Laks lever fint med databrikker i buken

Laksemerd i fjord med fjell i bakgrunn - vinter. Foto

Forsking på fiskehelse: – Det er viktig med god opplæring av personellet som skal gjere inngrepet. Ein må ha ein god plan. Målet er alltid at fisken bør bli behandla på beste moglege måte, seier forskar Miiro Virtanen. Foto: Endre Nordgård.

Laks lever fint med databrikker i buken
Elektroniske brikker påverkar ikkje helsa til fisken som ber den, i alle fall ikkje på kort sikt. Ny forsking syner samstundes at sår gror saktare under stress.

– Når fisken ikkje har det bra, vil dei ofte vise teikn på negative kjensler som frykt, smerte og engstelse. Dette er uttrykk for ein stressrespons, seier forskar Miiro Virtanen ved Nord universitet.

Korleis kan ein vite korleis laksen eigentleg har det? Fiskevelferd får stadig større merksemd i oppdrettsbransjen. No tek oppdrettarane i bruk nye metodar for å overvake helsa til kvar einskild fisk. "Smart-tags", små elektroniske brikker som blir opererte inn i magen på utvalde laks, blir av mange sett på som ein lovande metode for å kunne ha kontroll på velferden ute i merdane.

– Utviklinga av slike implantat for å kunne overvake fiskevelferden, skjer no fleire stadar. Desse brikkene kan utrustast for å måle ei rekkje ting, som aktivitet, hjarteslag, trykk og temperatur, og posisjon i kombinasjon med observasjonar av korleis fisken oppfører seg, forklarar Virtanen.

Stresshormon i blodet

Han har nyleg levert doktorgraden ved Nord universitet, i eit industrielt samarbeid med Arctic Seafood Group AS. Virtanen har studert korleis slike implantat påverkar helsa til fisken som ber den. Han såg særleg på korleis implantatet påverka stresshormon som kortisol i blodet hos fisken.

Kortisol står sentralt i kroppens stressrespons, og blir frigjort i kroppen når ein blir utsett for ein stressande situasjon. Slike situasjonar kan vera varige smerter, endringar i temperatur, dårleg vatnkvalitet og "crowding", altså at fisken har det trangt om plassen.

– Sju dagar etter inngrepet fann vi ingen skilnad mellom fisk som hadde fått operert inn implantat, og fisk utan. Det er likevel viktig å seie at forsøket vart avslutta etter åtte veker. Vi treng difor meir data om korleis fisken blir påverka over lengre tid. Dette er noko som må forskast meir på, seier Virtanen.

Mann på forskingsbåt foran laks som ligger med buken opp. Foto
Fiskeforskar: Miiro Virtanen avla i november i år doktorgraden ved Nord universitet, Fakultet for biovitenskap og akvakultur. Foto: privat.

Sår gror saktare under stress

I studien såg forskarane også på korleis fisk som hadde fått operert inn implantat, reagerte på stress. Dette gjorde dei ved å simulere "crowding". Kvar dag vart vatn-nivået, i ei kort periode, redusert, slik at vatnet når det stod på det lågaste, berre dekka halve kroppen til fisken. Etter tretti sekund med ein slik ekstrem vatnstand, vart nivået auka tilbake til normal vatnstand att.

– Det var då vi påførte stress, at vi såg at ting byrja å gå gale. På slutten av forsøksperioden såg vi at kortisolnivået blei verande på eit forhøya nivå, fortel Virtanen.

På dette punktet vart forsøket avslutta.

– Det ville vera uetisk å utsette fisken for så ekstreme forhold, med alvorleg kronisk stress der fisken mest sannsynleg ville døy, seier Virtanen.

I studien såg Virtanen også på utviklinga av finneslitasje, og i kva grad heling av sår vart påverka. Resultata viste at sårhelingsprosessen blei særleg påverka når fisken vart utsett for stress.

– Kort sagt viser resultata at stress er negativt for heling av sår, seier Virtanen.

Inngrepet må utførast med omhu

Skinnhelse er ein god parameter for fiskevelferd.

– Mange sjukdomar, parasittar, samt miljømessige og mekaniske skadar kjem til syne i fiskeskinn. Endringar i skinn kan difor vera ein god indikator på potensielt stress eller helseproblem.

Det betyr at ein må ta ei rekkje omsyn når ein skal operera inn slike implantat i laksen.

– Ein bør sørge for å ha ideelle forhold. Å merka fisk som alt er under kronisk stress, som til dømes under lange periodar med handtering av fisken, under utbrot av lakselus eller når det er dårleg ver, er ein dårleg idé, seier Virtanen.

Forsøk har òg vist at hjerterytmen hos fisk som får operert inn implantat, går raskt ned att etter operasjonen når inngrepet blir utført av ein erfaren person.

– Det er viktig med god opplæring av personalet som skal gjera inngrepet. Ein må ha ein god plan. Målet er alltid at fisken bør bli behandla på best moglege måte, slår Virtanen fast.

Virtanen si forsking har vore finansiert av Norsk forskingsråd i samarbeid med Arctic Seafood Group AS og Nord universitet.