Leiv Heming Sem

Førsteamanuensis Fakultet for lærerutd., kunst og kultur
E-post:
leiv.sem@nord.no
Tlf:
+47 74 02 26 43
Mobil:
Kontor:
Levanger, C Nylåna 4.322

Om meg/bakgrunn

​Eg har vori tilsett på lærarutdanninga på Røstad sidan 2012. 

Før dette var eg tilsett og tilknytta Minnestaden og menneskeretssenteret Falstad 2002-2012 som museumsleiar og forskar, i perioden  2006-09 som PhD-stipendiat ved UiO, og 2009-11 som post doc ved NTNU Vitenskapsmuseet. 

I min ungdom var eg tilsett som lektor ved Grong og Namsos vidaregåande skular. 

Eg tok PhD i kulturhistorie frå UiO (2010) med ei avhandling om norsk krigsminnekultur. ​​Før det tok eg hovudfag i folkloristikk ved UiO (2000). Hovudoppgåva var om Moltke Moes innsamling, restituering og publisering av folkedikting. 

Eg har seinare tatt kurs i UH-ped ved HiNT/DMMH (2015). 

Undervisning/veiledning

Eg underviser i norsk på både bachelor- og masternivå, fyrst og fremst på grunnskulelærarutdanninga, men også litt på barnehagelærarutdanninga. Eg underviser mest om litterære emne, men har også undervist i somme språklege emne, og da mest språkhistoriske og språkpolitiske. 

Sidan den faglege bakgrunnen min er folkloristikk, har eg undervist på universitetsnivå også i somme samfunnsvitskaplege fag som masteremnet Identitet og politikk ved NTNU, og eg har vori sensor på masternivå ​​​i kulturhistorie ved UiO og kulturminneforvalting ved NTNU, i tillegg til å vere sensor i norsk. 

Forskning

Forskingsinteressene mine k​rinsar om tre hovudemne: Det fyrste emnet har vore litteraturhistorie, særleg munnleg folkedikting og folkloristisk faghistorie. 


Eit anna hovudemne har vori minnekultur etter andre verdskrigen, fyrst og fremst i Noreg. 


Dei seinare åra har eg jobba med sørsamisk historie og identitetsbygging. 


Eg leiar ei forskingsgruppe ​ved fakultetet der kulturell og didaktisk handsaming av tra​umatisk historie er kjernen.