Studentane snudde Bodø på hovudet under Nord Cup

Publikum med bluss. Foto

Sydlandsk stemning: Årets Nord Cup satte fyr på Bodø, og samla heile 450 deltakarar frå Stjørdal i sør til Bodø i nord. Foto: Andreas Ellingsen.  

Studentane snudde Bodø på hovudet under Nord Cup
450 elleville og forventningsfulle Nord-studentar møttest nyleg til Nord Cup i Bodø. Brøla, smila og gledesscenene går framleis i revy, og det vart skapt magiske augneblink som vil vare lenge.

Aldri før har så mange studentar vore samla til noko liknande på norsk jord. Årets Nord Cup, med heile 450 deltakarar frå Stjørdal i sør til Bodø i nord, samla seg for samhald, venskap og idrettsglede.  

I heilspenn før avspark

– I musikkverda er det noko som kallast det vanskelege andrealbumet, og i debutsesongen 2023 samla Nord Cup i overkant av 300 studentar og alt gjekk smidig. Fallhøgda og spenninga var difor ekstra stor i år, fortel Per-Stian Ekroll, kommunikasjonsrådgivar ved Nord universitet og medarrangør av Nord Cup. 

– Nord Cup 2024 vart ein suksess frå første avspark til siste vers av Raske briller. Glade og entusiastiske studentar, herlege duellar på parkett og kunstgras, eit Bodø bada i vårsol, oransje røykfaklar blant publikum og ein staseleg idrettsgalla som minna om ei Oscar-utdeling, kan berre skildrast med eitt ord: magisk! 

– No gruar eg meg så frykteleg til den klin kokos umoglege tredjeutgåva av Nord Cup, avsluttar han spøkefullt. 

Fem personer i ramme. Foto
Ildsjeler: Arbeidsgruppa representert ved f.v. Ingvild Vaadal, Sivert Bartnes, Adrian Reftun, Martina Olsen og Ida Bakkan. Foto: Andreas Ellingsen.

Tek bølgja for frivilligheita

Bak turneringa står ei gruppe frivillige studentar som har arbeidd i månadsvis og ofra studie- og fritid for å skape eit profesjonelt opplegg ned til minste detalj. 

Nord Cup kostar ein god del pengar og finansierast av studentorganisasjonar og -foreiningar, samskipnaden og eksterne samarbeidspartnarar, og pengane er henta inn etter mange søknader, lange møter og heilhjarta dugnadsarbeid. 

– Først og framst har det vore ei ære å samarbeide med så mange studentar om noko så stort og viktig som Nord Cup. Det stråler stoltheit av samfulle som har vore med på å skape dette episke arrangementet, trass i veldig mykje arbeid i forkant og undervegs. Vi ser at det sosiale fellesskapet og nye venskap vart etablert eller styrka gjennom helga. Dette fortel ein av grunnleggarane av Nord Cup, Adrian Reftun.

Publikum på fotballstadion. Foto
Sild i tønne: Det var få ledige tribuneseter i Mørkvedlia. Foto: Andreas Ellingsen.

Det er om lag 40 studentar som jobbar gratis og frivillig under Nord Cup, mellom anna med førebuing og gjennomføring av sportsgreinene, idrettsgalla, transport og overnatting, dommarar, medisinsk team, logistikk og alt anna som krevst for å skape gode opplevingar og varige minne for deltakarar og publikum. 

– Det er utruleg givande og morosamt å tilby eit slikt arrangement for medstudentar. At folk kan kome hit og ha det kjekt saman. Studentidretten er ein viktig førebyggande faktor for studentane si mentale og fysiske helse. Folk blir inkludert og får nye vener under Nord Cup, fortel Sivert Bartnes, påtroppande leiar for Bodøstudentenes Idrettslag (BOSI) og medarrangør av Nord Cup. 

Jubel på fotballbanen. Foto
Vinn-vinn: Både vinnarar og taparar omfamnar kvarandre etter kamp. Foto: Andreas Ellingsen.

Bodø beste studiestad

Nord Cup handlar om så mykje meir enn berre studentidrett. For nokre studentar er drivkrafta å gjere det best mogleg i tevlinga, medan andre deltek for å dele ei positiv oppleving med gamle og nye medstudentar. 

Årets turnering var utvida til 48 lag, 24 i fotball og den andre halvparten i volleyball. I fotballklassen gjekk bodøbaserte «Møllers disipler» til topps, medan «Purple cobras» tok med seg gullmedaljar og volleyballpokalen heim til Levanger. 

Jublende studenter i pene antrekk. Foto
Smaken av gull: Volleyballvinnarane «Purple cobras» frå Levanger. Foto: Andreas Ellingsen.

Rivaliseringa mellom studiestadar set ein ekstra spiss på idrettstevlinga, og i 2023 vart Levanger krona som beste studiestad. Mange bodøstudentar hadde lova revansje i 2024 og dei haldt ord. Årets beste studiestad vart Bodø, som samla sett hadde flest lag i begge sluttspela. 

Mann i hvit skjorte på scene med mikrofon. Foto
Møllers tran: Lagleiar Marius Møller takkar for fotballpokalen på vegne av disiplane sine. Foto: Andreas Ellingsen.
Tre pokaler. Foto
Heider og ære: Dei tre gjevaste pokalane under Nord Cup. Foto: Andreas Ellingsen.

Trekkplaster for Nord og Bodø

Nord Cup er eit unikt tilbod for studentar ved Nord universitet. Det er ingen andre høgskular eller universitet i Norden som arrangerer noko i nærleiken av dette. 

Det er fleire studentar som drøymer om å vere med på å realisere neste års Nord Cup, slike som Sebastian Rosø frå Nesna. Opprinneleg skulle Sebastian hoppe over til ei ny utdanning ved ein annan institusjon. No førebur han seg i staden for nye år ved Nord, med eit sterkt ønskje om å vidareføre tradisjonen med Nord Cup. 

– Nord Cup 2024 var eit eventyr! Eg som studerer bachelor i trening meiner  fysisk aktivitet og idrettsglede blant studentar er viktig. Det var ein sann fryd å sjå mange hundre studentar i aktivitet. Eg gler meg allereie til Nord Cup 2025, seier bodøstudenten Sebastian Rosø, som samstundes avslører at han ønskjer å vere ein del av arbeidsgruppa i Nord Cup.  

 – Symjing er min lidenskap og eg ønskjer å inkludere denne idretten i Nord Cup. Bodø har fått eit heilt nytt konkurransebasseng, og eg trur vi kan inkludere andre studentar enn dei som er glad i ballspel. Etterspurnaden av Nord Cup aukar i styrke og eg ser store moglegheiter for at arrangementet kan utvikle seg til å bli enno større. Arrangementet gjev ein ekstra dimensjon til det å vere Nord-student, og det kan faktisk få studentar som vurderer å droppe studiet om å bli verande. Det er ikkje minst eit trekkplaster og ein attraksjon for nye studiesøkarar, avsluttar Rosø. 

Eit samlande arrangement

To menn i skjørt med ryggen til. Foto
Smittsamt godt humør: Samhald, venskap og idrettsglede er sterke verdiar for Nord Cup. Foto: Andreas Ellingsen.

– Høgdepunktet mitt er enkelt og greitt å sjå det glimrande sluttresultatet av all innsatsen arbeidsgruppa og dei frivillige har lagt ned i Nord Cup. Gjennom heile helga såg eg glede og latter blant deltakarane, og slik haustar vi verdien av all innsatsen, seier ein stolt Bartnes.  

Samhald, venskap og idrettsglede er sterke verdiar for Nord Cup. 

Fotballaget United Nations FC og deira titals tilhengarar, er eit godt og levande døme på det. Laget inkluderte spelarar og supportarar frå ei rekkje land og kontinentar, og dei var godt synleg på og utanfor bana i turneringa. 

– Alt i alt har det vore ei fantastisk helg og noko vi håpar blir ein fast tradisjon kvart år. Erfaringa og gledja ved å arrangere dette, anbefalast verkeleg til andre studentar. Så meld di interesse om du ynskjer å vere med å arrangere neste års Nord Cup, uansett studiestad ved Nord, seier Per-Stian Ekroll.

Ein ram konferansier

Konferansier. Foto
Ramm: Årets konferansier under Nord Cup var Nicolay Ramm. Foto: Andreas Ellingsen.

Sjølvaste Nicolay Ramm, mellom anna kjend for «Raske briller» og «Ramme sporter» og «Maskorama» i NRK fjernsyn, leia idrettsgallaen under årets Nord Cup. Ramm sjonglerte mellom å vere programleiar og prisutdelar, arrangere quiz og vere musikkartist – til øyredøyvande brøl frå ein fullstappa sal ved Scandic Havet i Bodø sentrum. 

«Sunne norsk ungdom har på riktig plagg. Vi titter bort på våre venner. Smilet går rundt, for det er friluft som teller. Heia heia, heia heia heia, heia heia heia hele greia» syng Nicolay Ramm.

Avslutningslåta var som skreddarsydd for Nord Cup 2024 og oppsummerar på mange vis det vi alle var vitne til denne vakre aprilhelga i Bodø.