Forskingsetisk utval

Forskingsetisk utval er Nord universitet sitt organ for god forskingsetikk. Utvalet er ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem og har ein forankring i nasjonale etiske standardar og institusjonen sine etiske retningslinjer.

Nord universitet og Nordlandssykehuset HF har eit felles redelighetsutval for å behandla saker som gjeld forskingsetikk. Utvalet er eit fagleg uavhengig, rådgivande organ for forskingsetikk for institusjonen. Utvalet er tilknytta dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK). Utvalet skal bidra til at forskinga ved Nord skjer etter anerkjende, forskingsetiske normer.

Hovudoppgåva til utvalet er å behandla enkeltsaker som har utspringet sitt i konfliktar eller klager knytt til brot på anerkjende forskingsetiske normer og god vitskapleg praksis, eller ved mistanke om vitskapleg snusk.

Utvalet skal fremja forståing for forskingsetiske spørsmål blant forskarar og kandidatar gjennom ulike aktivitetar og arrangerer kvart år eit forskingsetisk seminar for alle tilsette og ein workshop for ph.d.-kandidatar.

Utvalet kan uttala seg om forskingsetikk på eige initiativ og på prinsipielt grunnlag.

Mistanke om brot på anerkjende forskingsetiske normer og reglar blir melde inn via varslingssystemet til universitetet, Si-ifra.