Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Innføring i botanikk
BIO1011
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Innføring i botanikk

BIO1011
Emnet gir ei oversikt over sentrale grupper innanfor plante- og soppriket, med fokus på evolusjon, diversitet og økologi.
Målet for emnet er å gi ei oversikt over korleis grupper innanfor plante- og soppriket har utvikla seg for å tilpassa seg livet på land. Studentane vil få ei innsikt i generelle bygningstrekk og livssyklusar på tvers av dei viktigaste gruppene gjennom forelesingar og laboratorieøvingar. Emnet fokuserer seg i hovudsak på nordisk plante- og soppmangfald ved å gi eit innblikk til dei karakteristiske trekka for dei ulike gruppene.

Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:

  • Naturforvaltning, årsstudium og bachelorgradsstudium
  • Skogfag, årsstudium og bachelorgradsstudium

Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.

Studentane må oppfylla gjeldande opptakskrav ved tilhøyrande studieprogram.

Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • ha kunnskap om korleis botanisk diversitet har utvikla seg og tilpassa seg livet på land
  • skal kjenne til hovudgrupper biologien sin under dette anatomien deira, slektskap tilpassing til miljøet sitt
  • skal kjenne til sentrale omgrep som blir brukte innan studiar av økologi, fylogeni, taksonomi og biologisk mangfald
  • ha kunnskap om viktige økosystemfunksjonar på tvers av diversiteten i plante- og soppriket

Ferdigheiter:

  • skal kunne beskrive familie- og slektskarakterar innanfor viktige plante- og soppgrupper
  • skal kunna identifisere vanlege artar i nordisk natur

Generell kompetanse:

  • kan nytta ulike former for identifiseringsnøklar og digitale verktøy som hjelpemiddel i artsbestemming
  • kan grunnleggjande laboratorieteknikkar for å studere, identifisere og klassifisere sentrale grupper
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei berbar datamaskin. Studentane må sjølv skaffa eigen laboratoriefrakk til bruk i laboratorieøvingar, og ei handlupe på minst 10x forstorleik. I tillegg må studentane ha ein botanisk flora som inkluderer artane i Noreg, med nøklar. Her blir tilrådd Norsk flora 8.utg. av Elven eit. at 2022
Obligatorisk
Forelesningar og laboratorieundervisning. Obligatorisk feltkurs uke 25.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering

  • Obligatorisk deltaking - 7 labøvingar (av 8), tel 0/100 av karakteren, karakterskala: Godkjent / Ikkje godkjent. Må vere godkjent for å avlegge artsprøvene.
  • Arbeidskrav - 7 lab.rapportar (av 8 - deltaking på laboratoriet er ein føresetnad for å skrive den relaterte rapporten), tel 0/100 av karakteren, karakterskala: Godkjent / Ikkje godkjent. Må vere godkjent for å få avlegge artsprøvene.
  • Obligatorisk deltaking - feltkurs (5 av 6 dagar) Godkjent / Ikkje godkjent. Må vere godkjent for å få avlegge artsprøvene.
  • Mappe - tel 40% av karakteren, karakterskala: Vurdering A-F. Må vere bestått før feltkurs.
  • Praktisk eksamen - artsprøve 1 - kryptogamar, 1 time, tel 20% av karakteren. Vurdering A-F.
  • Praktisk eksamen - artsprøve 2 - karplanter, 2 timar, tel 40% av karakteren. Vurdering A-F.

Skriftleg eksamen: Penn, linjal.

Praktisk eksamen: Alle skriftlege hjelpemiddel som t.d. eigen journal og floraer, bortsett frå eiga referansesamling/plantemateriale. Ingen digitale hjelpemiddel som mobiltelefon, PC eller nettbrett.

Å generera svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

BIO2060 - Botanisk artslære - 7.5 Studiepoeng