Praktisk prosjektledelse
Verksemder set ofte i gang prosjekt ved endringsprosessar og innovasjon. Døme på prosjekt kan være introduksjon av nye tekniske system, kvalitetssikrings- prosessar, undersøkingar osv. Prosjekt kan være små og store, avdelingsinterne eller involvere samarbeid på tvers av verksemda eller i samarbeid med andre.
Prosjektledelse handlar om å organisere, styre og leie tidsplan, økonomi og kvalitet på arbeidet, samt å få alle involverte til å jobbe saman om å nå gitte mål. Prosjektledelse handlar også om risikovurdering, kommunikasjon og forståing av organisasjonssammenheng.
Generell studiekompetanse (eventuelt realkompetanse) og 2 år arbeidserfaring.
Viss det er fleire søkjarar enn studieplassar, blir kvalifiserte søknader rangerte etter søkjetidspunkt.
Emnet gjev teoretisk og praktisk kunnskap om prosjektorganisering, med vekt på forankring, målformulering, planlegging og oppfølging av eit prosjekt.
Kurset gir en god forståing av viktige aspekt ved prosjektarbeid og prosjektledelse, samt innsikt i korleis eit prosjekt vart initiert, planlagd og styrt.
Emnet gjev teoretisk og praktisk kunnskap om prosjektorganisering, med vekt på forankring, målformulering, planlegging og oppfølging av eit prosjekt.
- Kunnskapar: Kandidaten skal ha kunnskap om sentrale omgrep, prosessar og modellar relatert til prosjektarbeid
- Ferdigheiter: Kandidaten skal kunne bidra aktivt i planlegging og oppfølging av eit prosjekt, med tanke på funksjon/ kvalitet, kostnader og framdrift.
- Generell kompetanse: Kandidaten skal kunne bygge relasjonar og bidra til fagfelleskap i prosjekt, både i prosjektet og på tvers i linjeorganisasjonen
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei datamaskin.
Emnet er finansiert gjennom eit samarbeid med studiesenteret Prios.
Teoretisk undervisning ved undervisnings-videoar og to digitale samlingar.
Praktisk undervisning ved bruk av prosjektsimulator i eit fysisk i klasserom.
Digital oppstartssamling:
05.09.2024 kl. 08.00 - 09.00
Digital samling 1:
12.09.2024 kl. 08.00 - 12.00
Samling 2 - workshop, i Prios sine lokalar på Steinkjer:
19.09.2024 kl. 09.00 - 15.00
Digital samling 3:
26.09.2024 kl. 08.00 - 12.00
Karakterregel Bestått / Ikkje bestått