Ledige studieplassar Samordna opptak
19. juli blir ledige studieplassar lagt ut på nettsidene til Samordna opptak. Du kan søke frå 20. juli kl. 09.00.
Ledige studieplassar lokalt opptak
Ledige studieplassar blir fortløpande lagt ut i lista under. Opptak til dei ledige plassane skjer etter "førstemann til mølla"-prinsippet. Det er løpande opptak til vi har fylt opp studieplassane. Dersom det er fleire søkarar enn ledige studieplassar vil dei som søkte først få tilbod. Andre søkarar blir sett på venteliste etter søketidspunkt.
Du må laste opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet idet du søker. Informasjon om opptakskrav finn du på nettsida til studiet.
Sjå også sida vår om vidareutdanning for fleire studiar du kan søke på no
Har du fått avslag på søknaden din til eit studium med ledige studieplassar fordi du ikkje har lasta opp nødvendig dokumentasjon, og ønsker ei ny vurdering? Då lastar du opp dokumentasjonen som manglar og sender ein e-post der du ber om ny vurdering til opptak@nord.no.