Til teneste for studentane

Stillerommet
Til teneste for studentane
Studentprest Maja Valhøj byr studentane inn til at frå bøn til pustepause med mindfulness i førarsetet.

Studentåret var knapt i gang da teolog Maja Valhøj formelt vart innsett som studentprest ved Nord universitet. Ho er allereie godt i gang med ulike tilbod til studentane.

– Vi er i gang på stillerommet, som ligg i underetasjen i hovudbygget på campus Bodø. Her har ein pustepause ein dag i veka, der vi fokuserer på mindfulness. Ein dag har vi ei ikkje-religiøs stund med refleksjon. Og ein tredje dag har vi ei bønestund, fortel Valhøj og viser også fram ein krok i rommet kor muslimar kan be i rett himmelretning.

Ro, tanke og refleksjon

I preika si under innsetjinga i Hunstad kirke, prata Valhøj om alle bekymringane som kjem studentane til del. Noko ho også prøver å hjelpe dei med under pustepausa.

– Det er ei heftig bestilling vi har fått; vi skal ikkje bekymre oss for noko. Men det er naturleg å uroe seg. Vi tenkjer på morgondagen, vi planlegg, vi bekymrar oss kanskje for det nye studieåret. Bekymringane kan ta overhand og da mister vi noet. Mister vi noet, mister vi livskrafta, evna til å glede oss og høvet til å handla, seier ho.

Vi skal ikkje bekymre oss for noko. Men det er naturleg å uroe seg. Vi tenkjer på morgondagen, vi planlegg, vi bekymrar oss kanskje for det nye studieåret.

Maja Valhøj, studentprest Nord universitet

Dette kan tyngja. Da kan det vere godt med 15 minutt ro, tanke og meditasjon.

– Vi har tre vekevise aktivitetar i stillerommet. Måndag har vi rom for refleksjon. Da har eg med ein ikkje-religiøs tekst eller song som set i gang tankeprosessar og refleksjon. Vi har pustepause på onsdagane. Dette er ei meditativ øving der vi kjenner på kroppen, finn roa og tømmer tankane. Øvinga passar for alle, da ho gir ro og gjer at du konsentrerer deg betre.

Veka blir avslutta med ei lita morgonbøn med utgangspunkt i det kristne fellesskapet «Taizé».

– Dette er ein tverrkyrkjeleg og internasjonal kommunitet og som samlar unge menneske frå heile verda. Fellesskapet byggjer på stille kontemplasjon og enkle songar, fortel studentpresten.

Teolog: Maja Valhøj under den formelle innsetjinga i Hunstad kirke tidlegare i haust. Foto: Lise Fagerbakk

Den gode samtalen

Pustepausen onsdag kom i gang like etter studiestart. Valhøj har fått gode tilbakemeldingar.

– Her har vi fått ein del deltakarar. Tilbakemeldingane er at «dette treng eg». Det er veldig hyggeleg. Eg trur også dette kan vere bra for studentane, seier ho.

Studentpresten legg vekt på å vere ein god samtalepartnar for alle, uavhengig av religiøs ståstad. Difor er to av tre aktivitetar livssynsopne, og lagt opp så dei passer både for religiøse og ikkje-religiøse.

– Eg prøver å ha breidd. Vi er ulike, og det skal vere plass for alle, seier ho.

Det gjeld også alle studiestadane og alle studentane.

– Eg er studentprest i heile Nord universitet og har begynt å reise til studiestadene. Eg har møtt studentane i Vesterålen. Dit reiste eg i lag med Studentinord, fortel ho.

Når vi gir plass til sorga, gir vi også meir plass til livet

Maja Valhøj

Ho set pris på samtalen.

– Eg har byrja å få meir besøk på kontoret. Det betyr at studentane byrjar å legge merke til kor eg har kontoret mitt. Under studieopninga sat eg i gråsona på campus Bodø, der eg oppmoda studentane til å dele sine tankar og håp. Vi må ha plass til alt. Vi skal også etablere sorggruppe, fortel ho.

Kvifor? Jo, av di det er viktig å snakke om det også.

– Når vi gir plass til sorga, gir vi også meir plass til livet.

Kontaktperson