Faggruppe for språk og litteratur
Faggruppa for språk og litteratur arbeider med forsking og fagutvikling innan eit breitt utval av språk- og litteraturfaglege studieprogram.
Faggruppa utdannar studentar innanfor master i grunnskolelærarutdanninga med vekt på norsk, lule- og sørsamisk og engelsk, og vi bidreg med kompetanse innanfor lærar- og barnehagelærarutdanning, samt etter- og vidareutdanning.
Vi har fleire studietilbod i språk og litteratur både innanfor norsk, lule- og sør-samisk og i engelskfaglege emne, og er med det ein viktig bidragsytar til det språk- og litteraturfaglege arbeidet på ulike nivå i ulike typar skoleslag.
I norskundervisninga vert ulike emne som omhandlar norskundervisning og didaktikk vektlagd. Område som språkutvikling, norsk som andrespråk, fleirspråkleg praksis, kunnskap om litteraturteori og metodar i litteraturundervisning, samt lese- og skriveopplæring er nokre av dei sentrale delane av faget.
Nord universitet har et nasjonalt ansvar for lulesamisk og sørsamisk språk og kultur. Faggruppa er den einaste i verda som tilbyr grunnskolelærerutdanning trinn 1-7 i sørsamisk, og den einaste i verda som tilbyr grunnskolelærarutdanning trinn 1-7 i lulesamisk. I tillegg har vi kompetanse både i sørsamisk- og lulesamisk språk og i sørsamisk- og lulesamisk språkvitskap.
Faggruppa tilbyr engelsklærarutdanning frå ulike språklege, pedagogiske og psykologiske perspektiv, og er ei anerkjend utdanning mellom anna på grunn av eit bredt spekter av forskingsmetodar og tilnærmingar. Spesialiseringsområde inkluderer klasseromsdiskurs, samtaleanalyse, andrespråkstileigning, engelskdidaktikk, utandørsundervisning, dramametodikk, barnelitteratur og anvendt lingvistikk.
Fagmiljøet har etablerte forskingsgrupper og forskingsaktivitet, og ynskjer å vere eit utviklande miljø, både i Noreg og i utlandet.
Faggruppa for språk og litteratur har ca. 55 tilsette.
Faggruppeleiar: May Line Rotvik Tverbakk
Forskingsgrupper
Forskningsgruppen favner forskning innenfor barnelitteratur, utdanning og engelsk språkopplæring.
Forskningsgruppen Kultur og dannelse fokuserer på humanvitenskapelig forskning, særlig innen utdanning, dannelse og kulturell utvikling. Forskningsgruppen forener forskere fra mange fag, herunder litteratur, religion, filosofi og historie.
Tverrfagleg forskingsgruppe med fokus på korleis krig, konfliktar og terroraksjonar påverkar samfunn i ettertid, og korleis minnet om slike traumatiske og dramatiske hendingar brukast av ulike aktørar i kollektive minneprosessar, politisk styring og didaktiske samanhengar.
Forskingsgruppa er et diskusjons- og samarbeidsforum for forskning på litteratur, lesing og litteraturundervisning.
Tverrfaglig forskingsgruppe som forenes i arbeid med språklige, kulturelle, historiske og didaktiske problemstillinger knyttet til samiske forhold og urbefolkningsspørsmål. Samisk forskingsgruppe er etablert med medlemmer fra flere av campusene til Nord universitet, innafor både lulesamisk og sørsamisk område. Forskingsgruppa har som formål å koordinere og styrke forsking på samiske emner innafor Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag.
Forskningsgruppen Språk i Nord (SiN) arbeider innenfor rammene av en sosiokulturell form for språkvitenskap – i praksis vil det bety ulike varianter av det som gjerne omtales som sosiolingvistikk.