Naturforvaltning

Se studieprogram

Høst 2025 (1. semester)

KJE1001
0 sp
GEO1010
7.5 sp
NAF1000
7.5 sp
KJE1000
7.5 sp

Vår 2026 (2. semester)

BIO1012
7.5 sp
BIO1011
7.5 sp
BIO1009
7.5 sp

Årsstudiet i naturforvaltning handlar hovudsakleg om biologiske og forvaltningsrelaterte emne. Du lærar om zoologisk og botanisk naturmangfald på artsnivå, spesifikk forvaltning av hjortevilt og fisk og grunnleggande metodar i geografiske arbeidsverktøy for naturforvalting. Studiet er eit tilbod til deg som vil satsa på naturbasert næring, ønsker å utvide kompetansebasen din i naturforvalting eller er nysgjerrig på å starta ei høgare utdanning i naturforvaltning. Studiet inneheld emne som til saman gjev innsikt i viktige sider ved forvaltingsverdiane i naturen.

Studentar må ha gjennomført eit tryggleikskurs før dei kan bruka spesialrom, spesialutstyr eller utføra prosedyrar som medfører forhøgd risiko.

Ein kandidat som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • har grunnleggjande kunnskap om natur og berekraftig forvaltning av natur i Norge
  • har kunnskap om dyreriket og planteriket sin grunnleggjande systematikk
  • har kunnskap om globale klimaprosessar og deira samverknad med vegetasjon
  • har kunnskap innanfor grunnleggjande naturvitskaplege emne: økologi, kjemi, cellebiologi og genetikk

Ferdigheiter:

  • har praktisk innsikt i jakt og fiske og i vilt- og fiskeforvaltning
  • kan identifisere viktige dyreartar i norsk fauna
  • kan bruka digitale og analoge kartverktøy til praktisk navigering i felt og innsamling av data

Generell kompetanse:

  • kan gjera greie for og formidla grunnleggjande naturkunnskap

Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.

Søkarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

I tillegg til dei generelle krava for realkompetanse gjeld følgjande krav for dette studieprogrammet:

Relevant yrkeserfaring:
Arbeid innan landbruk, skogbruk, fiskeri, friluftsturisme, skjøtsel, miljøforvaltning, reindrift, klima og miljøvern og andre relaterte næringar/organisasjonar.

Relevant utdanning:
Skular med relevant linje/fag for utdanningen kan til dømes vera grøne fag, blå fag, tekniske fag og næringsmiddelfag.

Videre gjelder følgende faglige krav:

  • Matematikk fra Vg1
  • Naturfag fra Vg1

Dersom du går vidare på bachelor i naturforvaltning, kvalifiserer du for ei rekke ulike stillingar innan f.eks. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn.

Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeidar er Statens naturoppsyn, andre avdelingar i Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, private verksemder, miljø- og naturorganisasjonar, og dessutan kommunar.

Årsstudiet i naturforvaltning tilsvarar det første året på bachelor i naturforvaltning. Det er mogleg å søke om overgang til bachelor i naturforvaltning ved minst 30 oppnådde studiepoeng frå årsstudiet.
Det er ikkje rom for utanlandsopphald i årrsstudiet i naturforvaltning.

Utover semesteravgift og pensumlitteratur krev me at studenten disponerar ei bérbar datamaskin med headset og kamera. Studentane må kjøpe eigen laboratoriefrakk til bruk i emne med laboratorieøvingar.

Vidare må ein rekne med utgifter til transport, kost og losji i samband med ikkje-obligatoriske ekskursjonar og feltkurs.

Merk at fakultetet avheng av at nokre studentar stiller med eigen bil til køyring på enkelte ekskursjonar. All køyring vil bli kompensert etter satsane til staten for køyregodtgjersle.

Studentane blir vurderte gjennom ulike eksamensformer (sjå emneskildringane) og ut frå forskriftene til NOKUT.

Vurdering og karakterfastsetting skjer ut frå bokstavkarakterar A-F, der A er best og F er ikkje bestått. Vurdering kan òg i nokre emne skje som bestått / ikkje bestått eller godkjend / ikke godkjend. Sjå elles lover forskrifter og retningslinjer.

Studieprogrammet vert årleg evaluert av studentane gjennom emneundersøkingar, samt av studieprogramansvarleg. Dette går inn i det generelle kvalitetssikringssystemet til universitetet.