Norske historiedagar 2024

Bodø by en sommerdag. Foto tatt ovenfra.
Norske historiedagar 2024
Velkommen til Norske historiedagar i Bodø 27–30. juni 2024.

Norske historiedagar er den største nasjonale møteplassen for historikarar i Noreg. Her treffast historikarar på tvers av fagfelt og interesser, frå arkiv, bibliotek, skolen og universiteta til årlege diskusjonar om dagsaktuelle tema knytt til historisk utvikling.

Arrangementet er eit samarbeid mellom vertsinsitusjonen, normalt ein høgskole eller eit universitet med historieundervisning. I 2024 skjer arrangementet på Nord universitet i Bodø og er knytt tett til tema som aktualiserast gjennom Bodø2024 – Bodø som europeisk kulturhovudstad.

Meld deg på Norske historiedagar 2024 (letsreg.com)

NB: Om du ønsker å melde deg på ekskursjon før arrangementet, er det ei separat påmelding til denne som du finn du meir info om lenger ned på sida.

Påmeldingsfrist er 15. mai 2024. Seminaravgift for tidleg påmeldte (før 1. april) er 1250 kroner. Etter 1. april 1500 kroner.

  • Hovudtema med manuslokking og sesjonsforslag: 

    30 år etter avstemminga om norsk tilknyting til EU (1994) tar vi omgrepet «dikotomisering» opp som tema for dei norske historiedagane. Då handla spørsmålet dikotomiar, nærmare bestemt omgrep eller fenomen som rommar eller byggjer på omgrepsmotsetningar. Det var snakk om dikotomiar om folk og elite, by og land, sentrum og periferi, Europa og Noreg, og ikkje minst mellom nasjon og union. Dikotomiane auka også kjensla av demokratisk krise, og prega den offentlege debatten då som no. Dikotomiane har ein evne til å stimulere til polarisering, og kan fremje populisme. Då kokte spørsmålet til sjuande og sist ned til dikotomiane «ja» eller «nei», som var einaste tekst på stemmesetelen i valet i slutten av november 1994. 

    Dikotomiar er viktige omgrep som forenklar erkjenningsverda vår, og dei seinare åra har dikotomiar kanskje blitt enda viktigare enn før, også for historikarane si behandling av komplekse tema. 

    Norske historiedagar blir halde i den europeiske kulturhovudstaden Bodø i 2024, i den byen 59,9 % av folket stemte mot EU. Historia er  full av paradoks og nyansar, noko vi vil adressere i det landet 52,5 % av folket også stemte nei. I dag er land og by eit utanforland og ein utanforby i eit europeisk fellesskap. 

    Dikotomisering og polarisering kan skygge for det offentlege ordskiftet. Det norske historiemiljøet blir derfor utfordra til å drøfte og problematisere den utstrekte bruken av dikotomiar i det offentlege ordskiftet. Det gjeld ikkje berre dei som arbeider med moderne historie eller samtidstema, men også historikarar med forsking på antikken, mellomalderen eller tidleg-moderne periodar. Det er særleg viktig nettopp å analysere dikotomiane i tidsperspektiv for å forstå dei langsiktige verknadene dei har hatt for Noreg i dag. Historiedagane i 2024 vil såleis utfordre samtidas unyanserte, lite finmaska bruk av dikotomiar. 

    Vi oppmodar særleg forskarar, arkivarar, lærarar, PhD-studentar og historieinteresserte om å spele inn framlegg til sesjonar, manus og frie foredrag med relevans for historiedagane 2024. Kom gjerne med tema på foredrag og sesjonar på aktuelle dikotomiar som:

    • Sentrum og periferi
    • Klima og økonomi
    • Kjønn og politikk
    • Voner og realitetar
    • Skam og nasjonalstat
    • Elite og masse
    • Noreg og Verda
    • Noreg og Skandinavia
    • Religion og stat
    • Revolusjon og reaksjon
    • Utopi og dystopi

    Individuelle framlegg skal vere på maksimum 300 ord og ha ei kort biografisk skisse på maksimum 100 ord. Sesjonsframlegg skal ha 3-4 paper kvar, og elles liknande presentasjon som skissert for individuelle framlegg. 

    Har du førespurnader og spørsmål eller framlegg så send dei til: historiedagane2024@nord.no

    Merk: Innsendingsfrist 15. januar 2024

    Informasjon om program, overnatting og påmelding kjem snart.

  • Torsdag 27. juni: Road-trip i det samiske Salten

    • Kl 11:00: Avreise Bodø sentrum – Bodø lufthavn – via Saltstraumen – Misvær på Kulturvegen til Saltdal.
    • Retur ca. kl 17:00.

    Fredag 28. juni: Nord universitet

    • Kl 10:00–11:30: Registrering Nord Universitet.
    • Kl 11:30: Opning og velkomen – presentasjon av hovudtema.
    • Kl 11:50: Første føredrag – Samar og nordmenn – to folk på same territorium (Professor Astri Andresen, UiB).
    • Andre føredrag – Lov og Ulov i eit jubileumsår – Magnus Lagabøter og landslovsjubileet (Førsteamanuensis Miriam Tveit, Nord universitet).
    • Kl 13:00: Lunsj.
    • Kl 13:45: Parallelle sesjonar 1.
    • Kl 15:15: Kaffepause.
    • Kl 15:25: Parallelle sesjonar 2.
    • Kl 16:55: Kaffepause.
    • Kl 17.05: Parallelle sesjonar 3.
    • Kl 18:35: Pause – retur til Bodø sentrum.
    • Kl 19.00: Mottaking – Bodø sentrum.
    • Kl 20:30–22:00: Historikarpub.

    Laurdag 29. juni: Nord universitet

    • Kl 09:00: Parallelle sesjonar 4.
    • Kl 10:30: Kaffepause.
    • Kl 10:40: Parallelle sesjonar 5.
    • Kl 12:10: Lunsj.
    • Kl 12:40: Parallelle sesjonar 6.
    • Kl 14:10: Pause.
    • Kl 14:45: Fellessesjon: Folkets Hus, Bodø sentrum.
      • "Ja eller nei 30 år etter? Korleis gjekk det med landet vårt etter EU-avstemminga i 1994. Historisk oppsummering frå to historikarar."
    • Kl 16:15: Pause.
    • Kl 16:30: Årsmøte HIFO – Folkets Hus.
    • Kl 19:00: Middag Scandic Havet hotell.
    • Kl 21:30: Historikarpub.

    Sundag 30. juni:

    Ekskursjonsdag

  • Informasjon kjem.

  • Meld deg på Norske historiedagar 2024 (letsreg.com)

    Påmeldingsfrist er 15. mai 2024. Seminaravgift for tidleg påmeldte (før 1. april) er 1250 kroner. Etter 1. april 1500 kroner.

  • Kart over Bodø med hotellene Scandic Havet og Scandic Bodø uthevet. Vektorgrafikk.
    Skjermdump teke i Google Maps: 1. Scandic Havet, 2. Scandic Bodø.

    Vi har reservert rom på Scandic Havet og Scandic Bodø.
    Festmiddagen laurdag 29. juni er også på Scandic Havet.

    Pris pr. natt for overnatting er høvesvis 1590,– kroner for Scandic Havet og 1390,– kroner for Scandic Bodø.

    All overnatting må tingast individuelt og betaling skjer på nettsida til Scandic. Bruk bookingkode for det hotellet de ønskjer å bu på ved bestilling.

    Scandic Havet

    Bookingkode på nett: BUNI270624

    Scandic Bodø

    Bookingkode på nett: BBOD270624

    Vår prisgaranti på romma gjeld berre fram til 26. mars 2024 og kan kansellerast fram til 9. juni 2024. Husk at Bodø er Europeisk Kulturhovudstad i 2024, så det kan bli vanskeleg å skaffe hotellrom viss du er for seint ute.

    Rombestilling

    Rombestilling kan gjørast online eller hos kundeservice.

    Booking på nett: Scandichotels.com

    Booking via kundeservice: 23 15 50 00

    Opningstider: Mån-fre: 08.00–20.00

  • SAMISKE SØR-SALTEN – EI REISE INN I ET FLERETNISK LANDSKAP

    Busstur fra Bodø via Skjerstad og Saltdal til Lønsdal med retur via Finneid og Fauske til Bodø

    Hensikten er å vise fram og øke forståelsen for den samiske tilstedeværelsen i regionen. I tillegg skal vi fortelle om relasjoner mellom den samiske og den norrøne/norske befolkninga i Sør-Salten over tid. Vi skal se på materielle og immaterielle minner langs ruten og løfte fram spørsmål knyttet til tematikken, men også til hvordan kulturlandskapets materielle og immaterielle arv har framkommet gjennom tid i møter og samkvem, og i konkurranse og konflikt mellom ulike folk.

    Kulturminnene er knyttet til stedsnavn, sagn og tradisjon, bosetningsspor, urgraver, sølvdepoter, offerplasser og beingjemmer, næringsspor og skriftlige kilder. Tolkningen av kulturminnene blir drøftet og den historiske konteksten problematisert med referanser til overordnede tema som framveksten av etniske grupper og etniske relasjoner over tid; samiske næringstilpasninger i kystlandskapet; sjøsamisk tilstedeværelse i Saltfjord/Skjerstadfjorden, særlig sett i sammenheng med mangel på omtale i skriftlige kilder; Salten i reindriftslandskapet; reindriftens vilkår og markabosettinger; reindriftsadministrasjon og -politikk i nyere tid.

    Turen avsluttes med en oppsummering av kunnskaps- og forskningsstatus og noen filosofiske og praktiske spørsmål om hvordan vi kan vite om en fleretnisk fortid, hvilke betydning innsikten om en fleretnisk fortid har for tolkning av kulturspor, og hva dette kan bety for landskapsforvaltning og historieformidling.

    Ruta vil gå gjennom Bodø by, med søkelys på «Rønvikskatten» og urgravene, markabosettingene i Bodø-marka, det samiske veidesamfunnet rundt Tverlandet og Saltstraumen, og de første bosettingene ved Tuv sett i forhold til framveksten av etniske grupper.

    Så reiser vi inn i landet til den «skjulte» sjøsamiske bosetting ved Saltfjord, Skjerstadfjord og Misværfjord, der forholdet mellom kyst og innland og det inter-etniske samkvem (jernalder/middelalder) blir særlig betona. På Dugnadsvegen møter vi jernvinne og klebersteinsbrudd, ser på Svartedaudens innvirkning på bosettingshistoria, før vi kommer inn i Øvredalens skogallmenning med markabosettinger. Området kjennetegnes av konflikt mellom moderne reindrift norsk/svensk og reindriftspolitikk og -administrasjon, og konkurranse om utmarka.

    I Saltdal ser vi på den norrøne kulturen sammen med den mangfoldige bosettingshistorien der ekspansjon, allmenninger, samiske markabosettinger, skoglapper, bygdelapper, bygdefjellapper, bygdefinnlapper, bygdefinner, sjøfinner er i fokus. Vi ender vi øverst på brinken av Saltfjellet i Lønsdal, med sine stallotufter og samiske kulturminner. Forholdet mellom Nordsamisk reindrift og den tradisjonelle Pitesamiske reindrifta blir berørt, og relasjonen til bruken av Pitesamisk lappmark på svensk side av grensen, og den såkalte verdde-relaterte reindrifta. Vi ser også på norsk-samisk båtbygging på Sundby og Rognan og stedet som senter for norsk-samisk økonomisk samkvem, administrative tiltak og politisk kontroll med Rognans lappemarked og -ting.

    Seinere kommer vi til Finneid som kan ha vært et etnisk møtepunkt, og i Fauske prøver vi å få til et møte med en samisk reindriftsutøver og deres reorientering mot helnorsk reindrift, særlig knyttet til området mellom Sørfold, Fauske og Bodø, som ligger i et grenseområde mellom Lulesamisk og Pitesamisk språk og kultur, noe som understreker det mangfoldige Nordland.

    Avgang Bodø lufthavn kl. 1100, torsdag 27. juni - Retur Bodø sentrum kl. 1700.

    Pris: 350,- kroner

Merk: Individuelle framlegg skal vere på maksimum 300 ord og ha ei kort biografisk skisse på maksimum 100 ord. Sesjonsframlegg skal ha 3-4 paper kvar, og elles liknande presentasjon som skissert for individuelle framlegg. 

Har du førespurnader og spørsmål eller framlegg så send dei til: historiedagane2024@nord.no

Innovasjon i helsetjenestene
Konferanse/seminar
14. mai 2024

Innovasjon i helsetjenestene

Campus Bodø
13:00
15:30
Hvordan bygge gode samarbeid i forskning mellom akademia, næringsliv, offentlige og kommunale tjenester.
PhD Defence: Betty Martine Normann Furulund
Disputas
15. mai 2024

PhD Defence: Betty Martine Normann Furulund

10:15
15:00
Doctoral candidate Betty Martine Normann Furulund will hold a trial lecture and defend her thesis for the degree Philosophiae Doctor (PhD) at the Faculty of Biosciences and Aquaculture, Nord University.