Kva veit vi om den lokale samiske historia?

To menn ved et skilt i en skog. Foto

Frå Kvilbekken i Sul. Åke Jünge (til venstre) og Jan Persson har i mange år gjort eit stort arbeid i med å dokumentere samiske kulturminne. Persson vaks opp i gamma ved Kvilbekken på 60-talet. Foto: Asbjørn Kolberg.

Kva veit vi om den lokale samiske historia?
KRONIKK: Forbøndene frå Jamtland er mykje omtalt i samband med den tusenårige marsimartnan, men få veit at samane òg har vore faste deltakarar frå gamalt av.

Forbøndene frå Jamtland drog «te marsnesen på Levång». Samane sa det nok kanskje slik på sitt språk: «sjaltan Levangkisnie» (sjaltan = til martnan; Levangkisnie = på Levanger). Den førstnemnde gruppa er mykje omtalt i samband med den 1000-årige marsimartnan, men få veit at samane òg har vore faste deltakarar frå gamalt av. Det er ikkje så rart, fram til nyleg er samane knapt nok nemnde i martnashistoria.

At marsimartnan var ein viktig møteplass for samane, er godt dokumentert i eldre kjelder. Thomas von Westen, «samanes apostel», skreiv for 300 år sidan at han reiste til Levangers marked for å møte samane. Albert Kjørboe Trapness skriv i sine erindringar frå oppvekst i Levanger på 1850-talet om at samane arrangerte reinkjøring for byborgarane og martnasfolket. Under martnan hadde samane leir på Øra, mellom elva og byen, der jernbaneområdet er i dag.

Ei særleg interessant kjelde er skotten Samuel Laings «Dagbok frå eit opphald i Norge i åra 1834–1836» (norsk utgåve 1997 v/Kåre Snekkvik). Det første året bur Laing på Brusve og fortel m.a. om samefamiliane som kjem på ski med pulk nedover Jamtvegen, med varer som skal seljast på martnan.  Den siste tida leigde han garden Midt-Grunnan i Verdal, og skildrar samane som passerer på veg til og frå Verdalsøra. Når han kjøper ein rein som blir slakta på tunet, er han imponert over handlaget. Han meiner skotske slaktarar har mykje å lære av samane, ikkje minst når det gjeld hygiene.

Han skriv òg om korleis dei lokale tenestefolka reagerte negativt da han inviterte samane inn til måltid. Det var tydelegvis noko ein ikkje gjorde. Samane var ‘dei andre’. Framleis lever dessverre slike haldningar vidare i form av negativ merksemd og hets, til dømes i kommentarfelt og sosiale medium. Dette er ei arvesynd hos majoritetsfolket i Norden. Det understrekar kor viktig det er at vi i barnehage, skole og lærarutdanning tar læreplanverket på alvor. Her blir det slått fast at det samiske er ein del av vår felles kulturarv, og at alle i barnehage, skole og lærarutdanning skal bli kjende med samisk kultur og historie.

Framleis lever dessverre slike haldningar vidare i form av negativ merksemd og hets, til dømes i kommentarfelt og sosiale medium. Dette er ei arvesynd hos majoritetsfolket i Norden.

Asbjørn Kolberg

For oss som bur sentralt i sørsamisk del av Saepmie, er det naturleg å begynne i nærmiljøet. Mange veit at det første samiske landsmøtet opna i Trondheim den 6. februar 1917, og at dei to sentrale personane ved møtet var Elsa Laula Renberg og Daniel Mortenson. Færre veit kanskje at Mortenson vart født i ein gåetie (gamme) ved Risvatnet i Verdal i 1860 og døypt i Vuku-kyrkja.  Rundt 1900 dreiv han og familien med rein i Gaskelaanten sïjte (Færen reinbeitedistrikt), før han etablerte seg i Svahken sïjte, sør for Røros. Her vart han ein viktig samepolitisk organisator og gav ut avisa Waren Sardne frå 1910 fram til han døydde i 1924.

Gaskelaanten sïjte omfattar store delar av Verdal, Levanger, Meråker og Stjørdal. Når vi dreg på fjelltur i nærområdet, bevegar vi oss altså i eit sørsamisk kulturlandskap med spor etter gammetufter, samleplassar for rein og andre kulturminne. Ved Kvilbekken og Brenntjønnin i Sul er det sett opp informasjonstavler som fortel om reindrifta og gammene i området. Den siste gamma var faktisk heilårsbustad fram til 1976.

Levanger lærarhøgskole fekk i 1987 det nasjonale ansvaret for sørsamisk språk og kultur i høgare utdanning. Dette ansvaret er ført vidare i Nord universitet. Gamma som vart sett opp på Røstad i 2018 av John Kristian Jåma frå Fovsen-Njaarke sïjte, Fosen reinbeitedistrikt, er eit synleg uttrykk for Nords samfunnsansvar. Det inneber mellom anna sørsamisk lærarutdanning og formidling av samisk språk og kultur. Bymuseet samarbeider med Nord universitet og Levanger kommune gjennom den kulturelle skolesekken (DKS). Når vi fortel skoleelevane om trehusbyen og martnan, gjer vi eit poeng av at hit kom folk frå fjern og nær, bønder, fiskarar, kjøpmenn og samar.

I 2017, jubileumsåret for 1917-landsmøtet i Trondheim/Tråante, var det ei tydeleg samisk markering også på martnan. På nettsida til Levanger kommune står det no at samane alltid var på plass på førjulsmartnan og marsimartnan for å selje reinkjøtt, husflid og andre varer. I desember 2022 vedtok kommunestyret at Levangke er offisielt sørsamisk namn på byen vår, og den 16. februar i år vart kommunenamnet godkjent av Kongen i statsråd: Levangken tjïelte.