Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som plasserast på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.
  • Webteamet til Nord universitet har det daglege ansvaret for Nord universitet sine behandlingar av personopplysningar på nord.no og site.nord.no, med mindre anna er gjeve opp under. Det er frivillig for dei som besøkjer nettsidene å gje opp personopplysningar i samband med tenester, som persontilpassa marknadsføring. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den einskilde, med mindre anna er spesifisert.   

    Bouvet er databehandlaren til Nord universitet og leverandøren vår for utvikling av nettstaden nord.no. SiteImprove er databehandlaren til Nord universitet og leverandøren vår av analyseverktøy for nettstaden nord.no. S360 er databehandlaren til Nord universitet og leverandøren vår av digitale marknadsføringstenester, inkludert persontilpassa marknadsføring.

    Opplysningar som samlast inn i samband med drift av nettstaden lagrast på Nord sine serverar. Opplysningar som samlast inn til analyse av nettstaden samlast på serverar til Sitelmprove. Det er berre Bouvet, SiteImprove og S360 som har tilgang til opplysningar som samlast inn. Eigne databehandlaravtalar mellom Nord universitet og Bouvet, Nord universitet og SiteImprove, og Nord universitet og S360 regulerer kva slags informasjon leverandøren har tilgang til og korleis han skal behandlast.

  • Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som plasserast på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Nokre informasjonskapslar er naudsynte for at nettstaden skal fungere, medan andre brukast til ikkje-essensielle funksjonar som brukaranalyse og marknadsføring, slik som skildra ovanfor.

    Lagring av opplysningar og behandling av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukar både har blitt informert om og har gjeve samtykket sitt til behandlinga. Brukaren skal få vite om og godkjenne kva slags opplysningar som behandlast, kva føremålet med behandlinga er og kven som behandlar opplysningane, jf. ekomlova § 2-7b.

    For å gje frå seg eller trekkje samtykke for bruk av informasjonskapslar brukar du innstillingane i nettlesaren din.

  • Nord universitet samlar inn anonymiserte opplysningar om besøkande til nord.no.  Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å betre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Døme på kva statistikken gjev svar på er kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varar, kva slags nettstader brukarane kjem frå og kva slags nettlesarar som brukast.

    Opplysningane behandlast i anonymisert og aggregert form. Med anonymisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den einskilde brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa avidentifiserast slik at berre dei tre første gruppene i adressa brukast til å generere statistikk. I tillegg behandlast IP-adressene på aggregert nivå, som vil seie at alt av data slåast saman til ei gruppe og ikkje behandlast individuelt.

    Nord universitet brukar SiteImprove og Google Analytics som analyseverktøyet på nettstaden vår.

    Følgjande informasjonskapslar brukast på nord.no og blogg.nord.no i samband med brukaranalyse og sideoptimalisering:

    • Analyseverktøyet SiteImprove (_cfduid, nmstat) plasserer to informasjonskapslar på datamaskina di for at vi skal kunne samle inn statistikk. Informasjonskapselen slettast etter 1 år.
    • Analyseverktøyet Google Analytics (_ga, _gid, _gat) plasserer tre informasjonskapslar på maskina di for å samle inn statistikk og optimalisere førespurnadsraten).
  • Nord universitet brukar informasjonskapslar i marknadsføringa. Informasjonskapslar bidreg til å gjere marknadsføringa av studieprogram, føredrag, seminar o.l. meir tilpassa og relevant for brukaren.
    Om du som brukar samtykker ønskjer Nord universitet å vise deg tilpassa annonsar på andre nettstader du besøkjer. Dette gjer vi ved bruk av Google Tag Manager. Dette verktøyet gjev oss høve til å vise deg annonsar om aktuelle studietilbod, seminar, føredrag m.m. som vi trur kan vere av interesse for deg som brukar av nettsidene til universitetet.

    For å bruke opplysningane dine til persontilpassa marknadsføring treng vi samtykke frå deg. Du kan til ei kvar tid gje frå deg eller trekkje samtykket ditt ved å bruke innstillingane i nettlesaren din.

    Følgjande informasjonskapslar brukast på nord.no og blogg.nord.no i samband med persontilpassa marknadsføring.

    Meta Pixel
    Nord universitet brukar Meta Pixel for å måle trafikk mellom Facebook og nettsidene våre​. Meta Pixel er ein informasjonskapsel brukarane sjølv vel å laste ned gjennom Facebook til eininga dei brukar. Gjennom å gje samtykke til bruk av denne typen informasjonskapsel gjer brukarar det mogleg for Facebook å kople saman Facebook-brukaren til nettrafikken på nettsida vår, nord.no. På denne måten kan vi tilpasse marknadsføringa til brukarar basert på korleis dei brukar nettsida nord.no. Her kan du lese meir om korleis Facebook brukar informasjonskapslar.

    Snapchat Pixel
    Nord universitet brukar Snap Pixel for å tilpasse marknadsføringa ved å spore trafikk frå Snapchat til nettsida nord.no. Dette gjer vi for å måle korleis innlegga våre på Snapchat skapar trafikk til nettsida. Snap Pixel blir lagt inn gjennom Google Tag Manager. Her kan du lese meir om korleis Snapchat behandlar Personvern

    Google remarketing og Google Ads
    Nord universitet brukar remarketing frå Google Ads for å kome i kontakt med personar som tidlegare har samhandla med nettstaden nord.no. Dette vil seie at tidlegare besøkande kan ta i mot relevante annonsar frå Nord universitet på andre nettstader. Ved å bruke nettstaden nord.no godkjenner du at Google behandlar opplysningar om deg. Du kan sjølv tilpasse annonseinnstillingane dine hos Google

    Adform
    Nord universitet brukar Adform for å måle effekten av annonsane våre slik at vi kan levere meir relevante annonsar. Adform brukar informasjonskapslar slik at vi kan målrette annonsane våre til utvalde målgrupper, frekvensstyre annonsane etter aktivitet, sjå brukaråtferda til brukarane våre opp mot annonseringa, og samle informasjon om interessa for å skape meir relevante annonsar til brukarane våre. Adform lagrar inga personlege opplysningar og dataa er anonymiserte. 

    Google Tag Manager and AdWords (_gac) plasserer ein informasjonskapsel på datamaskina di for å gje kampanjerelatert informasjon. Informasjonskapselen blir sletta etter 90 dagar.

  • For å gje frå seg eller trekkje samtykke for bruk av informasjonskapslar brukar du innstillingane i nettlesaren din.

    Dei fleste moderne nettlesarane (Google Chrome, Internet Explorer, Firefox, Safari, Opera, etc.) er innstilte på å akseptere informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir aksepterte.

    Om du ikkje ønskjer å tillate informasjonskapslar frå nettstaden vår, kan du:

    Forlate nettstaden eller stille inn nettlesaren så han varslar deg kvar gong datamaskina mottek ein informasjonskapsel (slik at du kan velje om du vil akseptere denne eller ikkje)

    Blokkere alle eller visse typar informasjonskapslar. 

    Nettlesaren kan også slette tidlegare lagra informasjonskapslar. Sjå hjelp-funksjonen i nettlesaren for informasjon om korleis du tilpassar innstillingane for informasjonskapslar.

    Nettvett.no gjev utfyllande informasjon om handtering av innstillingar for informasjonskapslar i ulike nettlesarar.

  • AWSALBCORSSiteimproveAWSALB-informasjonskapselen sikrar at alle sidevisningar for det same besøket (brukarøkta) vert sende til same endepunkt. Dette gjer at vi kan bestemme rekkefølgja av ein brukar sine sidevisningar, som er naudsynt for funksjonar som Atferdssporing og Trakter. Informasjonskapseltype: Varig – utløper etter 7 dagar.
    ooMetaDenne informasjonskapselen bidrar til å lagre annonseringspreferansane dine.
    x-refererMetaDenne informasjonskapselen sporer den siste sida brukaren var på før dei klikka seg til Facebook-sida. Den hjelper Facebook med å forstå trafikkmønster og optimalisere brukaropplevinga.
    datrMetaDette er ein unik identifikator for nettlesaren din, som blant anna hjelper oss med å beskytte deg mot svindel. Denne informasjonskapselen hjelper oss òg med å identifisere nettlesarar som blir brukt av ondsinnede aktørar, samt å førebygge angrep på nettsikkerheita.
    sbMetaDesse informasjonskapslane hjelper oss med å identifisere nettlesaren din på ein trygg måte.
    wdMetaDesse informasjonskapslane bidrar til å levere ein optimal oppleving for skjermen på din enhet.
    m_pixel_ratioMetaDenne informasjonskapselen er knytt til pikseltettleiken på brukaren sin skjerm. Den hjelper Facebook med å levere bilete og innhald som passar for brukaren sin enhet og sikrar ein klar visuell oppleving.
    __Secure-3PSIDGoogleBrukt for tryggingsføremål for å autentisere brukarar, førebygge svindelaktig bruk av innloggingsdetaljar og beskytte brukardata.
    SSIDGoogleLagra øktskonfigurasjonar for å forbetre brukaropplevinga.
    HSIDGoogleHjelper til med å førebygge uautorisert tilgang til ein brukar si konto og hugsar brukarinnstillingar.
    SIDGoogleSporar brukarøkter for å gje ei sømlaus nettoppleving.
    __Secure-3PAPISIDGoogleBrukt for målrettingsføremål for å lage ein profil av nettstadsbesøkaren sine interesser for å vise relevante annonser.
    __Secure-3PSIDCCGoogleBrukt i kombinasjon med tryggings- og autentiseringsinformasjonskapslar for å hugse brukarinnstillingar.
    APISIDGoogleBrukes til å lagra brukarpreferansar og informasjon medan ein ser på sider med Google-kart på dei.
    __Secure-1PAPISIDGoogleEin tryggingsinformasjonskapsel som spelar ei rolle i beskyttelsen av brukardata mot uautorisert tilgang.
    SAPISIDGoogleBrukt til å måle effektiviteten av annonser og gje råd.
    APISIDGoogleBrukes til å lagra brukarpreferansar og informasjon medan ein ser på sider med Google-kart på dei.
    HSIDGoogleHjelper til med å førebygge uautorisert tilgang til ein brukar si konto og hugsar brukarinnstillingar.
    __Secure-1PSIDGoogleBrukt for autentisering og for å oppretthalde tryggleiken til brukarkontoinformasjon.
    SIDCCGoogleBrukt til å beskytte brukardata mot uautorisert tilgang.
    SIDGoogleSporar brukarøkter for å gje ei sømlaus nettoppleving.
    __Secure-1PSIDCCGoogleBrukt i kombinasjon med andre tryggingsinformasjonskapslar for å beskytte brukardata.
    __Secure-1PSIDGoogleBrukt for autentisering og for å oppretthalde tryggleiken til brukarkontoinformasjon.
    SAPISIDGoogleBrukt til å måle effektiviteten av annonser og gje råd.
    __Secure-3PAPISIDGoogleBrukt for målrettingsføremål for å lage ein profil av nettstadsbesøkaren sine interesser for å vise relevante annonser.
    __Secure-1PAPISIDGoogleEin tryggingsinformasjonskapsel som spelar ei rolle i beskyttelsen av brukardata mot uautorisert tilgang.
    ARRAffinitySameSiteSocialboardsBrukes av Azure skyplattform for lastbalansering for å sikre at brukaropplevinga er konsekvent og påliteleg ved å distribuere innkommande trafikk til ulike serverar effektivt.
    ARRAffinitySocialboardsBrukes av Azure skyplattform for lastbalansering, slik at same webserveren handterer ein brukar sine påfølgjande førespurnader for å gi ein konsekvent brukaroppleving.
    IDEGoogle / DoubleclickBrukt av Google DoubleClick for å registrere og rapportere nettstadsbrukaren sine handlingar etter å ha sett eller klikka på ein av annonsør sine annonser med det formålet å måle effektiviteten av ein annonse og presentere målretta annonser for brukaren.
    nmstatSiteimproveDenne informasjonskapselen blir brukt for å hjelpe med å registrere besøkaren si bruk av nettsida. Den blir brukt for å samle inn statistikk om sidebruk, som til dømes når besøkaren sist var på sida.
    Denne informasjonen blir deretter brukt for å forbetre brukaropplevinga på nettsida. Informasjonskapselen inneheld ein tilfeldig generert ID som blir brukt for å gjenkjenne nettlesaren når ein besøkande les ei side. Informasjonskapselen inneheld ingen personleg informasjon og blir berre brukt for nettanalyse. Den blir òg brukt for å spore rekkefølgja av sider ein besøkande ser på under eit besøk.