Faggruppe for grunnskulelærarutdanning
Faggruppa for grunnskulelærarutdanning (GLU) tilbyr både nett - og samlingsbaserte og campusbaserte studiar i vår femårige mastergrad i Bodø, på Nesna og i Levanger.
Fagmiljøet har hovudfokus på undervisning, forsking og formidling.
Nær 110 årsverk leverer inn til grunnskulelærarutdanninga. I 2021 var publiseringsaktiviteten høgare enn nokon gong for Nord universitet, noko som og kjem til syne i både undervisning og formidling.
Nord universitet synleggjer ansvaret sitt for sør- og lulesamisk språk og kultur gjennom tilbodet om sør- og lulesamisk grunnskulelærarutdanning.
I tillegg er internasjonalisering eit viktig område for grunnskulelærarutdanninga, og vi har tilbod om student- og ansattutveksling til anerkjente universitet i Europa, Asia, og Amerika. GLU har eit godt samarbeid med universitet som har lærarutdanningar med høg kvalitet og godt omdømme, og studentar med denne erfaringa blir attraktive på arbeidsmarknaden.
Faggruppa har fire universitetsskular som er ein viktig del av samarbeidet mellom vertskommunane, universitetet og praksisfeltet. Her ligg det til rette for eit forskings- og utviklingsarbeid som skapar nærleik og relevans mellom praksis og utdanning.
Vi er opptekne av at både studentar og fagtilsette skal kjenne tilhøyring og meistring. Nærleik til studenten – det å bli sett – er viktig for oss.
Faggruppeleder: Liv Iren Grandemo
Studieprogramkoordinator Bodø: Charlotta Maria Langejan
Studieprogramkoordinator Levanger: Heidi Kristin Holmen
Studieprogramkoordinator Nesna: Sylvi Irene Bratteng
Forskningsgruppen er sammensatt av medlemmer som representerer ulike fagfelt og faggrupper med det til felles at vi sentrerer vår forskning rundt profesjon, praksis og utvikling knyttet til barnehage og skole. Forskningsgruppen har samarbeidspartnere fra flere universiteter og høgskoler nasjonalt og internasjonalt.