Politiattest

Nokre av utdanningane våre har krav om politiattest for å delta i praksisopplæring eller klinisk undervisning.

Grunnen til at ein krev politiattest er for å sørge for at studentar som kjem i kontakt med barn og unge, pasientar og andre i sårbare situasjonar ikkje skal vere sikta, tiltalt eller dømt for relevante regelbrot i straffelova.

Må eg levere politiattest?

Dersom det er krav om politiattest til studiet du får studieplass ved, finn du informasjon om det i tilbodsbrevet.

Korleis og når søker eg om politiattest?

Du søker om politiattest elektronisk i Studentweb​. Søk om politiattest så snart som mogleg etter at du har registrert deg som student.

Når du har fått attesten frå politiet, må du sjølv levere han til oss. Vi får ikkje tilsendt attesten frå politiet.

Når skal eg levere politiattesten?

Du skal ikkje laste opp politiattest til søknaden din om opptak til studier, men vente til du har fått tilbod om studieplass. Du leverer politiattesten i skjemaet du finn ei lenke til lengre ned på sida.

Fristen for å levere politiattest avheng av om han har merknader eller ikkje:

  • Viss du ikkje har merknad i politiattesten, må du levere attesten så raskt som mogleg og seinast ved semesterstart.
  • Viss du har merknad i politiattesten, må du levere så raskt som mogleg og seinast innan tre veker etter at du fekk tilbod om studieplass.

Dersom du har merknad i politiattesten kan det føre til at du ikkje kan delta på klinisk undervisning eller praksisopplæring. Politiattesten vil bli behandla av Nemnda for studentsaker, som avgjer om merknaden krev utestenging eller ikkje. Vi kontaktar deg når vi har mottatt politiattesten.

Søkarar som har merknad i politiattesten, har rett til juridisk bistand etter Lov om universiteter og høgskoler §12-9.

Levere politiattest

Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader når du leverer han.

Du leverer attesten i vår sikre løysing Nettskjema. Politiattestar skal ikkje sendast på e-post av omsyn til personvern .

Det er viktig at du følger oppskrifta under for at vi skal kunne godta attesten. Slik gjer du det:

  1. Last ned den digitale politiattesten og lagre den på datamaskina di.
  2. Gå til nettskjemaet vi lenkar til under og logg inn med Feide-konto med Nord-brukarnamn og passord.
  3. Fyll inn opplysningane vi ber om og last opp den same fila som du lagra i første punkt.
  4. Send inn skjemaet når du har lasta opp politiattesten.

Dersom du ikkje kan laste opp politiattesten digitalt, kan du sende den i posten til:

Nord universitet 
Opptakskontoret 
Postboks 1490
8028 Bodø

Du kan tidlegast laste opp politiattesten 10. juli i haustsemesteret og 10. desember i vårsemesteret.

Korleis veit eg at attesten er registrert ved Nord?

Når politiattesten din er registrert ved Nord, vil du sjå ein tekst om det på startsida i Studentweb.

Det kan ta noko tid frå du leverer politiattesten i nettskjemaet til han er registrert hos oss. Viss du allereie har levert attesten i nettskjemaet, treng du berre å levere på nytt dersom du får ei melding frå oss om det.

Kva skjer dersom jeg ikkje leverer politiattest?

Viss du ikkje leverer politiattest når det er krav om det, kan du miste plassen din ved studiet.

Studentar utan godkjend politiattest har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksis, og dei kan ikkje ta eksamenar som krev at dette er gjennomført. Det er heller ikkje mogleg å få vitnemål for fullført utdanning.

Kor lenge er politiattesten gyldig?

Politiattesten er gyldig så lenge du har studierett på studiet, men Nord kan be om å få utlevert nye opplysningar frå politiet dersom det er mistanke om at du har gjort nye lovbrot. Slik fornya vandelskontroll gjerast i samsvar med politiregisterloven § 43.

Har du levert politiattest tidlegare, må du likevel levere ny attest ved opptak til eit nytt studium.

Kva gjer eg viss eg har fått feil politiattest?

Dersom du har fått feil politiattest frå politiet, må du sende inn ein klage til dem. Du finn informasjon om korleis du går fram på side 2 i politiattesten du har fått. Når du har fått den nye politiattesten, lastar du han opp i nettskjemaet.​

Oppdatert
26.11.2024
Updated by
Opptak