Belgisk utveksling gir nye perspektiv: Anbefaler andre studentar å søke

vernepleiere BIP

Lærte mykje. Vernepleiar-studentane Laura Heringe-Tønne, Sondre Wiken og Malin Høgetveit Haugen tilrår andre studentar å melde seg på utvekslingsprogrammet BIP. Eit kortvarig utvekslingsprogram for dei som ikkje har høve til lengre opphald. Foto: Tarjei Abelsen.

Belgisk utveksling gir nye perspektiv: Anbefaler andre studentar å søke
Eit utvekslingsopphald i Belgia ga vernepleiar-studentar i Namsos nye perspektiv. – Eg har fått større drivkraft til å lære meir, seier Sondre Wiken.

– Studentane frå Nederland og Belgia har eit meir liberalt syn på narkotika. Vi var dei som var mest tydelege på at folk som brukar narkotika er kriminelle.

Slik beskriv vernepleiar-student Laura Heringa-Tønne si oppleving av møtet med haldningane til studentar frå Finland, Nederland og Belgia, gjennom utvekslingsprogrammet Blended Intensive Programmes (BIP).

Land vekslar på å vere vertskap for temabaserte opplegg. Turen som Laura Heringa-Tønne var med på gjekk til Belgia, og hadde sosialt arbeid som tema.

Der besøkte dei ulike institusjonar, deriblant eit ungdomsfengsel.

Fokusert på å hjelpe

Dei tilsette ved fengselet fortalde om utfordringane hos fangane, og rus og dårleg oppvekst var ein gjengangar. På ny lot studentane seg overraske.

– Dei ser på narkotika meir som ein sjukdom, enn som kriminalitet. Det er interessant. I Noreg har eg inntrykk av at vi ser meir på det som kriminalitet og ikkje som ein sjukdom, seier Heringa-Tønne.

Medstudent Sondre Wiken merka seg også betjentenes måte å forhalde seg til fangane på.

– Det var fokus på å forstå kvifor ting var som dei var, og ikkje så mykje fokus på straffa. For dei handla det om å få dei inn i samfunnet igjen, seier Wiken.

Ti glade gutar og jenter samla tett. Foto.
Nordmenn på tur. Her er eit bilete av dei norske studentane som deltok på utvekslingsturen. Det deltok studentar frå barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Foto: privat.

Drapsdømte born

Men det er ikkje berre synet på narkotika som er annleis i Belgia. Medan ein må vere vaksen for å sitje i fengsel i Noreg, blir born heilt ned i 12 år fengsla i det vesle europeiske landet.

– At det er så unge menneske i fengsel, gjorde veldig inntrykk, seier Malin Høgetveit Haugen.

– Det såg brutalt ut. Romma var veldig små, seier Wiken.

Fleire av dei norske studentane som kjem frå vernepleie, sosialt arbeid og barnevern, vart rysta av denne opplevinga.

– Eg hugsar vi sat og åt, og såg veldig unge gutar utanfor som spelte fotball. Da tenkte eg; jøss, sit dei i fengsel? Nokre av dei hadde drapsdomar, seier Tønne.

Fem glade jenter på pub. Foto
Sosialt. Det blei tur til utanomsportlege ting på turen også, deriblant julemarked og pub. Foto: privat.

Mykje å lære om begge land

Heringa-Tønne fortel at ho ikkje kunne så mykje om fengsel og rehabilitering av folk i fengsel før turen til Belgia.

– Vi skulle fortelje om norske forhold til dei andre studentane. Difor har eg sett meg meir inn i korleis vi jobbar med denne gruppa menneske i Noreg, seier ho.

Wiken føler at han har lært mykje på ein annan måte, og med ein annan djupne, enn han får av å lese om nye tema.

– For meg var dei tilsette si haldning til ungdomane i fengselet, og måten dei henvende seg til dei som litt kompis, noko som har gjort inntrykk.

Eg har fått større drivkraft til å lære meir.

Sondre Wiken, Nord-student

Han visste på førehand litt om haldninga deira til rus, men meiner det er noko anna å oppleve det på kloss hald.

– Eg har fått eit heilt anna syn på temaet. Ein må nesten oppleve korleis dei ser på det, for å forstå, fordi vi har så mange fordomar, seier han.

Auka lyst til å lære

Det er EU som finansierer utvekslinga gjennom Erasmus+. Målet med BIP er å tilby kortare utvekslingsopphald, som eit supplement til dei lengre opphaldene. Sjølve opphaldet er på fem dagar, og blir førebudd med digitale møter i forkant.

Målet er å gi enda fleire moglegheita til å hauste erfaringar og bygge nettverk i andre land.

For Wiken har det auka lærelysta.

– Eg har fått større drivkraft til å lære meir, når eg ser kor store skilnader det er på korleis ulike land løysar dei same oppgåvene. Eg har skjønt at vi ikkje må basere oss kun på fagstoff frå Noreg og tenke at det er fasiten, seier han.

Ei liknande oppleving sit Heringa-Tønne attende med.

– Eg trur turen har opna meg for å tenke annleis. Det vi lærer er veldig nyttig og bra, men det er mykje meir ein kan lære. Det finst mange ulike forståingar av same tema, seier ho.

Anbefaler andre å søkje

Vernepleiar-studentane i Namsos er ikkje i tvil om at dei vil anbefale andre studentar å søkje om opptak i utvekslingsprogrammet.

– Det er ei “Once in a Lifetime-oppleving". Eg hadde angra om eg ikkje dro. Vi sit igjen med kunnskap som kanskje ikkje andre i klassen sit på, og som er verdifull for oss, seier Laura Heringa-Tønne.

– Det er eit kort opplegg. Så om du angrar deg, er du tilbake igjen etter nokre få dagar, seier Wiken.

Blended Intensive Programmes (BIP)

er eit utvekslingsprogram finansiert av EU-midlar gjennom Erasmus+. Denne utvekslinga har kortare varigheit enn vanleg utveksling. Målet er at enda fleire skal ha moglegheit til å reise ut. Vertsnasjonane vekslar på å vere vertskap for utveksling. Neste runde er det samling i Levanger når Nord universitet er vertskap. 

Har du lyst til å reise på utveksling? Du finn den informasjonen du treng på nord.no/student/utveksling

Kontaktperson