Utvalet arbeider med kartlegging, rapportering og tiltak kring parallellspråk, klarspråk og språkleg kvalitet i alle universitetet sine område.
- Språkutvalet er eit rådgjevande organ for leiinga ved universitetet i saker som omhandlar språkbruk ved institusjonen og språkpolitikk overordna.
- Språkutvalet skal sørgje for tydeleg prioritering i det språkpolitiske arbeidet ved institusjonen.
- Språkutvalet skal identifisere, vedta og setje i verk overordna tiltak som sikrar at dei språkpolitiske retningslinjene vert følgde.
- Språkutvalet skal sikre klarspråk og parallellspråklegheit som berande prinsipp ved universitetet og arbeide for å oppnå ein strategisk og forsvarleg balanse mellom bruk av bokmål, nynorsk, engelsk og dei samiske språka i forsking, utdanning, formidling og administrasjon.
- Språkutvalet skal kartleggje behov for kompetanseheving og arbeide for å heve språkfagleg kompetanse blant tilsette og studentar.
- Språkutvalet skal rapportere til styret i universitetet si årsmelding om gjennomførte, pågåande og planlagde språkpolitiske tiltak, og språksituasjonen ved institusjonen.
- Språkutvalet skal vere ei ressurs og eit førebilete for parallellspråklegheit og bruk av klarspråk.
- Språkutvalet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmane er til stades og avgjev stemme. Dette gjeld også varamedlemmar dersom faste medlemmar ikkje har høve til å møte.
- Språkutvalet er eit rådgjevande organ for leiinga ved universitetet i saker som omhandlar språkbruk ved institusjonen og språkpolitikk overordna.
Navn Representerer Ketil Eiane, leiar Prorektor forsking og utvikling Jarle Jørgensen, medlem FBA Patrik Bye, medlem FLU Bjarte Toftaker, medlem FSH Steinar Aas, medlem FSV Kathrine Mathisen, medlem HHN Ida Haug, medlem administrasjon Universitetsbiblioteket Kenneth Einarsen, medlem administrasjon HR Studentrepresentant Helen Ruud, sekretær Kommunikasjonseininga Språkpolitiske retningslinjer (bokmål)
Språkpolitiske retningsliner (nynorsk)