Nett- og samlingsbaserte studium

Få litteratur sendt heim​​​​

Studentar på nett- og samlingsbaserte studium som ikkje bur i nærleiken av eit av biblioteka til Nord universitet, kan bestille og få litteratur sendt heim. Studentane må sjølv sørge for retur, og kostnadar knytta til returporto.

Slik gjer du for å få litteratur sendt heim:

  • Be​still materiale i søkeportalen Oria 
  • ​I feltet for hentestad, vel: Lev​ering til adresse – heimeadresse
  • Pass på at adressa di er korrekt i StudentWeb
  • Dersom du vil motta sendinga på ein annan adresse enn heimeadresse, må du opplyse om dette i kommentarfeltet.

NB: UB Nord sender ikkje bøker heim til adresser utanfor Noreg. Dersom du har behov for enkeltkapittel frå pensumbøker, kan desse sendast som kopi. Gi beskjed om dette i kommentarfeltet for bestillinga. Antall sider som kan sendast blir bestemt i henhald til Kopinor-avtalen.

Hente litteratur når du er på samling

Studentar på samling​sbaserte studium kan bestille bøker som står på hylla (ev. i biblioteket) og avtale henting når dei skal på samling på studiestaden. Hentefrist er 5 arbeidsdagar. NB: Denne ordninga gj​​​​eld berre for dei med lang reiseveg til universitetet. Bestill minst 2 dagar før samlinga slik at biblioteket rekk å effektuere bestillinga.

  • Bestill i søkeportalen Oria
  • I feltet for hentestad, vel biblioteket på studiestaden der du skal på samling
  • Skriv i kommentarfeltet at du vil hente bøkene når du er på samling.​​