Arbeidsmåter og metoder i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid
Emnet er knytt til studieprogramma
- Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
- Master i helsevitskap
Emnet er obligatorisk for Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, og Master i helsevitskap med fordjuping i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Emnet vil ikkje vere ope for andre studentar enn dei som er tatt opp i desse programma, og det kan ikkje takast som frittståande emne.
Kunnskap:
- Har avansert kunnskap om samspela mellom psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit, samt korleis desse faktorane påverkar fysisk helse og livsbelastningar som kriser, traume (inkludert historiske traume), tap, rasisme, vald og seksuelle overgrep.
- Har avansert kunnskap om tverrprofesjonelt, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid.
- Har avansert kunnskap om kunnskapsbaserte metodar og arbeidsmåtar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå for å førebyggje, kartleggje og redusere problemutvikling, og for å fremje betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking.
- Har avansert kunnskap om korleis betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking kan skapast gjennom dialog og samarbeid som mobiliserer ressursar hos dei det gjeld og i det sosiale nettverket deira.
- Har avansert kunnskap om krav til fagleg kvalitet og forsvarleg framferd i kartlegging, utgreiing, behandling og oppfølging, samt andre former for faglege praksisar, og ulike måtar å sikre dette på, inkludert bruk av systematiske tilbakemeldingar.
- Har avansert kunnskap om førebygging av dødsfall, inkludert sjølvmord og rusrelaterte dødsfall.
- Har inngåande kunnskap om behova og rettane til pårørande og etterlatne, inkludert barn som pårørande og etterlatne, samt om relevante helse-, omsorgs- og velferdstilbod til pårørande og etterlatne.
- Har inngåande kunnskap om medisinar og deira rolle, verkemåtar og biverknadar i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, samt om medisinfrie tilbod.
Ferdigheiter:
- Kan analysere samspela mellom psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit, fysisk helse og livsbelastningar, inkludert kriser, vald, tap og seksuelle overgrep, og bruke denne kunnskapen til å gjennomføre avansert psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
- Kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike kunnskapsbaserte arbeidsmåtar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå, og bruke desse i kartlegging, utgreiing, behandling og oppfølging for å førebyggje og redusere problemutvikling, førebyggje dødsfall og fremje betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking.
- Kan bruke tileigna ferdigheiter i arbeidsformer som gjennom dialog og samarbeid mobiliserer ressursar hos dei det gjeld og nettverket deira, og fremje betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking.
- Kan bruke kunnskap om pårørande og etterlatne sine rettar og behov, inkludert barn som pårørande og etterlatne, gi informasjon og psykososial støtte, samt bidra til proaktiv, kontinuerleg og heilskapleg oppfølging.
- Kan bruke kunnskap om verkemåtar og biverknadar av medikamentell behandling og medisinfrie tilbod i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
Generell kompetanse:
- Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter slik at menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, familiane og nettverka deira opplever å bli møtt og forstått, og at ressursane og kompetansen deira blir anerkjente i felles samhandling for å fremje betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking.
- Kan analysere og reflektere kritisk over ulike arbeidsmåtar og bruke relevante metodar til å planleggje, gjennomføre og leie psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
- Kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
Førelesingar, seminar, gruppearbeid, ferdigheitstrening og sjølvstudium.
Samlingar: Emnet har samlingsveker i veke 41 og 45.
(Med atterhald om endringer).
OD: ferdigheitstrening i seminar. Godkjent/ikkje godkjent. OD må vere godkjent før endeleg karakter i emnet.
AK i gruppe. Godkjent/ikkje godkjent. AK må vere godkjent før endeleg karakter i emnet.
OP: Oppgåve i gruppe. Vurdering: Bestått/ ikke bestått
Eksamensdato finn du i Studentweb (etter at semesterregistrering med undervisnings- og eksamensmelding for emnet er godkjend).
Eksamenssvara skal alltid utarbeidast av kandidaten sjølv. Å generere oppgåvesvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dei heilt eller delvis som eigne svar, blir rekna som fusk.
For meir informasjon om ChatGPT eller liknande kunstig intelligens, samt kjeldevising, ureglementert samarbeid og plagiering: Sjå Retningslinjer for eksamenskandidatar ved Nord universitet - rektorvedtak 16.05.23: https://www.nord.no/student/eksamen