Låg sosioøkonomisk status aukar risikoen for blodforgifting

Pasient med blodoverføring
Låg sosioøkonomisk status aukar risikoen for blodforgifting
Låg inntekt, kort utdanning og økonomiske vanskar aukar risikoen for blodforgifting, viser ein ny studie.

Forskarar ved Nord universitet, NTNU, Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og Helse Nord-Trøndelag har i samarbeid funne ut at det er ein samanheng mellom låg sosioøkonomisk status og risiko for å bli råka av sepsis (blodforgifting) og for å døy av det.

Sepsis er ein immunrespons som kan oppstå som resultat av kva som helst infeksjon og føre til livstrugande skadar på vev og organsvikt. Blant folk over 18 år er det estimert å vere om lag 15 000 tilfelle av sepsis kvart år. Til samanlikning var det 13 000 tilfelle av hjarteinfarkt i 2018.

Forskarane har vurdert om risikoen for denne tilstanden og for å døy av ho, har samanheng med utdanningsnivå, yrkesklasse eller økonomiske problem, også kjent som sosioøkonomisk status.

Solid datagrunnlag

Studien viser at dei som skårar lågt på desse sosioøkonomiske kategoriane, har ein auka risiko for sepsis på mellom 40 og 70 prosent.

Forskarane har innhenta opplysningar om utdanning, yrke og økonomiske problem hos i alt 116 517 personar frå Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT), gjennomført i Noreg i 1995-1997 og 2006-2008.

Dei har deretter kopla desse opplysningane med sjukehusjournalar frå Nord-Trøndelag sitt helseføretak. På denne måten har dei funne samanhengar mellom dei tre sosioøkonomiske kategoriane og risikoen for å få sepsis og dø av sepsisrelaterte hendingar.

– For å identifisere samanhengar mellom risiko for sepsis og død som følgje av sepsis, delte vi deltakarane inn i ulike kategoriar basert på sosioøkonomi, seier førsteamanuensis, fag- og forskingssjukepleiar Lise Tuset Gustad ved Nord universitet.

Har forska på sepsis: Førsteamanuensis Lise Tuset Gustad. Foto: Lasse Berre.

– Opplysningar om utdanning, yrke og økonomiske vanskar er besvart gjennom definerte spørsmål i spørjeskjema. Då fann vi tydelege samanhengar, der dei med lågast sosioøkonomi har høgare risiko for sepsis enn dei med høgast sosioøkonomi, seier Tuset Gustad.

Livsstil kan forklare mykje

Lågast utdanning er klassifisert som berre grunnskule, medan høgast utdanning er dei som har meir enn fire års universitetsutdanning. Heile 80 prosent av den auka risikoen for sepsis blant dei med låg utdanning ser ut til å kunne bli forklart av livsstilsrelaterte faktorar, som til dømes alkoholbruk og røyking.

Sosioøkonomi basert på yrke er delt inn i sju grupper, der sjølvstendig næringsdrivande er definert høgast på skalaen, medan ufaglærte i manuelle yrke er lågast.

Økonomiske vanskar handlar om mottak av sosiale ytingar, som til dømes sjukepengar, rehabiliteringspengar, omskoleringsstøtte og uførepensjon. Deltakarane vart også spurt kor ofte dei hadde hatt betalingsproblem, til dømes knytt til mat, transport og bustad.

– Resultata tyder på at mykje av samanhengen mellom utdanning og risiko for sepsis kan bli forklart av skilnader i livsstil. Det er difor mogleg å førebygge sepsis både gjennom samfunnsmessige og individbaserte tiltak, seier Tuset Gustad.

Forsking viser at levekår og livsomstende har stor betydning for livsstil, og det viktigaste tiltaket vil vere å jamne ut sosiale skilnader i samfunnet, avsluttar Tuset Gustad.

Les meir om studien sepsis og sosioøkonomisk status

Studien om sepsis og sosioøkonomisk status er eit samarbeid mellom ei rekkje forskarar og fagfolk: 

  • Lise Tuset Gustad, Nord universitet
  • Vilde Hatlevoll Stensrud, Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU
  • Tom Ivar Lund Nilsen, Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU
  • Steinar Krogstad, Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU, HUNT forskningssenter. 
  • Jan Kristian Damås, Institutt for klinisk og molekylær medisin ved NTNU. Avdeling for infeksjonsmedisin St. Olav, Midt-Norsk senter for sepsisforsking
  • Erik Solligård, tilknytta Midt-Norsk senter for sepsisforsking, Avdeling for forsking og utvikling, Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson