Forsikring for studentar

Nord universitet ønsker å førebygge og unngå skadar. Dersom ulykka likevel skulle vere ute, gir vi ei oversikt her over korleis du er forsikra dersom du blir skada i studietida.

Nord universitet teiknar ikkje forsikring for studentane sine verken for personskade eller tingskade. Studentar blir oppmoda til å teikne eigne forsikringar for eventuelle skader som kan oppstå. Du må sørgje for at forsikringa også gjeld skade som oppstår i undervisninga på undervisningsstaden, og at den gjeld både for skade på person, og skade på eller tap av ting.

Studentar som er medlem i folketrygda vil kunne vere yrkesskadedekka etter folketrygdlova. Dekninga gjeld for yrkessjukdom eller skade som oppstår som følgje av ei arbeidsulukke, i undervisningstida på undervisningsstaden.

  • Studentar som er busett i Noreg, eller som har opphald som er meint å vare meir enn 12 månader, er pliktige medlemmer av Folketrygda. Dei er difor i utgangspunktet yrkesskadedekka etter folketrygdlova, jf. § 13-10.

    Dette inneber at studentar har dei same rettane som arbeidstakarar når det gjeld yrkesskadedekning, dersom vilkåra i loven er oppfylt. At ein skade eller sjukdom vert rekna som yrkesskade eller yrkessjukdom inneber at ein har visse særrettar etter folketrygdlova.

    Retten til yrkesskadedekning gjeld berre ved personskade som skuldast ei arbeidsulykke.
    For at ei skade skal kunne dekkast, må skaden ha oppstått:

    • i ein undervisningssituasjon
    • på undervisningsstaden
    • i undervisningstida

    Undervisningsstaden er der undervisninga faktisk føregår. Arbeid på lesesal er likestilt med undervisning. Dekning etter folketrygdlova gjeld også for ekskursjonar og liknande utanfor ordinært undervisningsstad dersom det skjer i regi av universitetet.
    Det er Nav som avgjer om ei skade blir godkjent etter folketrygdlova.

  • Helseforsikring

    Om du har stønad frå Lånekassen til studiar i utlandet, er du automatisk medlem i folketrygda også under utanlandsopphaldet og sjølv om fråværet frå Norge er meir enn 12 månader. Dersom du studerer i et EU/EØS-land har du rett til dekking av helsetenester, men vi anbefaler reise- og innbuforsikring i tillegg. Om du studerer for eksempel i USA, må du ha reiseforsikring som dekker helsehjelp.

    Studentar som ikkje har stønad frå Lånekassen, er likevel medlem av folketrygda dersom oppheldet er kortare enn 12 månader.

    For å dokumentere at du har krav på nødvendig medisinsk behandling innanfor EU/EØS må du bestille Europeisk helsetrygdkort.

    Reiseforsikring

    Det er viktig å vere merksam på at du uansett må ha ei tilleggsforsikring (reiseforsikring). Folketrygda gir i nokre tilfelle rett til dekking av helsetenester, men dekker for eksempel ikkje heimsending ved sjukdom.

    Studentar bør derfor undersøke om dei har forsikring som vil dekke eventuell skade, tap og heimreise ved sjukdom under utanlandsopphaldet. Det er studentane sitt ansvar å sørge for at dei har reiseforsikring før dei reiser ut. Reiseforsikringa må gjelde heile opphaldet i utlandet. Ei normal reiseforsikring gjeld normalt berre for reiser opp til 90 dagar.

    Det finst eigne tilbod om forsikring for studentar som skal studere i utlandet, til dømes gjennom ANSA (Association for Norwegian Students Abroad).

    Forsikring ved praksis i utlandet

    Helsefagstudentar må ha ansvarsforsikring når dei er i praksis i utlandet.

  • Gjennom Arbeidsmiljøloven §1-6 og Forskrift om arbeidsmiljølovens anvendelse for personer som ikke er arbeidstakere, er studentar i praksis å rekne som arbeidstakarar.

    I dette tilfellet vil arbeidsgivar vere det aktuelle praksisstaden. Arbeidsgivar er bunden gjennom praksisavtalen å forsikre studenten gjennom praksisstadens yrkesskadeforsikringsordning.

    Om vilkåra for dekning er oppfylt, kan du fremme kravet til forsikringsselskapet. Har du praksis i ein statleg institusjon, vil praksisstaden vere sjølvassurandør etter yrkesskadeforsikringslova. Da kan du rette kravet rett til praksisstaden om det oppstår ein yrkesskade.

    Vi anbefaler å teikne privat forsikring sidan yrkesskadeforsikringa berre gjeld på arbeidsstaden i arbeidstida.

  • Utanlandske studentar er ikkje automatisk omfatta av Folketrygda sine ytingar, sidan ein må opphalde seg ein viss tid i Noreg før ein blir medlem av Folketrygda.

    Utanlandske studentar kan søkje om frivillig medlemsskap i folketygda om opphaldet er kortare enn eitt år. Utanlandske studentar må ta kontakt med det lokale Nav-kontoret for meir informasjon.

    Alle utanlandske studentar må teikne forsikring i sitt heimland som gjeld for heile opphaldet i Noreg.

    Les meir om regelverket for utanlandske studentar i Norge.

  • Nord universitet kan som andre universitet bli erstatningsansvarleg for skadar som har medført eit økonomisk tap.

    I slike tilfelle er universitetet ansvarleg for skadar etter ordinære erstatningsrettslege reglar.

    Dersom du som student meiner at du har eit økonomisk krav overfor Nord universitet, må du dokumentere det økonomiske tapet og bevise at universitetet kan klandrast for skaden.

    Følgjande vilkår må vere oppfylte for at universitetet skal bli erstatningsansvarleg:

    • Eit lidt økonomisk tap
    • Eit ansvarsgrunnlag
    • Årsakssamanheng mellom ansvarsgrunnlaget og det økonomiske tapet ditt