO1018 - Essensiell cellebiologi og biokjemi - 5 Studiepoeng