Venteliste

Dersom du ikkje når opp i konkurransen om studieplass, kan du få tilbod om å stå på venteliste.

Ventelista i Samordna opptak 

Når du har søkt om opptak til utdanning via Samordna opptak, blir ventelistenummeret ditt oppdatert automatisk i søknaden din. Du kan sjølv følgje med på plasseringa di inne på søknaden i Samordna opptak.

I nokre tilfelle kan det skje at ein rykker nedover på ventelista. Dersom dette skjer, er det som regel fordi vi eller ein annan utdanningsinstitusjon har retta feil som har skjedd i saksbehandlinga av andre søkarar.

Les meir om venteliste i Samordna opptak (samordnaopptak.no)

Ventelista i lokalt opptak

Dersom du har søkt om studieplass i det lokale opptaket vårt i Søknadsweb, får du eit ventelistenummer i tilbodsbrevet når du får svar på søknaden din.

Du kan takke ja både til å stå på venteliste og til ein studieplass med lågare prioritet i søknaden din. Dersom du får nytt tilbod om studieplass, vil plassen du har fått på lågare prioritet falla bort, sjølv om du har takka ja til denne studieplassen. Viss du ønsker å behalde studieplassen, er det derfor viktig at du loggar deg inn på søknaden din og takkar nei til å stå på venteliste.

Når tar vi opp fleire frå ventelista? 

Det tidlegaste vi fyller på frå ventelista er nokre dagar etter første svarfrist. Deretter vil vi fylle på etter behov. Vi kan dessverre ikkje svare på spørsmål om kor sannsynleg det er at du vil få tilbod om studieplass når du står på venteliste.

Dersom du står på venteliste og får tilbod om plass, vil du få nytt opptaksbrev. Du må logge inn på søknaden din for å takke ja eller nei til studieplassen.

Det kan skje at vi ikkje fyller på frå ventelista i det heile. Det kjem av at vi som regel sender ut tilbod om studieplass til fleire søkarar enn det er plassar på studiet, fordi vi reknar med at nokon vil takke nei til studieplassen. Vi sender derfor ut nye tilbod berre dersom det er fleire som takkar nei.

Oppdatert
20.01.2025
Oppdatert av
Opptak