Bærekraft, klima og etikk
Emnet vil gje ei innføring i kva som ligg i omgrepet berekraft, og du vil bli nærare kjend med FN sine 17 berekraftsmål. Du vil lære om korleis menneskeskapte endringar påverkar både biodiversitet, matproduksjon, økosystem og samfunnet, både lokalt og globalt. Du vil òg lære korleis du kjenner att strategiar for ‘grønvasking’ og korleis du kritisk og ope kan vurdere påstandar om berekraft frå ulike kjelder.
Emnet vil ta for seg kva potensielle konsekvensar pågåande klimaendringar, arealbruksendringar og forureining har på matproduksjon på land og i havet, på matvaresikkerheita globalt, på marine og terrestriske økosystem og næringsnett og på den innfødde faunaen og floraen i Noreg. Du vil òg bli introdusert for etiske dilemma innan biologi og berekraft.
Aktuelle hendingar og klassiske dilemma vil bli diskuterte via oppgåver og samtalar med medstudentar. Du vil lære korleis du kjenner att villeiande påstandar om berekraft ved hjelp av kritisk tenking, og korleis berekraft kan nyttast i studiefeltet ditt eller framtidige yrke.
Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:
- Husdyrvelferd, årsstudium
- Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium
- Naturforvaltning, årsstudium og bachelorgradsstudium
- Skogfag, årsstudium og bachelorgradsstudium
- Biologi, årsstudium og bachelorgradsstudium
- Havbruksdrift og leiing, bachelorgradsstudium
- Dyrepleie, bachelorgradsstudium
Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.
Ein student som har fullført utdanninga, er venta å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- kan definere omgrepet berekraft og beskrive FN sine berekraftsmål
- kan gjere greie for korleis menneskeskapte endringar påverkar natur og samfunn både lokalt, regionalt og globalt
- kan identifisere og beskrive etiske dilemma innan biovitskap, særleg knytt til berekraft og menneskeskapte endringar
- kan beskrive og samanlikne ulike miljøanalysar (som til dømes Life Cycle Assessment (LCA))
Ferdigheiter:
- kan nytte og formidle kunnskap om berekraft, etiske dilemma og klimaendringar innanfor sitt eige fagområde
- kan nytte kritisk tenking på aktuelle hendingar og samfunnsaktuelle tema
Generell kompetanse:
- har innsikt i FN sine berekraftsmål og korleis dei kan vere relevante i biologiske yrke
- kan nærme seg påstandar om berekraft kritisk og er i stand til å kjenne att villeiande strategiar
- kan utveksle synspunkt om etiske dilemma og framtidige konsekvensar av menneskeskapte endringar på planeten objektivt og basert på vitskaplege fakta
Samansett vurdering: Alle delane beskrive under må vere godkjende/beståtte for å få endeleg karakter i emnet.
- Seminar - 4 obligatoriske seminar, tel 0/100 av karakteren. Godkjent / Ikkje godkjent.
- Oppgåve (OP) - individuell, tel 100/100 av karakteren, bokstavkarakter.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
HUS1003 - Klima og bærekraft - 5 Studiepoeng
FIL1001 - Ex. Phil. Etikk, bærekraft og samfunnsansvar - 2.5 Studiepoeng