Miljøarbeidet ved Nord universitet

Nord universitet ønsker å vere ein føregangsinstitusjon og ein sterk bidragsytar for grøn omstilling. Ei målsetting er at grøn omstilling skal ha ei prioritering innanfor alt universitetet gjer.

Nord universitet-bokstaver med blomster i forgrunnen

Nord i verden - Kunnskap for fremtiden

Nord universitet skal bidra til berekraftig utvikling og verdiskaping gjennom forsking, utdanning og samarbeid med samfunns- og næringsliv og som ein del av eit internasjonalt universitetsfellesskap. Vi skal skape ny kunnskap, utdanne menneske som møter utfordringar for si tid og vere ei drivkraft for innovasjon og demokratisk utvikling (Strategi 2030).

Miljørådgivar

Føresetnader og rammar for miljøarbeidet

  • FNs berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydde fattigdom, nedkjempa forskjellar og stoppe klimaendringane innan 2030.

    FNs berekraftsmål består av 17 mål med 169 underliggande delmål. 

    Les om FNs berekraftsmål

  • Parisavtalen er ein internasjonal klimaavtale som skal sørgje for at landa i verda klarer å avgrense klimaendringane. 

    Les om Parisavtalen (fn.no)​

  • Universitets- og høgskulelova regulerer verksemda i statlege og private universitet og høgskular i Noreg.

    I lova står det under § 1-1, bokstav d), at universitet og høgskular i Noreg har som mål å bidra til ei miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig utvikling.

    Sjå universitets- og høgskulelova

  • I tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartmentet (KD) ligg det føre fleire føresetnader og krav som det er forventa at universitetet leverer på innanfor miljø og klima. Punkt 4.1.1. er spesielt relevant:

    4.1.1 Systematisk og helhetlig arbeid for å redusere klimagassutslipp, naturfotavtrykk og energibruk

    Det er eit mål med systematisk og heilskapleg arbeid for å redusere klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk. Nord universitet skal følge opp dette målet. I dette arbeidet skal det takast omsyn til ivaretaking av verksemda sine kjerneoppgåver og kostnadseffektivitet.

    Nord universitet skal òg vurdere korleis klimaendringane vil påverke verksemda. Nord universitet skal gjere systematiske vurderingar av eigen energibruk og ta i bruk lønsame energieffektive løysingar, samt auke energifleksibiliteten der dette er relevant.

    Tildelingsbrev 2024 til Nord universitet

  • Klimakrisa er eit faktum. Som utdanningsinstitusjon vil Nord universitet sitt største bidrag i klimakampen vere å skape ny kunnskap, utdanne menneske som møter utfordringar for si tid og å vere ei drivkraft for innovasjon og demografisk utvikling. Dette blir gjort gjennom eit fokus på fire tematiske satsingar. Desse er:

    • Blå og grøn vekst
    • Bærekraftig innovasjon og entreprenørskap
    • Helse, velferd og oppvekst
    • Samfunnstryggleik

    Sjå Strategi 2030

    Det er også viktig at universitetet strever mot å vere ein føregangsinstitusjon internt. Miljøvennleg drift av Nord universitet har hatt eit auka fokus dei siste åra. Hausten 2021 tilsette universitetet den første miljørådgivaren sin.

Slik jobbar universitetet mot ei meir miljøvennleg drift

  • Nord universitet sitt campus i Bodø har vore eit miljøfyrtårn sidan 2008. Nord universitet si målsetting for dei følgande åra, er at sertifiseringa skal førast vidare til universitetet sine andre studiestader.

    Kva er Miljøfyrtårn?

    Miljøfyrtårn er eit sertifiseringsverktøy og eit miljøleiingssystem. Formålet er å hjelpe verksemder med å redusere miljøbelastninga si, og å stimulera til grøn omstilling.

    Dette tilbyr Miljøfyrtårn:

    • Ei oppskrift på kva verksemda må gjere (sertifiseringskriterium)

    • Reiskapar for korleis dei kan gjere det (digitale verktøy og rettleiingar)

    • Hjelp til kontinuerleg og målretta arbeid med høgare miljøprestasjonar og lågare klimaavtrykk (styringsverktøy)

    Les meir om Miljøfyrtårn

  • Klimapartnarar er eit nasjonalt og fylkeskommunalt partnarskap som arbeider for grøn næringsutvikling og omstilling for alle sektorar og samfunnsområde.

    Nasjonalt har partnarskapet over 400 partnarverksemder. Formålet med partnarskapet er å skape regionale og effektive møteplassar for å lære, heve kunnskap og dele erfaringar.

    Nord universitet er klimapartner både i Nordland og Trøndelag fylkeskommune.

    Les meir om Klimapartnere

    Korleis kan eit universitet arbeide med klima? (Intervju på klimapartnere.no)

  • Gjennom partnarskapet sitt med Klimapartnere har Nord universitet forplikta seg til å levere ein årleg klimarekneskap for heile Nord universitet.

    Ein klimarekneskap gir informasjon om det totale klimafotavtrykket til universitetet og kvar dei store utsleppspostane ligg føre.

    Klimarekneskap for Nord universitet​

  • Nord universitet har vært pådrivar for eit eige nettverksforum i universitets- og høgskulesektoren for tilsette som arbeider med miljøvennleg drift.

    I dag har forumet omkring 50 medlemmer frå 16 ulike universitet og høgskuler. Medlemmer består av tilsette frå mange ulike avdelingar, for eksempel eigedom, innkjøp, verksemdstyring o.l.

    UH-miljørådgivarforum har regelmessige digitale morgenkaffiar der vi tar opp og diskuterer ulike problemstillingar innan miljøvennleg drift.

    Eksempler på tema er klimarekneskap, Miljøfyrtårn, energieffektivisering, avfallshandtering mm.

    Ønsker du å komme i kontakt med UH-miljørådgivarforum. Send ein e-post til mathilde.m.strand@nord.no.

Fasade av universitetsbygg med blomster i front. Foto.

Slik kan også DU som ansatt og student enkelt bidra til eit meir miljøvennleg Nord universitet

  1. ​Bruk dei oppsette miljøstasjonane våre og sorteringsrettleiar for god kjeldesortering.

  2. Skru av lys og lukk dører og vindauge etter deg der du har moglegheit.

  3. Gå, sykle eller nytt deg av kollektiv transport til og frå universitetet. Vi jobbar aktivt med å fasilitere for betre sykkelparkering og garderobe- og dusjmoglegheiter på alle studiestader.

  4. Ikkje la vasskraner stå og renne lenger enn nødvendig.

  5. Slå av alt elektronisk utstyr før du forlèt kontoret/studieplassen for dagen.

Kjeldesortering

Sorteringsgrad totalt

2023: 55,33 %
2022: 56,88 %
2021: 61,15 %
2020: 58,43 %

*Avfallstala gjeld for studiestadene Bodø, Nesna, Levanger, Steinkjer og Namsos

Kva er sorteringsgrad?

Sorteringsgrad seier noe om bedriftens evne til å kildesortere avfallet sitt. Jo høyere sorteringsgrad, jo bedre er organisasjonen til å kildesortere sitt avfall.

Bilde av mann som står foran miljøstasjon. Foto.