Studentene er dei viktigaste bidragsytaren i kvalitetsarbeidet ved Nord universitet. For å sikre studietilbod med høg kvalitet er universitetet avhengig av medverknad frå studentane. Det vere seg tilbakemeldingar som gjeld innhaldet i studia, måten undervisninga vert gjennomført på så vel som dei sosiale og fysiske rammene rundt studia.
På ein eigen nettstad har universitetet samla informasjon om kvar studentane deltek og har påverknadskraft i kvalitetsarbeidet, kva kanalar dei kan nytte for å gi tilbakemelding og kvar dei finn informasjon om resultata frå det systematiske kvalitetsarbeidet.
Då styret vedtok Strategi 2030 (sak 126/20), vart det samstundes bestemt at den overordna strategien skal danne grunnlag for delstrategiar og handlingsplanar ved fakulteta og avdelingane. Styret vedtok seinare handlingsplan for utdanning 2021-2025 (sak 92/21). Denne er seinare revidert av utdanningsutvalget.
Kvalitetsrapportane gir universitetet sitt styre og leiing og andre interessentar ei framstilling av kvalitetsarbeidet ved institusjonen.
Kvalitet krev eit kritisk blikk på eigen organisasjon. Nord universitet utfører derfor jevnlig internrevisjonar på fleire område. Formaliserte internrevisjonar har som mål å dokumentere om universitetet følgjer fastsette prosessar og rutinar.
Nord universitet innhenter informasjon gjennom ei rekke relevante kjelder som nyttast for å vurdere kvaliteten i studietilboda.
Nord universitet har flere råd og utvalg som er rådgivende organ for universitetsledelsen.
Oversikt over råd og utval:
