Naturforvaltning
Se studieprogramStudiet i naturforvalting består i hovudsak av biologiske og forvaltningsrelaterte emne. Du lærer m.a. om biologisk mangfald, forvalting av vilt og fisk, landskapsplanlegging og forvalting av norsk natur. Studiet gjer ei brei biologisk basiskunnskap som grunnlag for å kunna forvalte naturressursane våre. Mykje av undervisninga er praktisk retta i form av øvingar, feltkurs og ekskursjonar. Emne som geologi, vegetasjon, økologi, zoologisk artslære, botanisk artslære, naturregistrering, naturforvalting, arealplanlegging, kart og GIS (geografiske informasjonssystem) er sentrale.
Emna i siste del av studiet legg vekt på å knyta undervisninga til reelle forvaltingssituasjonar i dagens samfunn. I emnet Naturforvalting (NAT330) vert det gjennomført ein ekskursjon til utlandet. Gjennom bacheloroppgaven i 3. studieår får du høve til å fordjupe deg fagleg i eit sjølvvalgt tema, gjerne i samarbeid med eksterne oppdragsgjevarar eller som deltakar i eit av forskingsprosjekta våre.
Me tilbyr 2 valemne i løpet av 6. semester som studentane kan erstatta med andre relevante emne etter ønskje. Slike emne kan til dømes plukkast frå studieprogram som husdyrfag – velferd og produksjon, sirkulær bioøkonomi eller økonomi og leiing. Ein kan òg få godkjend tidlegare fullførte emne frå Nord universitet eller andre universitet og høgskular. Byte av valemne skjer i samråd med studierettleiar. Merk at valemnet MA116F Matematikk og statistikk for biologar, er påkravd for å kvalifisera for opptak i masterprogrammet i biovitskap.
Undervisninga vert gjennomført med førelesningar, gruppearbeid og øvingar. I tillegg inneheld dei fleste emne feltkurs, ekskursjonar og prosjektoppgåver. Delar av undervisninga føregår i felt: m.a. praktisk elgjakt, sporing av store rovdyr, elektrisk fiske og rypetakseringar. Om du er interessert i skogfag så kan du ta SKO120 Innføring i skogfag, 10 studiepoeng som et tilleggsemne. Delar av undervisninga kan bli gjeven på engelsk.
Etter fullført studium skal kandidaten
Kunnskap
- ha brei kunnskap om natur og forvalting av natur i Noreg
- ha artskunnskap om flora, fauna og andre relevante delar av det biologiske mangfaldet
- ha kjennskap til forsking- og utviklingsarbeid innan natur- og utmarksforvalting, nasjonalt og internasjonalt
- ha kunnskap om berekraftig forvalting av naturressursar og økosystem, inkludert norske forvaltingsreglar, historia til faget, tradisjonar og eigenart i samfunnet
- ha god oversikt over relevante lover og forskrifter
Evner
- kunne dei grunnleggjande evner knytt til å gjennomføra naturregistrering, kartlegging og overvåkning, herunder å bruka GIS og anna verktøy i dette arbeidet
- kunne samla inn, samanstille, analysera og diskutera anvendelsen av eigne data og resultat, som ein del av det å skriva ein fagrapport som belyser ei nærare definert problemstilling
- kunne nytta relevante offentlege lover og forskrifter i berekraftig forvaltingsarbeid, eksempelvis gjennom planlegging, saksarbeid og konsekvensutgreiingar
- kunne nytta den faglege kompetansen sin, som mellom anna er knytt til relevant forsking på praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor natur- og utmarksforvalting
Generell kompetanse
- kunne planlegga og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine eller som deltakar i ei større gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kunne formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg både til allmennheten og til andre innan natur- og utmarksforvalting
- kunne utveksla erfaringar og synspunkt med andre fagfolk innan natur- og utmarksforvalting, nasjonalt og internasjonalt
- ha innsikt i fagets yrkesetiske problemstillingar og kunne reflektera over fagleg utøving og justera ved behov
- ha kjennskap til nytenkning og innovasjonsprosessar, nasjonalt og internasjonalt.
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkere som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse:
Arbeid innan landbruk, skogbruk, fiskeri, friluftsturisme, skjøtsel, miljøforvaltning, reindrift, klima og miljøvern og andre relaterte næringar/organisasjonar.
Skular med relevant linje/fag i forhold til utdanningen kan til dømes vera grøne fag, blå fag, tekniske fag og næringsmiddelfag.
Vidare gjeld følgande faglege krav:
Matematikk frå Vg1
Naturfag frå Vg1
Naturforvalting er eit internasjonalt fagområde med felles nasjonale og globale utfordringar. Internasjonal erfaring og kjennskap til internasjonalt fagspråk er derfor viktig i utdanninga. Nord har avtalar med ei rekke universitet over heile verda som gjer det mogleg å ta eit semester i utlandet som en del av studiet. Som student på bachelor i naturforvaltning har du moglegheit til å reisa på utveksling i 4. semester. Ta kontakt med internasjonal koordinator på fakultetet, Jose de Pool, for å høyra meir om moglegheitene dine.
Her finner du en oversikt over partneruniversiteter du som student i naturforvaltning kan reise til:
AUSTRALIA
James Cook University
Charles Darwin University
Deakin University
CANADA
Memorial University of Newfoundland
University of Northern British Columbia
St. Francis Xavier University
Lakehead University
University of Saskatchewan
USA
Humboldt State University
University of Minnesota - College of Food, Agricultural and Natural Resource Management (CFANS)
University of New England
University of Alaska Fairbanks
DANMARK
Roskilde University
NEDERLAND
Wageningen University
Utover semester- og kopinonoravgift er ein føresetnad at studentane disponerar eigen berbar PC med headset og kamera.
Studentane må kjøpe eigen laboratoriefrakk til bruk i emne med laboratorieøvingar.
Ein må òg rekna med utgifter til transport, kost og losji i samband med ikkje-obligatoriske ekskursjonar og feltkurs, samt obligatoriske ekskursjonar og feltkurs i tilleggsemne. Merk at fakultetet avheng av at nokre studentar stiller med eigen bil til køyring på enkelte ekskursjonar. All køyring vil bli kompensert etter satsane til staten for køyregodtgjersle.
I tredje studieår blir det studietur med krav til eigenbetaling. Fakulteta tilbyr eit fagleg tilfredsstillande alternativ for dei som ikkje ønskjer å delta på turen.
Studentane blir vurderte gjennom ulike eksamensformer (sjå dei ulike emna som inngår i programmet for detaljar) og ut frå forskriftene til NOKUT.
Vurdering og karakterfastsetting skjer ut frå bokstavkarakterar A-F, der A er best og F er ikkje bestått. Vurdering kan òg i nokre emne skje som bestått/ikkje bestått eller godkjend/ikke godkjend. Sjå elles lover, forskrifter og retningslinjer.