Mann står på et berg og ser utover horisonten
Bachelor

Naturforvaltning

Steinkjer

Er du eit menneske med hjarte for naturen? Lær om mangfaldet i naturen og sikre at naturverdiar takast vare på i framtida!


Om studiet

Er du naturinteressert? Vil du vera med å forvalte naturen? Då treng du kunnskap om dyr og planter, landskap, økologi, klima, jakt og fiske. Vil du læra meir om natur og likar ei blanding av teori og praktisk arbeid så er dette eit studium for deg.

Hva kan du jobbe som?

Som naturforvalter kan du bli tilsett i ei rekkje ulike stillingar innan t.d. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn. Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeider er kommunar, Statens naturoppsyn, miljøvernavdelingar hos Statsforvaltaren, i private verksemder og i organisasjonslivet.

Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.

Søkarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

I tillegg til dei generelle krava for realkompetanse gjeld følgjande krav for dette studieprogrammet:

Relevant erfaring:
Arbeid innan landbruk, skogbruk, fiskeri, friluftsturisme, skjøtsel, miljøforvaltning, reindrift, klima og miljøvern og andre relaterte næringar/organisasjonar.

Relevant utdanning:
Skular med relevant linje/fag i forhold til utdanningen kan til dømes vera grøne fag, blå fag, tekniske fag og næringsmiddelfag.

Videre gjelder følgende faglige krav:

  • Matematikk fra Vg1
  • Naturfag fra Vg1

Naturforvalting er eit internasjonalt fagområde med felles nasjonale og globale utfordringar. Internasjonal erfaring og kjennskap til internasjonalt fagspråk er difor viktig i utdanninga. Nord har avtalar med ei rekke universitet over heile verda som gjer det mogleg å ta eit semester i utlandet som en del av studiet. På dette studiet har du moglegheit til å reisa på utveksling i fjerde semester.

Frist for å søkje utveksling i vårsemesteret er 1. september. Ta kontakt med internasjonal koordinator på fakultetet, Jose de Pool, for å høyra meir om moglegheitene dine.

Utvekslingsavtalar FBA

Studiet gjer det mogleg å studere vidare på master i Biovitenskap eller Nordisk master i bærekraftig produksjon og utnyttelse av marine bioressurserved Nord universitet. For opptak til master i Biovitenskap krevst tilleggsemne innan matematikk/statistikk som du kan velje i 4. eller 6. semester. Ta kontakt med studierådgjevar eller studieansvarleg for nærare informasjon om dette. Studiet kvalifiserer også for masterstudier ved andre norske eller utanlandske universitet.

Etter fullført studium skal kandidaten ha oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • ha brei kunnskap om natur og forvalting av natur i Noreg
  • ha artskunnskap om flora, fauna og andre relevante delar av det biologiske mangfaldet
  • ha kjennskap til forsking- og utviklingsarbeid innan natur- og utmarksforvalting, nasjonalt og internasjonalt
  • ha kunnskap om berekraftig forvalting av naturressursar og økosystem, inkludert norske forvaltingsreglar, historia til faget, tradisjonar og eigenart i samfunnet
  • ha god oversikt over relevante lover og forskrifter

Evner

  • kunne dei grunnleggjande evner knytt til å gjennomføra naturregistrering, kartlegging og overvåkning, herunder å bruka GIS og anna verktøy i dette arbeidet
  • kunne samla inn, samanstille, analysera og diskutera anvendelsen av eigne data og resultat, som ein del av det å skriva ein fagrapport som belyser ei nærare definert problemstilling
  • kunne nytta relevante offentlege lover og forskrifter i berekraftig forvaltingsarbeid, eksempelvis gjennom planlegging, saksarbeid og konsekvensutgreiingar
  • kunne nytta den faglege kompetansen sin, som mellom anna er knytt til relevant forsking på praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor natur- og utmarksforvalting

Generell kompetanse

  • kunne planlegga og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei større gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kunne formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg både til allmennheten og til andre innan natur- og utmarksforvalting
  • kunne utveksla erfaringar og synspunkt med andre fagfolk innan natur- og utmarksforvalting, nasjonalt og internasjonalt
  • ha innsikt i fagets yrkesetiske problemstillingar og kunne reflektera over fagleg utøving og justera ved behov
  • ha kjennskap til nytenkning og innovasjonsprosessar, nasjonalt og internasjonalt.

Utover semester- og kopinonoravgift er ein føresetnad at studentane disponerar eigen berbar PC med headset og kamera.

Studentane må kjøpe eigen laboratoriefrakk til bruk i emne med laboratorieøvingar.

Ein må òg rekna med utgifter til transport, kost og losji i samband med ikkje-obligatoriske ekskursjonar og feltkurs, samt obligatoriske ekskursjonar og feltkurs i valemne. Merk at fakultetet avheng av at nokre studentar stiller med eigen bil til køyring på enkelte ekskursjonar. All køyring vil bli kompensert etter satsane til staten for køyregodtgjersle.

I andre studieår blir det studietur i valemnet NAF2003 Internasjonal naturforvaltning med krav til eigenbetaling.