Skal vi køyre utslippsfritt, må staten tilby ein gulrotåker

Elbiler i Roma (Shutterstck-illustrasjonsbilde)

El-levill skilnad: I Noreg hadde elektriske bilar ein marknadsandel på 86 prosent i 2021. Tilsvarande tal i Italia var på 4,6 prosent. Foto: Shutterstock.

Skal vi køyre utslippsfritt, må staten tilby ein gulrotåker
At det var mange fordelar ved å køyre elektrisk i starten, sette fortgang i utviklinga i Noreg. Men kva skal til for at Italia og andre land skal kome etter?

Ny forsking viser at det ikkje er nok med berre ei gulrot om vi skal få alle over på grønt. I ein nyleg publisert artikkel har forskarar frå Nord universitet i samarbeid med italienske forskarar, analysert kva som ligg til grunn for val av bil i Noreg og Italia.

Artikkelen er fagfellevurdert og publisert i Research in Transportation Business & Management.

Denne studien gir verdifull innsikt i korleis økonomiske verkemiddel påverkar val av køyretøy.

Terje Mathisen, forskar ved Nord universitet

Representerer ytterpunkta

Dette er to land som ligg på kvar si side av skalaen når det gjeld bruk av elbilar. Medan elektriske bilar hadde ein marknadsandel på 86 prosent i Noreg i 2021, var tilsvarande tal 4 prosent i Italia.

Målet med studien var å finne samanhengar som viser i kor stor grad ulike politiske verkemiddel verkar inn på om vi vel å køyre utslippsfritt eller ikkje.

Det viser seg at haldningar og erfaringar er viktige, men at insentiva som ligg i politiske verkemiddel har nesten alt å seie.

To kvinner til venstre og to menn til høyre som står i en gang og ser ned i kamera
Internasjonalt samarbeid: University of Trieste i Italia er Nord universitet sin samarbeidspartnar i forskingsprosjektet. Mariangela Scorrano (til venstre) frå Trieste besøkte nyleg Nord universitet i Stjørdal. Her er ho saman med Terje Mathisen, Özlem Simsekoglu og Giuseppe Marinelli. Foto: privat.

Pris, drivstoff og køyreavstand

Studien ser på alle typar bilar. Den fokuserer på tre hovudpreferansar: bilens utsalspris, drivstoff/energikostnadar og køyreavstand.

Kort sagt konkluderer studien med at den enorme forskjellen mellom dei to landa, når det gjeld talet på elektriske bilar på vegane, i hovudsak skuldast bilpolitikk.

Forskjellen er så stor, at forskarane meiner det må politiske endringar til for at Italia og andre land skal følgje etter og gå over til meir miljøvenleg teknologi.

To menn og en dame inne i konferansesal
Norsk-italiensk prosjekt: Sommaren 2023 arrangerte University of Trieste ein konferanse der Terje Mathisen frå Nord universitet (t.v.) var til stades. På bilete ser vi dei italienske samarbeidspartnarane i elbil-prosjektet, Mariangela Scorrano og Romeo Danieles. Foto: privat.

Økonomi veg tungt

I Noreg hadde elektriske bilar ein marknadsandel på 86 prosent da talmaterialet i undersøkinga vart henta inn i 2021. Det tilsvarande talet i Italia var på 4,6 prosent.

I dag er marknadsdelen på nye elektriske bilar i Noreg tilnærma 100 prosent.

– Det er ingen tvil om at Noreg er det leiande landet i verda når det gjeld andelen av førarar som har valt å ta i bruk elbilar.

– Samanlikna med andre land gir dette spanande moglegheiter for å undersøk haldningane til eigarar med brukserfaring, og ikkje berre intensjonar, seier forskar Terje Mathisen ved Handelshøgskolen, Nord universitet.

Han meiner at undersøkinga tydeleg understrekar viktigheita av vidare forsking og politikkutvikling. Dette for å fremje overgangen til lågutsleppsmobilitet, for på den måten å redusere klimagassutslepp frå transportsektoren.

– Denne studien gir verdifull innsikt i korleis økonomiske verkemiddel, som skattelette, lade-infrastruktur, gratis parkering, bruk av kollektivfelt og kulturelle normar, heng saman og påverkar val av køyretøy.

Referanse:

Studien “Car choice determinants in Italy and Norway: A comparison based on revealed and stated choices” vart nyleg publisert i Research in Transportation Business & Management.

Forskarstaben frå Nord universitet bestod av Terje Andreas Mathisen, Özlem Simsekoglu og Giuseppe Marinelli. Frå italienske University of Trieste deltok forskarane Mariangela Scorrano og Romeo Danielis.