Fusk eller forsøk på fusk er alvorleg. Det er usolidarisk overfor dine medstudentar og eit grovt tillitsbrot overfor utdanningsinstitusjonen og samfunnet.
Nord universitet ser svært alvorleg på fusk, og det er strenge sanksjonar knytt til dette.
Nord universitet køyrer plagiatkontroll på alle skriftlige eksamenar.
Kva reknast som fusk?
Det finnes mange former for fusk. Eksempel på det kan være feil bruk av kunstig intelligens, plagiat, sjølvplagiat og skjult gjenbruk, ulovleg samarbeid og ulovlege hjelpemidlar.
Les meir om eksempel på fusk her.
Kva som reknast som fusk er også omtalt i Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet kapittel 9 Fusk, annullering, utestenging og bortvisning.
Sett deg inn i reglane
Du som student har plikt til å sette deg inn i reglar for gjennomføring av eksamen ved Nord universitet, for eksempel når det gjeld hjelpemiddel på eksamen og reglar for kjeldebruk og sitering. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk.
Manglande kjennskap til kjeldebruk, tillatne hjelpemiddel og regelverk for gjennomføring av eksamen fritar ikkje deg som student for ansvar.
Fusk er omtalt i Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet kapittel 9 Fusk, annullering, utestenging og bortvising.
Retningslinjene for behandling av fuskesaker er utfyllande bestemmelser til forskrifta. Retningslinjene ble sist revidert 11.01.2023.
Fusk kan gi utestenging
Konsekvensane av fusk eller forsøk på fusk kan bli annullering av eksamen og utestenging frå Nord universitet, samt tap av retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i Noreg. Dette kan vare i inntil to år. I 2023 blei minst 443 studentar i Noreg utestengt frå studiestaden for fusk.