Norsk 2, 5.-10. trinn KFK
Om studiet
Norsk 2 er eit fleksibelt og praksisnært studium som skal utvikle kompetansen i sentrale norskfaglege tema som litteraturundervisning, sjangerkunnskap, språkdidaktikk, litteratur- og språkhistorie. Det blir lagt vekt på at deltakarane skal bruke eigen arbeidssituasjon som ein ressurs i utdanninga.
Hva kan du jobbe som?
Norsk 2 gjev saman med norsk 1 undervisningskompetanse i norsk på mellom- og ungdomstrinnet.
Grunnskolelærerutdanning eller tilsvarende og fullført minimum 30 studiepoeng norsk på høgskole-/universitetsnivå.
Ikke aktuelt
Kunnskapar
Kandidaten
- har breie kunnskapar om skjønnlitteratur og sakprosa, og har kunnskap om aktuelle litteraturdidaktiske problemstillingar
- har breie kunnskapar om språk i eit diakront og synkront perspektiv.
- har kunnskap om aktuelle språkdidaktiske problemstillingar og om norsk som andrespråk
- har kunnskap om tekstvurdering og responsgjeving
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre undervisning i sentrale norskfaglege emne tilpassa elevar på mellomtrinnet og i ungdomsskulen
- kan leggje til rette for god lese- og skriveundervisning tilpassa elevar på ulike nivå
- kan rettleie elevar i deira arbeid med munnlege og skriftlege tekstar, og kan gje læringsfremjande respons
Generell kompetanse
Kandidaten
- har innsikt i norskfagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk og litteratur på relevante måtar
- har kjennskap til aktuell fagdidaktisk forsking og problemstillingar
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 5-10 trinn i samarbeid med andre