Nytt og fleksibelt tilbod for grunnskulelærarutdanning i Bodø hausten 2024

Lærer sitter på huk mellom to barneskoleelever i klasserom som har hver sin laptop på pulten

Fleksibelt tilbod: Det nye tilbodet betyr at studentar som ønsker å følgje undervisning på campus i Bodø, delta i fysiske kollokviegrupper og seminar saman med andre medstudentar, no kan gjere det. Foto: Nadia Norskott.

Nytt og fleksibelt tilbod for grunnskulelærarutdanning i Bodø hausten 2024
Hausten 2024 tilbyr Nord universitet eit fleksibelt tilbod innanfor grunnskulelærarutdanning i Bodø.

Dette betyr at studentane sjølve kan velje kva form dei vil ha undervisninga i. Det gjeld uavhengig av om dei vel å ta master grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10.

Eit tilbod tilpassa både dei unge og dei vaksne studentane

For studentar som ønsker å følgje undervisning på campus i Bodø, delta i fysiske kollokviegrupper og seminar saman med andre medstudentar, betyr det nye tilbodet at kan dei velje å gjere det.

For studentar som er etablerte og ikkje kan vere i Bodø dagleg, kan dei velje nett- og samlingsbasert undervisning.

– Å legge til rette for at flest mogleg kan ta grunnskulelærarutdanning er viktig for oss. Det er stort behov for lærarar i kommunane rundt oss, seier Rose Martin, dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet.

Det faglege innhaldet er det same, uavhengig av kva form studentane vel å få undervisning i.

Kvinne og mann, mann bakerst, bildet tatt inne i foaje
Viktig tilrettelegging: Frå venstre dekan Rose Martin og direktør Olav Frigaard ved Fakultet for lærerutdanning, kunst og kulturfag. Foto: Nina Kjeøy / Nord universitet.

Har erfaring med modellen i Bodø

Det blir felles undervisning for begge målgruppene, både campusstudentane og dei nett- og samlingsbaserte studentane, under dei fysiske samlingane i Bodø. I tillegg blir det noko felles nettundervisning.

– Vi veit at dei yngste studentane ønsker eit studiemiljø på campus. Dei ønsker å få studievener, få undervisninga si av ein faglærar på campus og delta i sosiale aktivitetar. Med denne fleksible modellen får dei høve til det, seier Martin, som håpar å sjå mange grunnskulelærarstudentar til hausten i Bodø.

Rektor Hanne Solheim Hansen er nøgd med at Nord universitet kan tilby ei utdanning som passar for fleire målgrupper av studentar hausten 2024. Nord universitet har erfaring frå tidlegare med å tilby denne fleksible modellen i Bodø.

Oppvekstsjef ønsker tilbodet velkomen

Fakultetsdirektør Olav Frigaard opplyser at Nord universitet samarbeider med kommunar i Nordland og Trøndelag for å rekruttere til grunnskulelærarutdanningar og barnehagelærarutdanningar. Gjennom satsinga LæreriNord, jobbar både universitetet og kommunane direkte opp mot potensielle søkarar for å auke rekrutteringa.

– Vi treng at fleire studentar og innbyggjarar i kommunane rundt oss, vel å ta ei lærarutdanning. Og kommunane treng at våre studentar søker seg jobb hos dei, seier Frigaard. Skular og barnehagar er hjørnesteinane i lokalsamfunna, og eit fleksibelt tilbod svarer opp noko av behovet kommunane har.

Oppvekstsjef i Hadsel kommune i Vesterålen, Line Jeanette Pedersen, er ein av dei som er glad for at det no blir eit fleksibelt tilbod i Bodø hausten 2024.

– For oss i Hadsel er det kjempeviktig at vi har ei lærarutdanning i Bodø, som passar både for 19-åringen og for dei vaksne studentane som alt bur i nærområdet vårt, seier Line Jeanette Pedersen.

Fakta:

Styret ved Nord universitet vedtok hausten 2023 at talet på tilbod innanfor grunnskulelærarutdanning i Bodø skulle reduserast frå tre til to. Bakgrunnen for vedtaket var synkande studenttal.

  • Rekrutteringssatsinga LæreriNord viser at det er behov for utdanningar som fangar opp både unge studentar som ønsker undervisning på campus og vaksne studentar som er busette i distrikta og ikkje kan reise inn til Bodø dagleg.
  • Den fleksible utdanningsmodellen tilbys i Bodø hausten 2024. Den blir lyst ut som nett- og samlingsbasert utdanning, men det vil gå tydeleg fram at det er moglegheiter for å følgje undervisning på campus for studentar som ønsker det.
Kontaktperson