Gje oss ei profesjonsmelding som gneistrar

Fire menn rundt to bord som signerer papirer. Foto

VINST-alliansen signerte samarbeidsavtalen under Arendalsuka i 2023. Frå venstre Petter Åsen, rektor ved Universitetet Sørøst-Norge, Peer Jakob Svenkerud, rektor ved Høgskolen Innlandet, Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet og Ketil Eiane, prorektor ved Nord universitet. Foto: Arve Løberg.

Gje oss ei profesjonsmelding som gneistrar
KRONIKK: Me helsar velkommen ei profesjonsmelding som styrkar kvaliteten og aukar tilliten og handlingsrommet.

I vår legg regjeringa fram profesjonsmeldinga. Å setja søkjelyset på kva som bidrar til auka kvalitet er bra og naudsynt. Diskusjonen om korleis institusjonane sine framtidige rammevilkår kan styrkast i tråd med morgondagens kompetansebehov og samfunnsendringar er vel så viktig.

Det er stor mangel på arbeidskraft. Kommunar og næringsliv etterspør lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. Mangelen er størst i distrikta, men utfordringa er godt merkande i byane.

Våre fire institusjonar er kjent for aktivt samspel med samfunns- og arbeidsliv, og utdanning og forsking med høg innverknad. Med 27 studiestader og 70 000 studentar forsyner me arbeidslivet i heile landet med fleire tusen kandidatar årleg. Regionalt nærvær er avgjerande for å nå nasjonale målsettingar om eit sterkt velferdssamfunn.

Men å driva med profesjonsutdanningar på fleire campus og gjennom ulike fleksible og desentraliserte ordningar er ein kostbar utdanningsmodell. Profesjonsutdanningar på fleire campus har dokumentert høgare kostnadar til praksis, ferdigheitstrening, simulering, spesialrom og anna infrastruktur. Å oppretthalde gode fagmiljø stiller også krav til storleik og kompetansenivå. I ei tid med rekrutteringsutfordringar av både studentar og tilsette vert dette forsterka.

Dimensjonering av studietilbod med omlegging og tilpassingar er krevjande arbeid. Ulike omsyn må vektast. Det tek tid å byggja opp utdannings- og forskingskompetanse, og innovasjonsevna må stadig fornyast. Departementet forventar at me opprettheld kapasitet i utdanningar med høg etterspurnad i arbeidsmarknaden. Dei legg til grunn at kapasiteten vert halden oppe særskilt innan, helse- og sosialfag, teknologi og lærarutdanning.

Dette inneber at institusjonane er låst i å gjera prioriteringar. Er vi bundne og låst – eller skal me gjera større omleggingar av fagmiljøa våre meir i takt med rekrutteringa av studentar? Dette er reelle dilemma. Her må Kunnskapsdepartementet gi tydelege signal.

Me forventar at profesjonsmeldinga går inn og ser på tiltak der studentrekruttering ikkje samsvarar med utdanningskapasitet. Korleis sikrar eit tilfredsstillande samsvar mellom  ungdommen sine utdanningsval og samfunnet sitt kompetansebehov? Dette er avgjerande for å oppretthalda kapasitet og utvikla studietilbod som sikrar utvikling i heile landet. Å omfordela studieplassar frå mindre stader til dei store byane der rekrutteringa kan vera god, eller å tildela enda fleire studieplassar til dei sentrale områda, vil tappa distrikta for søkjarar og på sikt arbeidstakarar. Å flytta studieplassar mellom institusjonar er og ein krevjande veg å gå.

Denne våren treng me mest av alt ei melding kor dei forskingsbaserte profesjonsutdanningane får eit løft. Det må knytast på finansiering og insentiv. Utdanningane må fullfinansierast i tråd med reformar. Kvalitet med utdanning og praksis kostar, og det nye finansieringssystemet har ikkje tatt dette innover seg. Høgare satsar for studiepoengsproduksjon gjeld berre frå 2025. Med samfunnsberande utdanningar som sjukepleie og lærarutdanning i motvind, vil det svekka økonomien ytterlegare. Meldinga må halda fram ein strategi for ekstra finansiering av fleircampusinstitusjonar når det er eit mål å ha profesjonsutdanningar i heile landet.

I sum må meldinga gi grunnlag for å arbeida langsiktig med føreseielege rammer. Gjennom profesjonsmeldinga kan regjeringa si tillitsreform iverksetjast og finansieringssystem ringast inn på klokt vis. Ei profesjonsmelding som blir kostnadsdrivande og svekkar samfunnsmandatet til universitet og høgskular med utdannings- og forskingsverksemd på geografisk spreidde studiestadar, er uheldig.

Kronikken vart fyrst publisert i Khrono 26.02.24

VINST-alliansen

VINST-alliansen er eit samarbeid mellom Nord universitet, Høgskulen på Vestlandet, Høgskolen i Innlandet og Universitetet i Søraust-Noreg.

Alliansepartnarane har til saman ansvar for forsking og høgare utdanning ved 27 ulike og geografisk spreidde studiestader, og har nær 70 000 studentar.