Sosiale medium-plattformane Facebook og Instagram eiges av Meta Platforms, Inc. (tidlegare Facebook, Inc.) og brukast av Nord universitet til å kommunisere ut relevant innhald til potensielle og noverande studentar, marknadsføre studietilbod og synleggjere forsking og arrangement til eit breitt publikum.
Når du brukar Nord universitet sine Facebook- og Instagram-sider vil Meta Platforms utarbeide analysar av din bruk. Analysen inngår i sideinnsikt som Nord universitet får tilgang til.
I sideinnsikten inngår blant anna visningar av innlegg, videoar og bilete i tillegg til brukarens engasjement og handlingar med Nord universitets innhald.
Meta Platforms vil behandla personopplysningar om deg, men sideinnsikten som Nord universitet får tilgang til kan ikkje knytast til deg som enkeltperson.
Føremålet og det lovlege grunnlaget for å nytta sideinnsikt er Nord universitets berettigede interesse i å bruke Metas plattformer til å vise korleis dei bidreg til å løyse sitt samfunnsansvar overfor eit breitt publikum.
- Vi kan ikkje garantere for at Meta brukar dine personopplysningar på ein forsvarleg måte i samsvar med personvernforordninga GDPR.
- Sideinnsikten vi har tilgang til er meir avgrensa enn dataene Meta samlar inn, og vi veit ikkje korleis dei blir nytta i deira kommersielle samanheng.
- Di bruk av Metas plattformer kan utgjere ein risiko for dine fridomar og personvern, for eksempel ved at dine kommentarar, likar-klikk og anna engasjement kan samlast inn og brukast utan å garantere for informasjonssikkerheita.
- I underkant av 3,5 millionar nordmenn har ein profil på Facebook. 65 % av desse brukar Facebook dagleg. (Ipsos, mars 2022)
- I overkant av 2,6 millionar nordmenn har ein profil på Instagram, der 39 % brukar profilen dagleg. (Ipsos, mars 2022)
- Det er gjennom Metas plattformer at vi best kan nå ut til befolkninga med innhald som engasjerer og opplyser om alt frå studentliv, utdanning og forsking.
- Data gir oss innsikt i kva målgruppene våre er opptekne av, og lar oss tilpasse innhaldet til å vere så relevant som mogleg.
- Data frå Meta Pixel lar oss måle trafikk mellom Metas plattformer og Nord.no, som gir oss moglegheiter til å tilpasse korleis vi marknadsfører universitetet og byggjer opp nettsidene våre. Les meir om korleis vi bruker Meta Pixel og andre informasjonskapslar her.
- Enkeltpersonar sine handlingar vil aldri knytast til dataene vi hentar ut frå Metas plattformer.
- Vi legg aldri persondata frå andre system inn i Meta sine plattformer.
- Kommunikasjonsenheten har eit redaktøransvar for innhaldet som blir publisert.
- Vi publiserer aldri konkurransar, arrangement eller innhald som ber deg utlevere personopplysningar.
- Vi publiserer aldri innhald som legg opp til sterke kjensler eller konfliktar i kommentarfeltet.
- Vi overvåker våre sosiale medium kvar dag i året, med vaktordning på kveldstid, helgar og heilagdagar.
- Personangrep og usaklege kommentarar blir ikkje aksepterte, og kommentarfeltet blir moderert ved behov.
- Vi vurderer frå sak til sak om kommentarfeltet skal vere ope.
- Vi overvåker våre sosiale medium kvar dag i året, med vaktordning på kveldstid, helgar og heilagdagar.
- Nord universitet har eit redaktøransvar for grupper som har ulik tematisk og fagleg innhald, og som er tilknytte Nord universitets Facebook-sider.
- Ved å melde deg inn i undergrupper som eiges av Nord universitet vil du få innhald som ikkje er ein del av den organiske feeden frå alle medlemmar. Ved å vere medlem i slike grupper og delta i kommentarfelt godtar du dermed risikoen dette inneber.
- Nord universitet har eit redaktøransvar for grupper som har ulik tematisk og fagleg innhald, og som er tilknytte Nord universitets Facebook-sider.