Målet med samarbeidet er blant anna å auke utvekslinga for både tilsette og studentar.
– Vi håpar dette berre er første steg, og at samarbeidet etter kvart skal inkludere fleire av fakulteta våre. Dette opnar moglegheiter for auka utveksling, men også for felles konferansar og prosjekt.
Det seier professor Marcel Köhler, som er initiativtakar til samarbeidet.
Köhler vart tilsett ved Nord universitet tidlegare i år. Med seg frå Tyskland hadde han eit nettverk som gjer dette samarbeidet mogleg.
– Dette samarbeidet byr på mange moglegheiter, mellom anna til å bli meir synleg internasjonalt, seier Köhler.
Sterk konkurranse
Köhler minner om at Nord universitet står i ein internasjonal konkurranse. Der handlar det om å bygge eit godt omdøme gjennom å levere kvalitet på alle område.
– For å lukkast trur eg det er avgjerande å vere synleg. Denne alliansen er ein pakke som inkluderer samarbeid om forsking, konferansar og utdanning, seier Köhler.
Samarbeidsavtalen opnar også opp for at det kan bli arrangert vinter- og sumarskular. Universiteta kan også utvikle nye studiar saman.
Kan jobbe i heile verda
Eit anna mål er å vise kva for moglegheiter studentane har til å jobbe andre stadar i verda med ei helsefagleg utdanning.
– Samarbeidet vil gjere det lettare å forstå korleis andre samfunn løyser same type problemstilling. Dei vil også få sjå andre døme på korleis ny kunnskap og forsking blir teken i bruk i praksis, seier Köhler.
– Til saman gjer dette at studentane vil kunne bli langt meir attraktive for arbeid internasjonalt, legg han til.
Jobbar med finansiering
No blir det jobba med søknadar for å økonomisk støtte til tilsette og studentar som ønskjer å delta i samarbeidet. Målet er å byrje med utveksling i 2024.
– Dette er eit spanande kapittel for universitetet. Det er ein fin sjanse til å utvide horisontane for alle involverte, seier Marcel Köhler.
Princess of Naradhiwas University (PNU)
- Statseigd universitet i Narathiwat, sør i Thailand.
- Grunnlagd i 2005
- Namnet vart gjeve av kong Bhumibol Adulyadej, til ære for systera hans, Princess Galyani Vadhana, Princess of Naradhiwas.
Akademiske avdelingar:
1. Fakultet for jordbruk
2. Fakultet for ingeniørvitskap
3. Fakultet for Liberal Arts
4. Fakultet for leiing
5. Fakultet for medisin
6. Fakultet for sjukepleie
7. Fakultet for naturvitskap og teknologi
Kilde: Wikipedia