Lærarens møte med barn utset for overgrep

Kvinne som smiler og ser i kamera med folk i bakgrunnen
Lærarens møte med barn utset for overgrep
– Forsking seier at det i snitt tar 17 år frå eit overgrep har skjedd til personen snakkar ut om det. No har Randi Etnan skrive bok om lærarens rolle i møte med barn som er ramma.

Vi sit i gråsona på Nord universitet i Bodø. Randi Etnan skal snakke om fagboka si Derfor er jeg her – Læreren i møte med barn og unge i vanskelige livssituasjoner (sjå faktaboks).

Etnan har jobba med fagboka i pedagogikk i seks år. Her skriv ho om lærarens rolle i møte med barn som lever i vanskelege livssituasjonar.

– Forsking seier at det tar gjennomsnittleg 17 år frå eit overgrep har skjedd til personen snakkar ut om det. Fleire ventar til dei er over 50 år med å fortelje. Eg har undra meg over kvifor det er sånn, fortel Randi Etnan, tidlegare universitetslektor ved NTNU og no rådgjevar ved Nord universitet i Levanger.

Etnan meiner at det må være eit tverrfagleg samarbeid mellom lærarar, helsesjukepleiarar, psykologar og andre for å ta hand om barn som treng oppfølging.

Må bli møtt med open dør

– Ein liten gut eller ei lita jente er avhengig av at læraren tar i mot det som blir sagt første gang de skal prøve å setje ord på kva som har skjedd med dei. Annars vil den døra oftast bli lukka igjen, seier ho.

Dersom barnet blir møtt med inga forståing, så vil det ikkje naudsynleg tørre å opna seg opp om overgrepet. Da er møtet med denne læraren enormt viktig.

– Kvifor er det viktig med ein trygg relasjon til ein voksen?

– Du kan sjå for deg eit lite barn som bur i ein heim der foreldra er rusmisbrukarar eller at barna er utsett for omsorgssvikt. I den eine augneblinken seier dei til barnet at dei er glad i det. Etterpå misbruker dei barnet, overser eller utset det for anna psykisk eller fysisk vald. Barnet har dermed ikkje lært å bygge ein trygg relasjon med foreldra sine, seier Etnan.

Ein liten gut eller ei lita jente er avhengig av at læraren tar i mot det som blir sagt første gang de skal prøve å setje ord på kva som har skjedd med dei. Annars vil den døra oftast bli lukka igjen

Randi Etnan

Då er læraren kanskje det einaste vaksne mennesket som er der og ser, og som kan seie til barnet at dei er til å stole på.

Etnan fortel om opphavet til ordet «helse».

– Det kjem ikkje frå det engelske ordet «health», men av det ur-norske ordet «heil» som betyr å «heil sjå». Læraren skal ikkje gå inn og være alt for det barnet, men dei skal ha eit blikk som er ope. Du som lærar må vite at ingen er berre det du ser.

Læraren skal ikkje stå aleine

Etnan understrekar viktigheita av at læraren ikkje skal stå aleine om å ta vare på eit barn som treng ekstra omsorg.

– Eit spørsmål eg har fått om att og om att av lærarstudentar er:

«Randi, det er eit område innafor lærarutdanninga som det manglar litteratur og kunnskap om. Kva gjer eg som ferdigutdanna lærar i møte med eit barn eller ungdom som ikkje har det greitt eller som strevar med noko? Når skal eg ta kontakt? Kven skal eg spørje eller samarbeide med? Kva gjer eg dersom Ane på åtte år kjem med ei tåre på kinnet?»

Kva gjer eg som ferdigutdanna lærar i møte med eit barn eller ungdom som ikkje har det greitt eller som strevar med noko?

lærarstudent

– Alle bør ha ein handlingsplan

Ho forklarar at læraren må vite at opplysningsplikt trumfar teiingsplikt.

– Alle som jobbar med barn, har først og fremst ansvar for å melde frå dersom noko ikkje er bra, seier Etnan.

Læraren kan seie til barnet:

«Du kan stole på meg. Eg er her for deg. Men det du fortel meg er så vondt at eg ikkje kan halde på det aleine. Det er tungt for meg og. Eg treng å gå til ein helsesjukepleiar eller ein psykolog og fortelje om det du har opplevd, slik at vi kan få deg vekk frå denne situasjonen.»

Etnan seier at det må være eit tverrfagleg samarbeid mellom lærarar, helsesjukepleiarar, psykologar og andre for å ta hand om barn som treng oppfølging.

– Alle skuler og barnehagar bør ha ein handlingsplan på korleis dei skal gjera dette, avsluttar ho.

Du kan stole på meg. Eg er her for deg. Men det du fortel meg er så vondt at eg ikkje kan halde på det aleine. Det er tungt for meg og.

Glad kvinne som holder opp en bok
Bokaktuell: Randi Etnan lanserte nyleg boka "Derfor er jeg her" på Cappelen Damm Forlag. Foto: Amalie Moen Eidet.

Om boka

Boka Derfor er jeg her – Læreren i møte med barn og unge i vanskelige livssituasjoner er gitt ut på forlaget Cappelen Damm Akademisk. Den er satt opp som pensum for masterutdanninga for grunnskolelærarar ved Høgskulen i Volda.

«Eg ser fordelen med å få samla meir kunnskap og kompetanse i bokform – så det blir lettare tilgjengeleg for studenten på ein plass. Tekstane er levande og nære med bruk av case og lenkjer til multimodale tillegg. Eg har stor tru på at boka vil kunne dekke behov for eit grundigare og meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag i masteroppgåvearbeidet,» skriv Torhild Høydalsvik, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.

Boka inneheld QR-kodar med lenker til videoar der kjende norske skodespelarar spelar stemmene til barn og unge som strever. QR-kodane skal hjelpe lesaren med å sette seg inn i situasjonane til barn og unge.

Kontaktperson