10-årsjubilanten som ser framover

Kvinne på scene med publikum i forgrunnen
10-årsjubilanten som ser framover
Forskingssenteret Senter for industriell forretningsutvikling har bevist at det går an å levere forsking i verdsklasse og samstundes vere lokalisert i distrikta.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Eit eige forskingssenter i Mo i Rana og ein eigen mastergrad. Det var dei to hårete måla studentane Marianne Steinmo og Siri Jakobsen hadde for ti år sidan.

– Me måtte være litt rebelske då me byrja gründerprosessen bak det som i dag er blitt Senter for industriell forretningsutvikling. Derfor serverer me dykk også nokre rebelske cupcakes på bursdagen vår, sa konferansier, Siri Jakobsen.

Eit forskingssenter lokalisert i distriktet var slett ikkje sjølvsagt den gongen. Men Steinmo og Jakobsen meinte akkurat at lokalisering i distriktet var nøkkelen:

– Me skulle skrive doktorgradar basert på problemstillingar i industrien og utvikle forskingsprosjekt som betydde noko for dei. Då var det viktig å vere akkurat nær dei, sa Steinmo då ho innleia og opna markeringa saman med Roger Sørheim, som har vore ein sentral drivkraft desse åra.

Kvinne på scene som held tale og ser utover forsamlinga
Opphavskvinne: Saman med Marianne Steinmo starta Siri Jakobsen opp Senter for industriell forretningsutvikling i 2013. No er ho prodekan for utdanning ved Handelshøgkolen ved Nord universitet. Foto: Sebastian Loraas.

Imponerande vekst

Med 10-årsjubileet til Senter for industriell forretningsutvikling (SIF) har dei ettertrykkeleg bevist at det ikkje var ei dårleg idé å plassere eit forskingssenter i distriktet. Sjå berre på dette:

  • I år tilset SIF sine tiande og ellevte doktorgradsstipendiatar.
  • Dei tilsette hos SIF publiserer i nasjonale og internasjonalt anerkjende tidsskrift.
  • Det har vokse til 22 i teamet.

Undervegs har Marianne Steinmo blitt professor og Siri Jakobsen prodekan for undervisning ved Handelshøgskolen - og halde på engasjementet for forsking som er relevant for regionen sin.

– Ein av dei viktigaste styrkane til SIF er at senteret har tett tilknyting til næringslivet. Alle våre stipendiatar jobbar direkte med regionalt næringsliv og fordjupar seg i tema som er viktige for aktørar i regionen, fortel professor Marianne Steinmo.

Artikkelen held fram under videoen.

På lag med industri og havbruk

Derfor var det heilt naturleg for dei å invitere næringslivet til bursdagsfeiring og be om innspel til korleis SIF kan bli utvikla vidare til det beste for næringslivet.

Det er særleg innanfor industri og havbruk samarbeidet og forskinga har gått føre seg. Med utgangspunkt i problemstillingar innan industri- og havbruksnæringa, utviklar og formidlar SIF kunnskap for ei berekraftig framtid. Sentrale fagområde er innovasjon, sirkulær økonomi, regional utvikling og digital transformasjon.

– SIF har forstått at samarbeid og deling er det som må til. Dei har delt kunnskapen sin med studentar, andre forskingsmiljø og med næringsliv i ulike bransjar, sa rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, i si tale til bursdagsbarnet.

Kvinne som smiler og klapper i hendene
Anerkjenning og applaus: – Senter for industriell forretningsutvikling har forstått at samarbeid og deling er det som må til, seier rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet. Foto: Sebastian Loraas.

SIF – eit eksempel til etterfølging

Gjester frå relevante samarbeidspartnarar og støttespelarar opp gjennom åra var inviterte til å seie nokre ord om senterets betydning – både til no og framover.

Fylkesråd for plan og næring, Linda Helén Haukland, sa at det er eit uforløyst potensial i Nordland innanfor forskingsdreve innovasjon, og at Nordland fylkeskommune satsar på akkurat dette.

– Fylkeskommunen har trua på prosessen til SIF om å vere nær og i samarbeid med næringslivet. SIF viser at forsking i distriktet ikkje er ei håplaus, men ei genial idé, avslutta ho med, til stor applaus.

Gode «fødselshjelparar» den gongen for ti år sidan var både fylkeskommunen og Kunnskapsparken Helgeland. Kunnskapsparken bidrar framleis mellom anna med å koble SIF på relevante problemstillingar ute i næringslivet.

– Gjennom å finne relevante problemstillingar hos næringslivet kan me saman skape innovasjonsbasert forsking, sa dagleg leiar i Kunnskapsparken Helgeland, Monica Paulsen.

20 kvinner og menn på en scene med blomster
Eit team på 22: I løpet av ti år har SIF vokse til å bli 22 tilsette. I løpet av 2023 tilset dei sin ellevte doktorgradsstipendiat. Foto: Sebastian Loraas.

Det var også paneldebattar, mellom anna med representantar frå industri og havbruksnæringa, og med forskarkollegaer i Nordlandsforskning og i SINTEF Helgeland.

– For å lukkast med målet om å bli ein grøn industripark i verdsklasse, må me koble tett opp mot forsking og innovasjon, sa administrerande direktør i Mo Industripark, Arve Ulriksen. Han har vore ein viktig pådrivar for SIF og har også vore deira industrimentor.

Nordlandsforskning har gjort akkurat det same som Nord universitet og spreidd forskingsmiljøa sine utanfor hovudsetet i Bodø.

– Det gjer me akkurat for å få kulturell og geografisk nærleik. Nærleiken gjer at me forskarar kan stille relevante spørsmål og me meiner at sentralt for å lukkast, er at forskingsmiljøet er nært. Det skapar tillit og nettverk, sa administrerande direktør, Iselin Marstrander.

Skal halde fram med å vere rebelske

Kvinne med glass i hånda ilag med flere mennesker som står tett sammen i et lokale med dunkel belysning
Ser framover: – Dei neste ti åra skal me skal halde fram med å vere rebelske, på ein måte der me utviklar næringsretta kunnskap i og for næringslivet, seier senterleiar Marianne Steinmo. Foto: Sebastian Loraas.

Senterleiar Marianne Steinmo ved SIF var svært nøgd med jubileumsmarkeringa og det som kom fram frå gjestane.

– Eg tek særleg med meg at både industri og havbruk har behov for kunnskap i vidareutvikling av verksemdene sine, og viktigheita av sosiale relasjonar og nærleik mellom bedrifter og forskingsmiljø, seier Steinmo.

– Nord universitet ønskjer å vere ein kompetansepartnar for næringslivet, og eg synest det syd godt kring dette senteret, avslutta rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, med i paneldebatten.