
Naturforvaltning
Vil du være med å ta vare på naturen? Då treng du biologiforståing som dette årsstudiet gir deg ei innføring i.
Om studiet
Hva kan du jobbe som?
Dersom du går vidare på bachelor i naturforvaltning, kvalifiserer du for ei rekke ulike stillingar innan f.eks. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn.
Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeidar er Statens naturoppsyn, andre avdelingar i Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, private verksemder, miljø- og naturorganisasjonar, og dessutan kommunar.
Hvordan foregår undervisningen
Studiet er i hovudsak campusbasert og blir ikkje tilbode via nett eller samling.
I tillegg til forelesningar inneheld dei fleste emne feltkurs, ekskursjonar og prosjektoppgåver. Delar av undervisninga går føre seg i felt, bl.a. praktisk elgjakt, elektrisk fiske og feltekskursjonar i zoologi og botanikk. Delar av undervisninga kan bli gjeven på engelsk.
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
I tillegg til dei generelle krava for realkompetanse gjeld følgjande krav for dette studieprogrammet:
Relevant yrkeserfaring:
Arbeid innan landbruk, skogbruk, fiskeri, friluftsturisme, skjøtsel, miljøforvaltning, reindrift, klima og miljøvern og andre relaterte næringar/organisasjonar.
Relevant utdanning:
Skular med relevant linje/fag for utdanningen kan til dømes vera grøne fag, blå fag, tekniske fag og næringsmiddelfag.
Videre gjelder følgende faglige krav:
- Matematikk fra Vg1
- Naturfag fra Vg1
Ein kandidat som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- har grunnleggjande kunnskap om natur og berekraftig forvaltning av natur i Norge
- har kunnskap om dyreriket og planteriket sin grunnleggjande systematikk
- har kunnskap om globale klimaprosessar og deira samverknad med vegetasjon
- har kunnskap innanfor grunnleggjande naturvitskaplege emne: økologi, kjemi, cellebiologi og genetikk
Ferdigheiter:
- har praktisk innsikt i jakt og fiske og i vilt- og fiskeforvaltning
- kan identifisere viktige dyreartar i norsk fauna
- kan bruka digitale og analoge kartverktøy til praktisk navigering i felt og innsamling av data
Generell kompetanse:
- kan gjera greie for og formidla grunnleggjande naturkunnskap
Utover semesteravgift og pensumlitteratur krev me at studenten disponerar ei bérbar datamaskin med headset og kamera. Studentane må kjøpa eigen laboratoriefrakk til bruk i emne med laboratorieøvingar.
Vidare må ein rekne med utgifter til transport, kost og losji i samband med ikkje-obligatoriske ekskursjonar og feltkurs.
Merk at fakultetet avheng av at nokre studentar stiller med eigen bil til køyring på enkelte ekskursjonar. All køyring vil bli kompensert etter satsane til staten for køyregodtgjersle.