Ho gir oss gåsehud i The Voice, og nyt studielivet ved Nord

Fire studenter foran universitet. Foto

Nettverk og venskap: Liv-Margrethe Muren Ulvund (nummer to frå venstre) stortrivst ved Nord universitet. Her er ho saman med medstudentane Vilde Svenning Håland, Adrian Vikan og Bendik Pedersen. Foto: Bjørnar Leknes. 

Ho gir oss gåsehud i The Voice, og nyt studielivet ved Nord
– Den faglege kvaliteten her ved Nord universitet har overraska meg positivt, seier Liv-Margrethe. I sesongens fyrste sending av The Voice på TV2, imponerte ho stort.

Sjå det for deg: Du skal opptre live på tv for fyrste gong i ditt liv. Du har berre nokre få minutt på deg til å imponere eit kresent dommarpanel. Dommarane får ikkje sjå deg. Dei skal berre høyre songstemma di. Du må difor halde nervane i sjakk, som om ikkje det var vanskeleg nok i utgangspunktet. Snur dei seg, får du jobbe med nokre av dei beste i bransjen. Snur dei seg ikkje, er det rett heim og tilbake til kvardagen igjen.

Så; etter eit knapt minutt skjer det. Alle fire dommarane får gåsehud av hennar framføring av låta "Voksesmerter" av Trygve Skaug. Og alle fire snur seg på likt.

– Det var ein vill følelse. Då kunne eg senke skuldrene og berre kose meg, seier Liv-Margrethe Muren Ulvund med eit smil.

Stemma frå Sunnmøre: Liv-Margrethe fekk alle fire dommarane i The Voice til å snu seg på likt. No lever songen hennar sit eiget liv på Spotify. – Eg har faktisk ikkje sjekka det sjølv, men ei venninne sa nyleg at den hadde over 40 000 streams, seier ho. Foto: TV2 / Thomas Andersen.

Sunnmøring med beina godt planta på jorda

Ein pangstart på året, med andre ord. Gratulasjonane og godorda har sidan strøyma på, og talet på streams skyt i veret. Etter berre eit par veker hadde songen hennar vorte spela over 40 000 gongar på Spotify.

Men tru ikkje at suksessen går ho til hovudet. 25-åringen frå Gjerdsvika i Møre og Romsdal er akkurat den same rolege og audmjuke jenta som før. Sjølv om merksemda er stor, ynskjer ho å halde beina planta på jorda.

– Eg vaks jo opp på ein gard utmed havet på søre Sunnmøre, veit du.

Til vanleg bur ho i Bergen, kor ho jobbar som lærarvikar. Men ei og anna veke, som no, er ho i Levanger på studiesamling.

Når vi møter ho i kantina ved Nord universitet i Levanger, er ho nett ferdig med dagens førelesingar. I «Studio Bringsen» fekk ho og medstudentane praktiske leksjonar av Gary Bromham om miksing av musikk med DAW og programvara Logic. Bromham er både forskar, artist og musikkprodusent, og har samarbeidd med ei rekke store namn i musikkbransjen.

– Det var veldig lærerikt. Eg skulle veldig gjerne kunne meir om dette, seier Liv-Margrethe, eller «Livi» som mange kallar ho.

Studenter i musikkstudio sammen med teknisk produsent. Foto
Skyhøgt nivå: I Nord sitt eiget lydstudio får Liv-Margrethe og hennar medstudentar ein leksjon i miksing. Gjesteførelesar er Gary Bromham frå England. Han er både artist, komponist, mikseteknikar, musikkprodusent og forskar, og har mellom anna samarbeidd med popstjerner som Sheryl Crow og George Michael. Foto: Bjørnar Leknes.

Imponert over den faglege kvaliteten hos faglærarane

I fjor haust byrja ho på masterutdanninga i musikk- og ensemble-leiing her. Ho kjende ikkje til denne utdanninga frå før, men vart nysgjerrig då ein tidlegare medstudent byrja her. Ho var ikkje aleine om få auga opp for dette tilbodet, for med eitt var dei fire vener som søkte og reiste nordover ilag.

– Det var fint. Samtidig er miljøet her veldig lett å kome inn i, og det er så mange kjekke folk her, seier ho.

Og ho skryt. Ho skryt både av universitetet, av studiemiljøet, av utdanninga og av fagmiljøet.

– Her har vi alt vi treng, med både bibliotek og bokhandel på campus. Det er godt utval i kantina og det er korte avstandar til alt. Eg liker også at vi ikkje er så mange i klassen. Det gjer det lettare å bli godt kjent med alle.

«Den vakraste campus aust for California»

Studiestaden i Levanger er populært vorte kalla "den vakraste campus aust for California". Det er lett å forstå, her den ligg idyllisk til ved den vakre Trondheimsfjorden, omkransa av både sandstrand, kjærleiks-sti og ein praktfull park. Og kun eit steinkast unna finn du både studentbustad, idrettshall, treningssenter, butikkar og toghaldeplass. Vil du besøke sjølve sentrum i trehusbyen Levanger, kan du rusle dit på få minutt.

Men det Liv-Margrethe set aller høgast er altså den faglege kvaliteten ved Nord.

– Ja, den kjem øvst på lista mi. Her får du veldig god oppfølging. Faglærarar og emneansvarlege er veldig tilgjengelege. Du blir så godt ivaretatt, og du kan spørje om det du vil når du vil.

Dei er gode pedagogar og utøvarar. Det er ein kvalitet eg har lagt ekstra merke til.

Liv-Margrethe Muren Ulvund, Nord-student

– Mange av faglærarane her er dessutan musikarar sjølve. Det er ikkje alltid at slike lærarar i tillegg er utdanna pedagogar, men det er dei her. Dei er gode pedagogar og utøvarar. Det er ein kvalitet eg har lagt ekstra merke til, seier Liv-Margrethe.

Kvinnelig student ute foran universitetsbygg. Foto
I rampelyset: – Det er mange som dultar litt borti meg og seier at dei såg meg på tv. Men det er ingen som gjer ei stor greie av det, og det er eg glad for. Eg gjer det jo ikkje for å få masse merksemd, men for å promotere meg sjølv som musikar. Det er likevel stas at folk gratulerer meg, seier Liv-Margrethe Muren Ulvund. Foto: Bjørnar Leknes.

Draumen er å bli musikklærar – og litt artist

– Men kva er eigentleg draumen din? Er det å bli lærar, eller vil du aller helst bli artist?

– Altså; eg drøymer ikkje om å bli stjerne. Men det hadde vore kjempegøy å kunne fått moglegheit til å opptre litt og ha det litt gøy, medan ein framleis er ung. Men eit liv som popstjerne hadde ikkje passa meg. Eg er for glad i kvardagen til det.

– Hovudtanken min har likevel alltid vore å bli musikklærar i vidaregåande skule. Eg hadde ein songlærarjobb i kulturskulen i fjor, og trivst veldig godt med det. Så eg vil veldig gjerne kombinere det med å undervise i klasserommet, seier 25-åringen.

Neste kapittel i The Voice finn stad i mars. Då blir det duell. Det vil seie: duellen har allereie vore, og er ferdig innspela. Men korleis det gjekk, kan ho sjølvklart ikkje seie noko om. Det er ein løyndom mellom ho og TV2.

Men som masterstudent ved Nord går ho uansett vidare. Vart du også nysgjerrig på master i musikk- og ensemble-leiing, kan du lese meir om utdanninga på nord.no

Høgdepunktet i veka: Kvar fredag arrangerer musikkstudentane ved Nord universitet lunsjkonsert for alle som vil og kan kome. Her framfører Liv-Margrethe og hennar medstudentar låta "Jackie Onassis". Video: Bjørnar Leknes.

Musikk- og ensembleleiing

Studiet kombinerar samspel, leiing, didaktikk og teoretisk refleksjon i eit aktivt musikkmiljø. 

  • Oppstart: Haust 2024
  • Studiepoeng: 120
  • Søknadsfrist: 15. april 2024

Meir om studiet:

Musikk- og ensembleledelse (nord.no)

Kontaktperson