Undergrev forskarar si eiga truverd gjennom politisk aktivisme?

mann står i ørken med plakat

Illustrasjon: Espen Tversland

Undergrev forskarar si eiga truverd gjennom politisk aktivisme?
Tradisjonelt sett hadde forskarane ei tilbaketrekt rolle i samfunnsdebatten. No skal dei vere synlege. Men kor går grensa mellom politisk aktivisme og agenda?


Dette er eitt av dei spørsmåla som blir reist under Lytring i Bodø 22. april.

Lytring inviterer til ein debatt der vi spør om aktivisme kan redusere befolkninga si tillit til akademia, og gjere samfunnet vårt meir utsett for polarisering og splitting - både frå interne og eksterne krefter, seier redaktør Anki Gerhardsen.

Når det ikkje nytter med innestemme lengre

Ph.d.-student i Trondheim, Linda Haaland, er medlem i Scientist Rebellion. Det er ein internasjonal organisasjon av akademikarar og forskarar som vil gjera meir enn å skriva forskingsartiklar. Haaland meiner det ikkje er nok å snakke med innestemme lengre.

– Biletet vi har av forskarar som saklege og nøytrale, som presenterer fakta uten følelsar, er utdatert og feilaktig. Det går greitt når det handlar om temperaturen på jordas overflate, men fungerer dårleg når ein skal formidle at menneskeheita er i ein eksistensiell krise, seier Haaland til Khrono.

Haaland er ein av paneldeltakarane under Lytring måndag 22. april.

– Vi skal produsere ny kunnskap for å gjere verda til ein betre stad, og gjere befolkninga merksam på krisa vi er inne i, poengterer Haaland.

Kva står eigentleg på spel?

Forskinga gir ofte føresetnadar for politiske avgjerder og måten vi forstår samfunnet på.

– Da er det utruleg viktig at samfunnet har tillit til at den forskinga som blir lagt fram er så sann, objektiv og nyansert som mogleg. Om det blir spreidd ei oppfatning av at forskarane har ein politisk agenda, kan tilliten bli sett under press, seier Gerhardsen.

Debatten går føre seg i Stormen bibliotek i Bodø, måndag 22. april 2024 kl. 19.00-20.30. Du kan også sjå Lytring direkte og i opptak (video) via www.lytring.no.

Panel:

  • Kjersti Thorbjørnsrud, Institutt for samfunnsforskning (ISF)
  • Reidun Kjelling Nybø, Norsk redaktørforening
  • Helga Eggebø, Nordlandsforskning
  • Stine Agnete Sand, UiT Norges arktiske universitet
  • Linda Haaland, NTNU

Debattleiar:

  • Arne O. Holm, redaktør i High North News

Om Lytring

Lytring eigast av Nord universitet og Nordlandsforskning. Lytring skal sette kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet, og skape eit rom for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar. 

I løpet av eitt år lagar vi:
• Ni debattar i Bodø, Stormen bibliotek
• To debattar i Levanger, Røstad Scene
• To debattar i Mo i Rana, Rana bibliotek
• To debattar i Svolvær, Vågan bibliotek/Lofoten kulturhus

Alle debattane blir strøyma, og i tillegg blir mange av debattane sendt på NRK radio: «Debatt i P2».

Lytring blir finansiert i samarbeid med Fritt Ord, SpareBank 1 Nord-Norge (Samfunnsløftet) og Bodø kommune.